AKP-arkivet

No er det tredje gongen

av Erling Folkvord, stortingskandidat for RV i Oslo

Trykt i Klassekampen 26. mai 2005


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Enkelte overgriparar blir så vane med å slå, at dei ikkje forstår det når nokon endeleg set foten ned og krev at dei skal slutte med fysisk krenking av sambuar eller ektefelle. Dei skjøner ikkje kva dei skal slutte med. Dei gjer da ikkje anna enn det dei brukar gjere når situasjonen i heimen blir litt vanskeleg.

Framfor dagens stortingsvedtak om å demontere folketrygda er det freistande å samanlikne leiarane i H, Ap, Krf, Sp og V med slike overgriparar. Erna Solberg, Jens Stoltenberg, Kjell Magne Bondevik, Åslaug Haga og Lars Sponheim meiner dei kan gjere akkurat kva dei vil, utan å la folket delta i avgjerda gjennom valkamp og val.

Dei har grunn til å vere redde for kva det kan føre til viss folket får seie meininga si før Stortinget behandlar forslaga om å kutte framtidige trygdeutgifter med nesten ein femtedel. Eg har i allfall møtt fleire som ikkje trur på påstanden om at så stort kutt gir meire pensjon til alle.

Stortingsbehandlinga av EØS er ei fersk erfaring som få snakkar om. Ved andre gongs behandling i Stortinget 29. april 1993 vart EØS vedtatt med 119 mot 36 røyster. Det var berre to fleire JA enn Grunnlovas krav om 3/4 fleirtal. Etter valet var det ei ny avstemming i Stortinget 21. oktober 1993. Da vart resultatet 111 mot 40. No mangla det to røyster på 3/4 fleirtal. Viss Gro Harlem Brundtland hadde venta med stortingsvedtaket til etter valet, hadde ikkje EØS-avtala vorti vedtatt, og Norge hadde truleg fått ein handelsavtale med EU slik Sveits har.

Om vi samanliknar trygdereforma med EØS-saka, er det to viktige skilnader: Den eine er at Grunnlova ikkje krev 3/4 fleirtal for å kutte bærebjelkane i folketrygda. Den andre er at Senterpartiet har skifta side.

Men begge sakene handlar om folkesuvereniteten, eitt av hovudprinsippa i Grunnlova. Det vekte forundring hos mange - og sannsynlegvis bekymring hos dei mektige i Europa - da Eidsvoldsforsamlinga i 1814 vedtok § 49 i den nye Grunnlova. Dei bygde på dei opprørske og nyskapande ideane som opplysningsfilosofen Jean J. Rousseau hadde formulert 52 år tidlegare. Grunnlovas § 49 seier at "Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget ..." Dette vart vedtatt av ei mannsforsamling som var innkalla av den danske tronarvingen Christian Fredrik. Ein fjerdepart var militære. 13 var embetsmenn.

Men dei gjorde folkesuvereniteten til ein del av Grunnlova. Dei ga det europeiske utkantlandet Norge ei framtidsretta, revolusjonær grunnlov. Jusprofessor Johs. Andenæs sa at folkesuvereniteten er "selve kjernepunktet i den demokratiske ideologi".

Det trygdeforliket som fem parlamentariske leiarar skreiv under for ei veke sia, går på tvers av dette. Dei fem godtar ikkje at det er folket som utøver den lovgivande makta gjennom Stortinget, slik § 49 i Grunnlova seier.

No skal makteliten på Stortinget vedta det dei synst er nødvendig. Folket skal ikkje ha rett til først å uttale seg om dei største sakene gjennom valkamp og val. Erna Solberg (H), Jens Stoltenberg (A) og Åslaug Haga (Sp) lagar ein konstitusjonell praksis der dei tømmer røysteretten for innhald.

Det som for alvor vart testa ut med stortingskuppet om EØS rett før valkampen i 1993, vart følgt opp med sjukehusreforma i juni 2001. Rett før valkampen 2001 vedtok Stortinget å gjere om sjukehusa til foretak som blir styrt på same vis som aksjeselskap. Ap skapte eit nytt sjikt sjukehusmillionærar, da dei ga private AS rolla som underleverandørarar. H og Frp sikra fleirtal.

Tidlegare statsråd Gudmund Hernes (A) har spissformulert ideologien som ligg bakom denne handlemåten der folket mistar ein grunnlovsfesta rett:

"Noen mener vi må overbevise folk før vi forandrer verden. Vi vil først forandre verden. Deretter vil folk bli overbevist (...) hurtighet i prosessene er nødvendig for at ikke motkreftene skal få overtaket. Skal vi bevege ting, må vi sørge for å holde dem ute av balanse."

Drammens Tidende fortalde at dåverande helseminister Tore Tønne sa omtrent det same da han 4. desember 2000 lanserte "helserevolusjonen" på Buskerud sentralsykehus, eit par veker etter Ap-landsmøtet:

"Lynrask behandling. Fest sikkerhetsbeltene, sa Tønne. Reformen skal tre i kraft fra 1. januar 2002, altså om vel et år - dersom Stortinget sier ja (og det gjør det)."

Gudmund Hernes og Tore Tønne snakka ærleg og åpent om dette. Dei sa ifrå at Ap-leiinga ikkje lenger har plass til dei demokratiske og revolusjonære tankane som Eidsvollsmennene skreiv inn i Grunnlovas § 49. Dei som styrer Norge har altså bryti med folkesuvereniteten. Dei lagar ein konstitusjonell praksis eller skikk og bruk der regjeringa og stortingseliten samarbeider om å få vedtatt dei største og mest prinsippielle sakene på ein slik måte at veljarane ikkje kan påverke utfallet gjennom val.

Det er ikkje nytt at leiarane i Ap og Høgre står for dette. Og ettersom Norge er det einaste landet ved sia av Iran som er styrt av ein prest, skal vi vel ikkje forundrast over Krf. Men Sp-leiar Åslaug Haga har tatt partiet sitt med på fleire politiske sjumilssteg bakover og til høgre. Mange hugsar enno korleis forgjengaren Anne Enger Lahnstein forsvarte folkesuvereniteten på første del av 1990-talet.

Om eit par veker får vi endå eit eksempel. Då skal det noverande Stortinget gjere grunnleggjande endringar i arbeidsmiljølova. Der kjem fleirtalet til å vere litt annsleis. Men den udemokratiske framgangsmåten er den same. Stoltenberg-regjeringa utnemnde både Pensjonskommisjonen og Arbeidslivslovutvalet før valet i 2001. Ingen av sakene var tema i valkampen det året. Og no skal resultatet av utvalsarbeidet vedtakast nokre månader før eit nytt storting blir vald.

Det er på tide å setje foten ned. Ingen bør respektere det vedtaket Stortinget gjer i kveld om demontering av folketrygda. La oss vise Solberg, Stoltenberg og dei andre at vi er mange som ikkje godtar ei ny form for uopplyst fåmannsvelde bygd på tankegods frå 1700-talet.


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside