Regjeringa vil ikkje
kriminalisere kjøp av kvinner

av Marit Kvamme, Kvinnefronten

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


Regjeringa la fram sin handlingsplan mot trafficking den 12. januar. Som venta ynskjer ikkje den norske regjeringa å kriminalisere kjøp av kvinner.

Regjeringa hevdar i planen at menneskehandel er ein alvorleg form for seksualisert vald, og strider mot prinsippet om likeverd mellom kjønna. Regjeringa seier også at sjølve grunnlaget for seksuell utnytting og handel med kvinner og barn ligg i etterspørselen etter seksuelle tenester. Det er marknaden og det økonomiske potensialet her som motiverer menneskehandlarane. Dette er ei analyse vi deler med regjeringa. Berre så synd at justisministeren ikkje vil ta konsekvensen av dette synet og kriminalisere kunden. Å begrense marknaden er likevel ei målsetting i denne planen, men då gjennom informasjons- og diskusjonsopplegg for ungdom, etiske retningslinjer, samfunnsdebatt og å sjå på media sin rolle.

Eit av dei store ankepunkta til hjelpeorganisasjonar som er mot kriminalisering av kjøp har vore at ved kriminalisering vil prostitusjonen gå under jorda og prostituerte vil dermed få det verre. Regjeringa seier no at marknaden alt i dag har endra karakter ved auke i omfanget av innandørsprostitusjon og formidling via mobiltelefon, slik vi har hevda lenge.

Ikkje ulovlege immigrantar

Planen seier at kvinner og born som er transportert til Norge for utnyttelse skal handsamast som valdsofre, ikkje som ulovlege immigrantar. På spørsmålet om opphald i landet er handlingsplanen både svak og uklar. 45 dagars "tenkepause" i Norge er altfor lite. Seks månader til eitt år burde vere eit minimum. Flyktningekonvensjonen skal brukast dersom styresmakter i heimlandet ikkje kan eller vil beskytte den einskilde mot overgrep. Norge skal ikkje legge vekt på kven forfølgjaren er. Derfor kan ofre for menneskehandel ha rett til asyl idet tvangsprostitusjon "under visse omstende" skal reknast som forfølgelse.

Handlingsplanen bør kunne brukast til å stille krav til politikarar - både lokalt og sentralt. Derfor: Les den!