USA ut av Irak!

Press regjeringa!

Arnljot Ask, internasjonal sekretær i AKP intervjua av Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


USA, med "koalisjonen" sin diltande etter, er no i full gang med å kolonisera Irak. Me tok ein prat med internasjonal sekretær i AKP, Arnljot Ask, dagen etter åtaket på Irak.

No er den varsla krigen mot Irak i full gang. Kva meiner AKP om denne krigen?

- Dei som har makta i USA får no gjennom det dei har jobba for i fleire år, frå lenge før George W. Bush vart president: Nemleg eit USA-venleg styre Bagdad. Krigen har ingenting med masseøydeleggingsvåpen eller kampen mot terror å gjera. Kravet om øydelegging av Iraks masseøydeleggingsvåpen kom fyrst på bordet i mars 1991, som eit påskot til å halda nakketaket på Irak etter at styrkane til Saddam Hussein var kasta ut av Kuwait. Og når det gjeld kampen mot terror, så er det nok slik at denne krigen snarare fremjer terrorisme enn fjernar den.

Folkeretten og Tryggingsrådet

Ville AKP meint noko anna om krigen hadde fått stønad i Tryggingsrådet?

- Nei, det ville jo ikkje ha forandra noko om USA hadde klart å bølla og bestikka medlemene der til å fylgja vilja deira. Grunnlaget for krigen ville ikkje verta endra ved det. Men USA ville sjølvsagt få det lettare med å marknadsføre ugjerninga si.

Jan Petersen meiner det ikkje er sikkert at krigen bryt med folkeretten. Har han rett i det?

- Petersen er jo så lei seg for at Noreg ikkje kan delta, og sluker alt som kjem frå USA og England si hand! Han lever heilt opp til tilnamnet sitt, "puddelen". Han har lese notatet som krigsadvokaten til Blair har utarbeida og lener seg på det. Dette "uhilda"(!) notatet presterer han å kalla ein god "case" for krig! Krigen til USA bryt folkeretten på alle måtar. For det fyrste trugar ikkje Irak USA. Det er heller ikkje eit generelt tryggingstrugsmål som må møtast med internasjonale mottiltak. Og for det tredje, så har det ikkje noko FN-vedtak i ryggen - tvert i mot står eit stort fleirtal i Tryggingsrådet for at våpeninspektørane skulle ha fått halda fram med arbeidet sitt. Når Blair, og sikkert Petersen òg, meiner at krigsresolusjonen frå november 1990 framleis kan nyttast, så er det låttleg. Den var jo mynta på å få Irak ut av Kuwait.

Olja

Er det slik at krigen berre skuldast olje? Nokre på venstresida hevdar det.

- Olja er ein heilt konkret grunn til denne krigen. Ikkje berre olja i Irak, men olje- og gassressursane i heile Midtausten og Sentralasia - akkurat slik råvarer var ein grunn til den klassiske koloniseringa. For å få kontroll med denne olja, så må USA sikra maktposisjonen sin i regionen. Krigen mot Irak er også ein krig, gjennom "stråmann", mot rivalane til USA på verdsarenaen. Usemjene med Frankrike, Tyskland, Russland og Kina dreier seg mykje om dette. Når løva no har kasta seg over byttet, så kjem nok hyenane smygande etter for å få sin del av byttet etter kvart. Slik sett er denne krigen også ein del av den globale rivaliseringa, og USA freistar no etablera eit fundament for langvarig verdsherredøme, før rivalane har ete seg store og sterke nok til å ta opp kampen. Men denne ålmenne årsaka går det ikkje å setja opp mot jakta på olja til Irak. Olja er jo ein heilt sentral faktor i den rådande kapitalistiske produksjonsmåten.

Diktatoren Saddam

Saddam Hussein er ein diktator med mykje blod på hendene. Han vil nekta kurdarane og andre folk sjølvstende. Burde ikkje eit revolusjonært parti som AKP stø forsøket på å kasta honom?

- Ikkje ved å gje USA makta i staden! Me stør kampen til kurdarane for nasjonale, demokratiske, sosiale og kulturelle rettar. Me stør også den patriotiske irakiske opposisjonen, som ikkje lener seg på "hjelp" frå Bush eller andre imperialistar. Kurdarane har bitre røynsler med den såkalla hjelpa frå stormakter og andre regionale makter mot regima i dei landa dei bur i. Diverre ser det ut som om leiingane i KDP og PUK, som er dei sentrale kurdiske organisasjonane i Nord-Irak, likevel lit på at USA-invasjonen kan tena den kurdiske saka. Me lyt vona at dei kjem på andre tankar før det er for seint. Tyrkia er jo mykje viktigare for USA enn kurdarane er.

Oppgåvene framover

Kva vert dei viktigaste oppgåvene for antikrigsrørsla no? Held det med demonstrasjonar? Kva med direkte aksjonar, streikar og så vidare? Kva krav bør me stilla til den norske regjeringa?

- Me må ut vikla allsidige krav og aksjonsformer. Viktigast for oss i Noreg er å leggja press på den norske regjeringa, slik at ho ikkje "glid over" i USA-alliansen ved fyrste høvet. Me har sett at sentrale regjeringsmedlemer har svært sterk USA-abstinens. Og Noreg stør i praksis opp om USA på fleire område, både ved militær assistanse i Tyrkia og Middelhavet og ved å sprøyta kapital inn i USA-økonomien. Me må krevje at dette vert avvikla. Her trengst både punktdemonstrasjonar, til dømes ved Håkonsvern ved utsendinga av dei fire missiltorpedobåtane derfrå rundt 1. april, og meir direkte sivile ulydsaksjonar. Fagrørsla bør fylgja opp den fine politiske streiken 14. mars.

USA ut av Golfen!

Når Noreg skal inn humanitært, må det koplast til kravet om at USA-okkupasjonen må opphøyra. Verda skal ikkje vera med å rydda opp for og etablera USA si rekolonisering i land etter land. Kravet "USA ut av Irak" må reisast allereie no - på same vis som afghanarane reiser parola "USA ut av Afghanistan", filippinarane "USA ut av Filippinane" osb.

For at krava våre til regjeringa skal bli meir enn ord, er det viktig at me held ved like og byggjer ut masserørsla. Kollektive aksjonsformer som demonstrasjonar må brukast slik at me demonstrerer styrke, ikkje slik at me utmattar oss sjølve gjennom mekaniske repetisjonsøvingar. Individretta aksjonar, som ulike former for boikott av varer frå USA, må me også utvikla. Folk må få høve til å syne engasjement, dersom me skal klara å oppretthalda trykket i freds- og antikrigsrørsla.