AKP-arkivet

Retten til "respekt for sitt hjem"

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen er trykt i Klassekampen 24. juli 1999


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Sjøl om det i dag er eit ekstremt standpunkt, så er det framleis mange som meiner det er ein menneskerett å bu i sin eigen heim. Dette var ein gong ei så vanleg oppfatning at Stortinget for 46 år sia vedtok at "enhver har rett til respekt for sitt privatliv, familieliv, sitt hjem og sin korrespondanse."

Framleis står dette trykt i Norges lover. Det er berre å slå opp på side 698 i 1995-utgåva av den tjukke, raude boka. Men titusenvis menneske som anten er huslause eller blir tynt av bankar og bustadhaiar, veit at orda i lovboka ikkje er alvorleg meint.

Den gongen Stortinget vedtok dette, gjorde Staten faktisk ein del for at denne menneskeretten skulle gjelde for arbeidarklassen og:

Husbankrenta var nærmast symbolsk. Nedbetalingstida for eit husbanklån tilsvarte huset si levetid, dvs. lenger enn forventa levetid for låntakaren. Husbyggjing var fritatt for moms. Stortinget la til rette for at Husbanken skulle stå for storparten av bustadfinansiringa. Dermed var det fullt muleg for ein arbeidarfamilie med ein person i lønna arbeid - som regel far - og dermed berre ei inntekt, å låne pengar for å byggje seg sitt eige hus utan på nokon måte å bli ruinert.

Dette vart kalla sosial bustadpolitikk. Det hadde ingenting med sosialhjelp eller sosialpolitikk å gjere. Snarare tvert om. Det skulle vere slike økonomiske vilkår at ein arbeidarfamilie med middels inntekt eller mindre enn det, hadde råd til bu i eit husvere med vanleg standard utan å måtte gå tiggargangen til sosialkontoret.

Det er ingen grunn til å idyllisere dei første 10-15 åra etter verdskrigen. Det var bustadnaud da og. Men det er eit faktum at staten førte ein politikk for finansiering av nye bustader som samsvarte godt med den siterte setninga frå Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Så seint som i 1972 vedtok Stortinget om at buutgiftene for eit nytt, treroms husvere ikkje burde vere meire enn 20 prosent av gjennomsnitts industriarbeidarløn. Da var renter og avdrag og husleige rekna med. Etter dagens lønsnivå skulle det bli noko slikt som 3.500 kroner i utgift kvar månad.

På den såkalla frie marknaden i Oslo kan du no i heldigaste fall få deg ein hybel for den prisen. Det er resultatet, mindre enn 20 år etter at statsminister Gro Harlem Brundtland (Ap) la fram den berykta Boligmeldinga som varsla gravleggjing av den sosiale bustadpolitikken. Året etter tok Kåre Willoch (H) over som statsminister og sette fart på frisleppet. Steg for steg vart alle allmenne og sosiale ordningar avskaffa og marknadskreftene tok over. Bankane og hushaiane fekk alle dei friheter dei kunne ønskje seg. Den tidlegare menneskeretten til å bu vart omgjort til lønsam handelsvare.

Arbeidarpartiet - og fleire enn dei - kopierte det reaksjonære britiske slagordet om "targeting". På norsk vart det heitande at såkalla sosiale støttetiltak skulle vere "målretta". Det kan høyrast positivt, viss ein ikkje veit kva som ligg bakom ordet. I bustadpolitikken betyr det at det ikkje skal leggjast nokon dempar på den frie prisdanninga på korkje hyblar eller leiligheter. Istaden skal sosialkontoret, oftast etter nokså krenkande prosedyrar, gi litt målretta hjelp til dei som til kvar tid blir definert som mest fattige eller mest vanskeligstilte - eller mest verdige.

Den sosiale og solidariske bustadpolitikken for alle, som arbeidarrørsla hadde kjempa fram, vart i løpet av ein knapp generasjon erstatta med krenkande og splittande sosialhjelp til dei verdige.

Om vi ser på handlingane til dei kvinner og menn som styrer Norge, ser vi at dei har lagt det 46 år gamle stortingsvedtaket bak seg. Den siterte setninga frå Den europeiske menneskerettskonvensjonen er i dag nærmest for eit ekstremiststandpunkt å rekne.

På Raud Front-leiren nyleg diskuterte vi kva som bør bli dei første oppgåvene som må løysast etter ein sosialistisk revolusjon i Norge. Vi diskuterte mellom anna kva for varer og tenester som først bør takast ut av marknaden og bli gratis. Skole, helsestell og barnehagar stod høgt på lista hos dei fleste. Dette vil bety store endringar til det betre i livet til folk flest, og det er ikkje vanskeleg å finne metodar for å gjennomføre det. Innføring av ei samfunnsløn istadenfor lån for dei som får høgare utdaning vil f.eks. også ha den fordelen at det slår botnen ut av alle tilnærma anstendige argument for at ein kirurg eller ein advokat skal tene noko heilt anna enn dei klassekameratane frå ungdomsskolen som vart hjelpepleiar eller ein tømrar.

Kva så med bustader? Kva er det som må til for at bustader med ordinær standard skal bli gratis eller tilnærma gratis i eit sosialistisk Norge? Det trengst drastiske inngrep - og noen vil vel kalle det overgrep - mot dei marknadskreftene som i dag let profitørar tene seg rike på andre sine bustader. Men det som trengst er ikkje meire drastisk enn å gjennomføre i praksis ei bustadfinansieringsordning som er littegranne betre enn Stortingsvedtaket frå 1972 om at ein treroms ikkje skulle koste meire enn 20 prosent av industriarbeidarløn.

Erfaringane viser at den moderne kapitalismen ikkje får til å oppfylle menneskerettskonvensjonen på dette området. Etter mitt syn er det eit tungt argument for å setje konkret diskusjon om sosialismen på dagsordenen, særleg i dei delane av fagrørsla som i si tid dreiv fram den sosiale bustadpolitikken.


| Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside