Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |
Kjære kameratar!
Det varmer godt å få starte ein småkald 1. mai saman med Sosialistisk kor og Mikael Wiehe. Vi treng oppmuntringa frå tekstane til Wiehe for å få fart i den ryddesjauen som må til for å få vekk dei som sit i Rådhuset og bruker byrådsmakta si til å stjele fra folket.
------
Vi skal både slåss mot urett i Oslo og fortsetje freds- og antikrigsarbeidet. I natt begikk Israel eit nytt massedrap i Palestina. I forgårs fekk vi igjen høyre koss okkupanten i Irak ter seg. Foreldre og ungar i ein by vest for Bagdad demonstrerte for å få tilbake skolen som var gjort til amerikansk soldatkaserne. Okkupanten skaut tilbake. Det var fleire ungar mellom dei 13 drepne.
------
Slik er den andre fasen i den nye, imperialistiske krigen. Som ein talsmann for Bush sa i august: "Vegen til Midtausten går gjennom Bagdad." Ei klar melding om at USA planlegg fleire krigar. Bush kallar det Prosjektet for eit nytt amerikansk århundre.
Det var flott at krigsmotstand tvinga Bondevikregjeringa til å bryte vanen med åpen støtte til kvar einaste amerikanske krig.
Men Bondevik fortsett å støtte krigen økonomisk. 34 norske statsmilliardar som er plassert i amerikanske statsobligasjonar, er direkte smøring av krigsmaskinen.
Det er eit godt teikn at George Bush avlyser Oslo-besøket. Han vil ikkje la folket i Norge vise verda kva vi syns om han, og inviterer heller ein beundrar til koseprat i Washington.
Her er to råd til Bondevik:
Norske soldatar fører i dag bakkekrig saman med okkupasjonshæren i Afghanistan. Forsvarets spesialkommando skal sikre amerikansk fotfeste i Sentralasia. Dagens Næringsliv omtaler FSK som "regjeringens drapsmaskiner". Men forsvarsminister Krohn Devold seier at krigen i Afghanistan er eit "fremskutt forsvar av Norge".
Å snakke sånn er ein hån mot alle som synst det er ei æressak å forsvare sitt eige land mot angrep utafrå.
La oss reise eitt enkelt krav: Norske styrkar ut av Afghanistan, straks.
------
For to år sia fekk Norges Bank ny instruks frå regjeringa Stoltenberg. Det var ein blåkopi frå EU. Mot sterke protestar frå fagrørsla vart låg inflasjon det einaste operative målet for pengepolitikken. Resultatet vart skyhøg rente og kronekurs, industrislakt, utflagging og foreløpig 105.000 som er heilt arbeidslause.
Og i går fortalde Aftenposten at finansminister Foss vil gjere Norges Bank enda meire lik EUs sentralbank i Frankfurt.
Vi må stå på dei krava som vart reist frå Renteaksjonen og fagforeningar over heile landet: Instruksen for Norges Bank skal endrast. Det operative mål for pengepolitikken skal omfatte det som gagnar det norske samfunnet, det vil seie omsynet til innanlands produksjon, valutakursen og høgast muleg sysselsetjing. Renta skal senkast kraftig, under det høge nivået den fortsett har etter gårsdagens endring.
Og vi skal ha tilbake folkevald styring av ein sjølstendig norsk sentralbank.
------
LO i Oslo har i år utfordra partia på venstresida og starta ein prosess for å skape enhet og felles handling i viktige klassespørsmål: Ny politikk for velferd - mot privatisering og mot rå, globalisert kapitalisme.
Dei krava som er sett på topp, er dei krava som betyr mest for kvinner. For det er kvinnene som må betale dobbelt når velferdsstaten blir rivi sund og barnehagane blir redusert til å vere tema i Stortingsforlik som ikkje blir gjennomført andre plassar enn i Dagsrevyen.
RV tar i mot LO-initiativet med takk. Vi ser at høgrekreftene har makta. Dei er som spekkhoggarar og angrip kvar dag det arbeidarklassen har skapt. 6. februar tok dei overtidsvernet i arbeidsmiljølova. Dei vil leggje ut pensjonsrettighetne våre på børs.
