Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |
Mange palestinavener skil mellom antisionisme og antisemittisme. Grunnleggjande er dette eit riktig skilje, men ikkje uproblematisk. For er eigentleg jødedom og sionisme to ulike ting?
Tilsynelatande er dei det. Jødedomen er ein religion som fekk forma si etter at romarane øydela Jerusalem i år 70, og som byggjer på Tora og Talmud. Han ser fram mot dei messianske tidene Gud skal føra folket sitt tilbake til Sion for å byggja opp att tempelet.
Sionismen er ei politisk retning som oppstod mot slutten av attenhundretalet, og som såg ein jødisk nasjonalstat i Palestina som eit nødvendig steg for jødisk frigjering. Israel skulle bli ein fristad for jødane, der jødane skulle bli som andre folk: Dyrka jorda, leva i trygge samfunn og knytta seg til landskap og historie.
Men sjølv om jødedom og sionisme er ulike, er dei likevel like på ein svært viktig måte. Skal vi sjå korleis, bør vi tenkja litt meir på kva religion eigentleg er.
I Nord-Europa brukar vi same mønster for å forstå religion som presteportrett frå 16- og 1700-tal. På desse portretta ser du andlet med tydelege drag og klårt blikk, ein kvit prestekrage - og under det ein uformeleg, mørk masse som er godt tildekt. Kroppen og dei tankemønstra som pregar kroppen - det Bourdieu kallar habitus - ligg trygt utanfor synsvidde. I Noreg vart lutherdomen statsreligion frå 1530-talet. Men folket? Folket levde midt i ein natur med sterke, av og til trugande makter, naturmakter som òg budde i folk. Bønder og fiskarar sette namn på og personifiserte desse maktene - og trudde på det vernet kross, jarn og jesusnamn kunne gje. Dei tok varsel frå naturen - og rodde ikkje på sjøen om dei kjende på kroppen at noko var gale. Naturangsten var sterk, og naudsynt for å overleva. Religionen var ein del av landskapet folk levde i. I dag har vi berre bleike minne att - dette braut saman då folk flytta ut or dette landskapet og inn i nytida.
Den klassiske jødedomen tok form etter skriftfestinga av Talmud (200-550), og etter at dei jødiske jordbrukssamfunna i Palestina og Babylon hadde brote saman (hundreåra etter Talmud). Jødane vart ein handelskaste, ei etnisk gruppe utan geografisk heimstad. Jødane levde ikkje omgjeve av ein fårleg natur, men av fårlege menneske - goyim. Dei levde etter reinleikskrav som gjorde vanleg sosial omgang med ikkje-jødar umogleg. Dei gifta seg innanfor kasten, og stengde verda ute. Berre dei heilage bøkene var lov å lesa - ja, det var forbode å tenkja utanfor dei råmene religionen sette. Om nokon skulle falla for freistinga, stod dei under rabbinarane si domsmakt. I slike høve nølte ikkje rabbinarane med dødsstraff. Ghettotilværet var altså ikkje berre ei forvising - men òg sjølvpålagt isolasjon, der den fattige jøden var prisgjeve eit svært autoritært system.
Isolasjonen hadde òg andre grunnar. I land som Polen og Russland var jødane eksekutørar for adel, konge og keisar. Dei dreiv inn pengane frå utarma bønder til rett tid. Ordninga hadde ein stor fordel: Den kristne fyrsten trong ikkje oppføra seg ukristeleg mot bøndene. Bonden sitt jødehat spegla seg difor i jøden sitt bondehat: Av alle goyimar, var den utpinte europeiske bonden den han mest hata. Han var fårleg og kunne gjera opprør, og i store bondeopprør var jødane dei første ofra. Jødane var formidlarar av det sosiale og økonomiske trykket i systemet. Den europeiske bonden representerte òg ei livsform som stod det bondelause, jødiske samfunnet uendeleg fjernt. I tillegg såg bonden på jødane si oppgåve som umoralsk og forkasteleg - medan jødane sjølve berre freista gjera så godt dei kunne jobben deira herre og meister sette dei til. Hatet mot goyimane var kopla til same type angst som den norske bonden hadde andsynes naturmaktene, og som Hans E. Kinck er ein meister til å skildra. Dette sat i kroppen. Jødane si frigjering frå det autoritære trykket i ghettoen vart difor ein vanskeleg og komplisert historisk prosess. Og han møtte motstand både frå europeisk jødehat og jødisk tradisjon.
