
AKP har starta salet av 1.000 aksjar i Klassekampen. Målsetnaden er å få inn 1 million til partiet, for å styrkja AKP ved gjera eigargrunnlaget til Klassekampen breiare. Etter salet av desse aksjane vil AKP berre eiga 20% av aksjane i Klassekampen. Nedsalet frå AKP har skaffa Klassekampen 13 millionar. Denne gongen skal altså pengane gå til AKP sjølv. AKP vil bruka pengane på ymse organisatoriske tiltak, mellom anna eit litteraturfond på 300 000. I skrivande stund (31. oktober) er det seld 359 aksjar. Kampanjen varer fram til 15. november. Ting aksjar frå a.bell krøllalfa online.no.