I natt kom meldinga om null lønnstilleg i stat og kommune. Enda dårlegare enn i Handel og Kontor der dei som er lågast lønna, dei som er prioritert, har fått usle 203 kroner i månaden.
Felles handling og felles aksjon i arbeidarklassen er heilt nødvendig. Det er einaste medisinen mot den samfunnssjukdommen som rår. Byrådskontora i Rådhuset har i mange år vori fyllt opp med personar som har markedsliberalismen som trusbekjennelse og som drøymer våte drauma om at dei ein dag skal styre eit Oslo som er innlemma i Den europeiske unionen.
Står vi saman, kan vi hindre at dei draumane blir oppfylt.
Og istaden for denslags skal vi byggje ein solidarisk kommune, der også byråkratane skal lærast opp til å sjå på seg sjølve som folket sine tenarar.
Det er langt dit. Men viss vi starter med å stå saman på hovedsakene i dag, er vi på veg.
Viss du er forbanna, men tviler på at fagrørsla kan få til noko som monner, viss du er oppgitt og trur det ikkje nytter å stanse høgrestyret i Rådhus og regjeringsbygg, så har eg ei gladnyhet.
Du hugser vel at byrådet i vinter kunngjorde at dei skulle privatisere Blitz. Dei hadde funni ei endeleg løysing. 21. mars plukka dei i all stillhet ut ein verdig kjøpar. Dei lova å kunngjere alle detaljar i løpet av april. Det skulle bli Høgres, Krfs og Venstres helsing til årets 1. mai.
Men det kom ingen detaljar frå byrådet i går. Da eg minte byrådssekretær Siraj om at fristen var ute, fortalde han at byrådet ikkje er i stand til å kunngjøre noko som helst. Dei krangler innbyrdes.
Den utvalde kjøparen er, ein mellomstor kjeltring som tidlegare har fått hjelp frå byrådet i tvilsam forretningsdrift. Han operer i mange bransjar, frå privat psykiatri via restaurantdrift til å vere hjelpemann i avanserte forsøk på forsikringsfusk. Han er på alle vis ein byrådets mann.
Men no er støtta til Blitz så sterk at byrådspartia har vorti uenige med seg sjøl. Dette er ein viktig delseier i kampen mot byrådets privatiseringspolitikk. Byrådet har køyrd seg fast. Blitz blir. I går kveld trudde byrådssekretæren det går fleire veker før dei har noko å melde
Samtidig har Byrådet større privatisering på gang. Dei vil selje kommunen sine aksjar i Hafslund. Slik skal det bli praktisk umuleg å rekommunalisere straumforsyninga i Oslo. Utanlandske børsaktørar skal bestemme kor stor strømrekning du skal betale neste vinter og for all framtid.
Å stanse salet av straumforsyninga må vere første fellesoppgåve for den nye samarbeids alliansen som LO trekker i gang. La byrådets trøbbel i Blitz-saka vere ei oppmuntring. Ta ansvar og initiativ i di eiga fagforening. La oss byggje så brei motstand nedafrå at byrådet køyrer seg fast ein gong til.
------------
Eg vil runde av med å sitere Mikael Wiehe. Det er ein tekst som gjeld like mykje i forsvaret for arbeidsmiljølova som i kampen for å få erstatta EØS-avtalen med ein handelsavtale. Den gjeld både i lønskampen og i forsvaret av kollektivtrafikken, enhetsskolen og folketrygda. Det handler om at vi skal ta vår eiga, felles styrke på alvor:
Fienden är inte osårbar alls
Fienden är inte heller abstrakt
Fienden är både sårbar och vek
Och fienden är i hög grad konkret
...
Och fienden är i minoritet.
Mikael Wiehe har rett.
Det er vi som er mange. Makteliten i byråd, børs og bissniss er få, svært få. Ein bitteliten, men konkret minoritet. Ein annan verden er muleg.
La oss starte ein skikkeleg folkedugnad for å rydde opp!
La oss gjere slutt på privatiseringspolitikkens kameraderi, kremmarånd og korrupsjon.
La oss feie folkets fiendar vekk frå maktposisjonane dei har i Oslo Rådhus!
La det bli starten på den lange marsjen som til slutt skal gjere det muleg for Oslofolk å overta styringa i eige hus.
Sammen skal vi ta Oslo tilbake!
Ha ein fortsett flott 1. mai!