I Europa har vi såleis ei lang og konfliktfyllt historie med jøde/goyimforhold. Ingen slike historier er einsidige: Det er ikkje slik at jødane alltid var dei gode, som vart forfølgd av dei slemme goyimane. Men denne forhistoria gjer at vi har eit ovundring/hatkompleks andsynes det "utvalde folket". Vi har beundra jødiske vismenn, vitskapsmenn og filosofar. For jødane var jo dette meir enn nokon andre. Om du fjerna alle av jødisk opphav frå vestleg idehistorie - frå Jesus og Paulus via Spinoza til Marx og Einstein - stod vi nokså ribba tilbake. Men andre gongar hata ein - sionistar som driv folkemord i Palestina, ivrige tsjekistar i revolusjonens blodige periode i Russland, ågerkarlen som kravde dei siste pengane til ei fattig enka. Det var eit kjærleikslaust tilhøve - anten ein ovundra eller hata. Ein forsøkte ikkje å forstå. Demoniseringa av Sharon og sionismen er berre det siste utslaget av dette. Det er dette ovundring/hatkomplekset vi no er nøydde til å bryta, om vi skal kunna bidra til ei rettferdig løysing på konfliktane i Midt-Austen.
Og skal vi forstå, må vi først forstå at dei teoriane og politiske forståingsformene vi til vanleg brukar, skriv seg frå tida etter europeisk opplysningstid. Desse blir nokså utilstrekkelege andsynes ein etnisk gruppe som har ei tre tusen år gamal og svært omskifteleg historie. Vi må leggja bort standardskjemaene.
For om klassisk jødedom var ein religion - så var det ein svært komplisert religion. Klassisk jødedom var svært skeptisk til proselyttar - dei var som "skabb på Israels hovud". Skulle du leva i og forstå jødedomen, måtte du veksa opp i han, "få han i kroppen". Medan du kan gripa kjernen i kristendomen på eitt vekkjingsmøte, treng du eit heilt liv på å gripa kjernen i jødedomen.
Difor bør ikkje-jødar vera svært forsiktige når det gjeld tolkingar av jødiske doktrinar og skikkar. Ein bør vera skeptisk til framstillingar skrivne av ikkje-jødar. Ikkje berre slike som er skrivne av antisemittar, men òg av apologetar med kristen kulturbakgrunn. Heilt uhandgripeleg er dette likevel ikkje. Karl Marx kjende godt til jødedomen, og hans artikkel om jødespørsmålet er, som vanleg når det gjeld Marx, langt djupare og meir treffande enn ein skulle tru ved første augnekast. Den trotskistiske historikaren Abram Leon skreiv ei god framstilling av jødisk historie før han vart gassa i Auschwitz. I nyare tid har den israelske naturvitskapsmannen Israel Shahak lagt ned eit stort arbeid her, mellom anna den boka om jødisk historie og religion han gav ut tidleg på nittitalet.
Då unge jødar kom ut or det autoritære samfunnet i ghettoen på attenhundretalet, oppdaga dei at dei ikkje var som andre folk. Dei drøymde om å frigjera seg frå dette som var annleis - som dei kalla "diaspora-biletet". Draumen om Palestina, sionismen, var den forma denne draumen fekk. Israel Shamir skildrar i eit essay den eldre kibbuzniken som sit og tygg strå medan han ser på dei thailendske gjestearbeidarane, og fortel korleis sønene studerer i USA. Dette er ei skildring av korleis den positive sionistiske visjonen har lide eit historisk nederlag. Målet til sionistane var å skapa eit nytt folk - at jødane skulle bli som alle andre folk. Dette har vorte ein fiasko. Det er vår enkle plikt å gripa djupna i det tragiske nederlaget til den sionistiske visjonen før vi fordømer sionismen som ideologi.
