Til Stopp AP-sida


"Stopp AP"-indeksside | AKPs hjemmeside

DNA-leiinga vil privatisere norsk helsevesen

Vedtak frå sentralstyret i AKP

august 2000

Leiinga i DNA vil overføre sjukehusa frå fylkeskommunal til statleg forvaltning. Dette er eit ledd i ein offensiv for å privatisere norsk helsevesen. Tønne er sett på som helseminister for å få fart på denne utviklinga. Kapitaleigarane har behov for å omskape helse- og omsorgssektoren slik at dei kan investere her og skape seg profitt. Mykje røynsle frå andre land viser at slik privatisering leier til eit dyrare og dårlegare helsevesen der folk får yting etter kor rike dei er.

I dag står den fylkeskommunale forvaltninga – med all sin veikskap – som ei hindring mot raskare privatisering av sjukehusa. Fylkespolitikarane har lokal tilknytnad og må stå meir til ansvar for lokalbefolkninga. Det kan difor verte vanskelegare å redusere tilbodet eller legge ned lokalsjukehus om ein held oppe fylkeskommunal eigarskap. Med statleg forvaltning vil ikkje vegen vere lang til delprivatisering (som med Statoil) eller børsnotering (som med Telenor). Da må sjukehusa konkurrere med kvarandre og med utanlandske sjukehus om "kundar" og forteneste.

AKP stør kampen for eit offentleg helsevesen med gode og gratis helsetenester for alle, og oppmodar til lokale aksjonar, til dømes i regi av "For Velferdsstaten".

 

"Stopp AP"-indeksside | AKPs hjemmeside