Imperietenking i USA

Sitat fra Thomas P M Barnett

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


"Let me tell you why military engagement with Saddam Hussein's regime in Baghdad
is not only necessary and inevitable, but good."

- Krigen mot Irak er lekk i ein plan for å rekolonisera Midtausten og auka amerikansk dominans i heile verda. Nei, det er ikkje ein galen venstreekstremist som seier det, men professor Thomas P M Barnett ved Marinekrigshøgskulen i USA. I artikkelen Pentagons nye kart skriv han:

"Når USA endeleg går til krig igjen i Persiagolfen, vil det ikkje berre vera å gjera opp for sist eller berre ei tvungen avvæpning av ulovlege våpen eller eit sidespor i kampen mot terror. Den neste krigen vår i Golfen vil vera eit historisk vendepunkt - augneblinken då Washington DC tar reelt eigarskap til strategisk tryggleik i globaliseringstidsalderen. Derfor har det offentlege ordskiftet om denne krigen vore så viktig: det har tvunge amerikanarar til å forhalda seg til nemningar som eg trur vert det nye tryggingparadigmet i denne tida, nemleg at fråkopling er farleg.

Bandittregimet til Saddam Hussein er farleg fråkopla frå den globaliserande verda, frå reglane, normene og alle banda som knyter land saman i gjensidig avhengigheit. (…)

Syn meg stader der globaliseringa er spekka med nettverkstilkoplingar, finanstransaksjonar, liberale medier og kollektiv trygging, og eg skal syna deg regionar med stabile regjeringar, aukande levestandard og fl eire sjølvmord enn mord. Desse delane av verda kallar eg Den fungerande kjerna - eller berre Kjerna.

Syn meg i staden stader globaliseringa er veik eller ikkje i det heile teke, og eg vil syna deg regionar plaga med politisk undertrykkjande regime, utbreidd fattigdom og sjukdom, jamlege massemord, og - viktigast - kroniske konfliktar som føder den neste generasjonen globale terroristar. Desse delane av verda kallar eg Den ikkje-integrerte sprekken - eller berre Sprekken (...)

Det er alltid mogleg å ramla av denne vogna me kallar globalisering. Og når du gjer det, vil det fylgja blodbad. Om du er heldig, vil amerikanske troppar óg fylgja. (...)

Syn meg ein del av verda som er trygg og fredeleg, og eg skal syna deg sterke eller veksande band mellom det lokale militæret og militæret til USA. Syn meg regionar der storkrig er utenkjeleg, og eg skal syna deg permanente USA-militærbasar og langvarige tryggingsalliansar. Syn meg dei sterkaste investeringsbanda i den globale økonomien og eg skal syna deg to militære okkupasjonar som omdanna Europa og Japan etter den andre verdskrigen."