Det som er att av sionismen har i staden vorte ein ideologi som vekkjer til live mange av dei arkaiske draga i klassisk jødedom. "Transfer" - forvising av det som er att av palestinarar - dreier seg tilsynelatande om å kasta palestinarane ut. Men meir grunnleggjande dreier det seg om å stenga jødane inne. Den evige krigen mot arabarane er eit framhald av ghettoens hat og redsle for massane av "goyimar" utanfor. Den jødiske "habitus" blir tatt vare på - sjølv om den ortodokse læra blir forkasta. Dei nye ideologiane er reiste på den gamle grunnmuren. Israel er i ferd med å bli den største jødiske ghettoen i historia. Men ein mektig ghetto, som fører ein politikk for regional dominans. Og dei gjer berre jobben for sin herre og meister.
Etter at den sionistiske staten vart skipa har den jødiske religionen i stor grad lagt til sides dei messianske forestillingane slik ein finn dei i klassisk jødedom. Ein ser ikkje lenger eksilet som ei gudommeleg straff og oppgåve. I staden får ein ein annan slags messianisme. Det er til ein viss grad dekning for å seia at makt, til sjuande og sist våpenmakt, har tatt Guds plass, slik at sekulær politikk skal fullføra det Gud aldri greidde. Og den internasjonale jødedomen blir såleis dominert av det ein må kalla ei religionserstatning - eller om ein vil bruka det namnet: Ein totalitær ideologi.
Denne totalitære ideologien er viktig å forstå og kritisera. Den sionistiske versjonen av jødane si historie er interessant på same måte som den partihistoria Stalin fekk gjeve ut på tredvetalet. Ho er full av mytar - og mytane fortel si eiga historie som ligg gøymt under orda. Den historia om "antisemittisme" gjennom historia frå kyrkjefedrene til i dag som blir undervist i grunnskulen, er langt på veg mytologisk. Dei idehistoriske røtene til nazistane sitt industrielle folkemord finn du ikkje i Luther sine skrifter mot jødane, men i Amerika, Afrika og Armenia. Og det jødiske establishmentet som forvaltar nordamerikansk "holocausthistorie" er like gode "holocaustfornektarar" som nokon annan: Dei har medvite retusjert sine brør i gasskamra - romafolket - frå sine bandsterke verk, sine filmar og museum (note 1). Den politiske makta som utsletta den jødiske kulturen i Europa var ikkje noko virus eller smittsom sjukdom. Det var ei makt bygd på mytologisert historie, hindring av opne diskusjonar og hat. Dette igjen avdi den tyske frigjeringa aldri vart meir enn halvveges gjennomført, slik A J P Taylor syner i sitt klassiske arbeid. Det er ikkje stovereint å samanlikna - men det er diverre mykje som minnar om dagens Israel. Sjølv om det heldigvis òg er mykje som er ulikt. For palestinarane treng sjølvsagt ikkje vera redde for noko industrielt folkemord. Som for polakkane er det fordrivinga som ventar, etter ein periode som billig arbeidskraftreserve for eit "folketysk" (israelsk) Polen (Palestina). Og det er ingen ting å gråta for - det fins jo mange andre slaviske (arabiske) land å reisa til - kvifor skal dei leggja beslag på gamle tyske (jødiske) område?
I dag er det difor lett å slå over i hat og fortviling - mot sionismen, mot dei israelsk torturistane, mot krigsforbrytaren Sharon. Men fordøming åleine er ikkje noko løysing. Sjølv ikkje fordøming av sionismen og Sharon. Sharon er like mykje valt leiar som Arafat, og dei som trur snikmordaren Barak ville vore noko betre enn krigsforbrytaren Sharon, har forstått for lite av israelsk politikk. I staden må jødisk historie og politikk fram til open diskusjon - frigjort frå den tabuiseringa og mørklegginga som nazismen og sionismen historisk har bidratt gjensidig til. Berre slik kan ein leggja grunnlag for løysingar med betre fundament enn Oslo-avtalane. Å halda fast ved støtte til uendelege tingingar mellom allmektig og avmektig er ein lettvint måte å sleppa unna ansvar i denne situasjonen. Palestinarane må heile tida betala prisen. Noko bidrag til jødisk frigjering er det heller ikkje. Snarare tvert imot.
Note 1: Omgrepet "holocaust" - "brennoffer" om folkemordet under andre verdskrig er svært tvilsamt, og inngår i forestillingar ein gjer klokt i å undersøkja nærare før ein går god for ordet. Når det gjeld medvite historieforfalsking, gjev artikkelen til Ward Churchill ei god innføring. [Tilbake]
Litteratur: