Nytt frå utlandet

Til innhaldsoversynet for akp.no nr 1, 2002 ||| Til AKP si heimeside

Aktuelle peikarar:
Internasjonalt utval ||| Internasjonale nyhende


KPML(r) heldt stand

Aktuelle peikarar:
KPML(r) ||| Valoppsummeringa deira ||| Svenske valresultat

Etter svenske valet 15. september er Kommunistiska Partiet, KPML(r), framleis representert i tre kommunar. Dei gjekk frå sju til seks mandat i Karlshamn, frå fire til tre i Gislaved og heldt på sine to i Lysekil. Elles gjekk partiet fram med 500 røyster i Göteborg.


Forsvar Sison!

Aktuelle peikarar:
Sison-sida vår ||| Internasjonal kampanjeside ||| Heimesida til Sison

Den filippinske revolusjonsleiaren Jose Maria Sison er sett opp på terrorlista til EU. Han har vore politisk flyktning i Nederland sidan åttitalet. Denne avgjerda tyder at trygda hans vert teke frå honom, at han ikkje kan arbeida, at bankkontoen hans vert sperra, at husværet hans vert stengd og at han risikerer å verta utlevert til Filippinane eller USA. Solidaritetskomiteen Kalayaan har protestert mot dette overgrepet, som er eit trugsmål mot solidaritetsarbeid og politisk arbeid i heile Europa.


Antikrigsdag

Aktuelle peikarar:
International ANSWER ||| War without end? ... Not in our name

26. oktober er peika ut som internasjonal aksjonsdag mot Irak-krig. Initiativet kjem frå ANSWER i USA. ANSWER har stått bak store antikrigsmønstringar i Washington DC og San Francisco. Rotterdam var fyrst ute i Europa, men andre stader fylgjer på. Antikrigsnettverket i Oslo har også starta mobiliseringa. Det er eit mål å få mange markeringar i Noreg 26. oktober.