Ny bok om Kurdistan

Til innhaldslista for akp.no nr 2, 2002 ||| Til AKP si heimeside

Aktuelle peikarar:
Forlagsomtalen ||| Lanseringsintervju med Folkvord ||| www.kurdistan.no


Boka Kurdistan - om fortid, folk og framtid som nyleg er lansert, er resultatet av nesten fem års samarbeid mellom forfattar Erling Folkvord og fotograf Veronica Melå. Med 80 sider fargefoto, omfattande bruk av kart og ein tekst som er bryti opp med foto og illustrasjonar, har det vorti ei lett blanding av reiseskildring, oppslagsbok og politisk analyse. Alle bilettekstane er på norsk og kurdisk. Den kurdiske avisa Özgür Politika (Ny politikk) i Tyskland skriv at det ikkje finst ei tilsvarande bok på noko europeisk språk.

Boka er på 380 sider. Prisen er 395 kr, og ho er utgjeve Tapir Akademisk Forlag.