AKP-arkivet

Disiplin i Rådhuseliten

av Erling Folkvord, gruppeleiar for RV i Oslo bystyre Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen stod i Klassekampen 22. september 2004


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

I dag legg byrådet (H/Frp) fram planene sine for meire marknadsliberalisme og nye velferdskutt i Oslo. Fordi budsjettopplegget 2005 er innpakka i vakre og til dels uforståelege ord, tar det tid før mange får vite at dette betyr endringar i egen kvardag. For eit halvår sia fekk bydelsdirektørane og etatsjefane direktiv frå finansbyråd Andre Støylen om kor mykje kvar av dei kutte i 2005. Lojale direktørar heldt dette hemmeleg for både medarbeidarar og befolkning.

Denne hausten har byrådet i tillegg endra taktikken. Bystyret vedtok 25. august at driftsutgiftene i bydelar og etatar skal kuttast med 200 millionar i løpet av dei fire siste månadene i 2004. Det er så grovt at bydelsutvala nøler. Berre dei direktørane som er tilsett av byrådet, lystrer ordre straks. Bydelsutvala i Alna og Nordstrand vedtok sist veke å utsetje nye kuttvedtak for eldresenter, barnehagar osv. til dei ser budsjettet for 2005. Den nye byrådstaktikken har skapt krisestemning og frustrasjon blant dei systemlojale og organisert forsvarsaksjonar i fleire bydelar før budsjett 2005 er lagt fram. Det siste er nytt.

Kapitalismen er sjuk

Kva er så dei djupare årsakene til så brutal politikk? Tre særtrekk er lett synlege i norsk økonomi:

Ikkje noko av dette skulle gi grunn til å kutte i skole- eller barnevern. Den breie oppslutninga i Stortinget om tyninga av kommunane er uforståeleg viss vi ikkje ser på den langsiktige utviklinga i kapitalismen. Enkelt sagt: Kapitalismen er sjuk, og Stortinget vil berge pasienten.

Ser vi dei siste 50 åra i OECD-landa under eitt, har den økonomiske veksten vorti lågare og lågare. Den langsiktige tendensen er at gjennomsnittleg avkastning frå investert kapital krymper. Sjølv om mange gigantselskap går så det suser, er denne langvarige gjennomsnittstendensen livsfarleg for kapitalistane som klasse og kaptalismen som system.

Eitt av svara frå dei som vil berge kapitalismen, er å "åpne" den store offentlege sektoren for privat bissniss. Viss privat kapital får overta sjukehus, skole, eldreomsorg osv. blir det plass til ny ekspansjon.

Regjeringas eigne tal i revidert nasjonalbudsjett 2004 viser at den norske staten med unntak for eit par år tidleg på 1990-talet, har hatt store overskott dei siste 20 åra. Til samanlikning har statane i EU sett under eitt hatt store underskott i alle desse åra med unntak for år 2000. Likevel har dei norske regjeringane i hovudsak ført den same nyliberale politikken som sosialdemokratane Schrøder og Blair står for i Tyskland og England. Økonomane Lysestøl og Eilertsen bruker "Den nyliberale revolusjonen" som samlenamn på den nye økonomiske politikken som alle norske regjeringar har ført sia 1980.

Og Thorbjørn Jagland skrøyt av dette i det første landsstyremøtet i Ap etter EU-avstemninga i 1994.

Folkevalde blir overgriparar

La oss sjå på nokre tal som seier litt om korleis dette endrar norsk kvardag:

Samtidig som regjeringa opplyser at berre den delen av statsformuen som er i Oljefondet, vil passere 1.000 milliarder før årsskiftet, så seier dei at kommunane ligg an til eit samla underskott på 31,6 milliardar for åra 2000-2004. Kommunestyra og bydelsutvala må begå store overgrep mot eiga befolkning om dei skal dekke inn desse underskotta med kutt i eldreomsorg, skoler og helsevesen. Statslojale kommunepolitikarar blir overgriparar.

Ei anna samanlikning: Mens aksjeeigarane i Noreg i fjor tok ut skattefritt utbytte med 60 milliardar (60.000 millionar), så har bystyret i Oslo - før byrådet legg fram sitt 2005-budsjett - pålagt Alna bydel å kutte nær 30 millionar innan utgangen av 2004. Helse Øst har samtidig pålagt statlege Alna distriktspsykiatriske senter å kutte sitt budsjett med 7,5 millionar.

Like etter at byrådet i dag har lansert budsjett 2005, vedtar bystyret ein "Handlingsplan" for psykiatrien. 41 punkt i planen startar med orda "bydelene skal ...". Men bystyret planlegg nye kutt istaden for å løyve pengar til å gjennomføre tiltaka.

Eksempla er tallause i kvar av dei 15 bydelane, i skolene og i andre etatar.

Kva skal vi gjere i ein sånn situasjon?

Disiplin i rådhuseliten

Det finst rettferdige opprørstendensar som den tverrpolitiske Rådhuseliten er redd. Aksjonane mot skolenedleggjing i fjor viste det.

Da varaordfører Svenn Kristiansen (Frp) for ei veke sia fekk besøk av støttekomiteen for Nordstrand eldresenter, som blir ramma dei 200 kutt-millionane som Kristiansen stemte for 25. august, sa han til lokalavisa: "Beslutningene ligger på bydelsnivå." Og til aksjonistane sa han: "Jeg setter pris på at så mange av dere kom på besøk. Jeg håper bydelsutvalget finner andre steder å kutte."

Da RV i fjor ville melde Oslo inn i Folkeaksjonen Velferd der over 80 kommunar var med, fekk vi støtte frå personar i fleire parti. "Aksjonen har sin styrke i at kommuner, ansattes organisasjoner og brukerorganisasjoner står sammen om å bedre ressurssituasjonen til kommunene," sa SVs Ivar Johansen i Finanskomiteen før SV stemte for innmelding (1).

Men gruppeleiar Kari Pahle meinte Ivar Johansen var ute på ville vegar. Og da saka kom til bystyret hadde Rådhuseliten fått nesten full orden i rekkjene. Ein fornøgd Høgre-ordførar sa det slik under avstemninga: "De som stemmer for mindretallsinnstillingen viser stemmetegn. Det var SV i komiteen. SV forholder seg i ro. 3 stemmer, Mohamed Abdi og RV stemmer imot. Innstillingen er vedtatt." (2)

Abdi var bystyremedlem for Ap da, men er ikkje med i bystyret no.

Som eg skreiv i starten på denne artikkelen, så finst det ikkje gode økonomiske argumenter for at kommunane skal kutte enda meir. I denne situasjon er det muleg å byggje breie, politiske alliansar nedafrå, mot ein høgrepolitikk som står med buksene nede.

Å slette kommuneunderskotta frå dei siste 5 åra vil for eksempel ikkje merkast som meire enn ei lita skjelving på nivåmålaren i oljefondet.

Stol på dine eigne følelsar og din eigen fornuft.


1) Merknad fra Ivar Johansen SV i protokoll fra finanskomiteens møte 10. september 2003, sak 112.
2) Ordførerens innlegg i bystyret 24. september 2003, sak 317.


| Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside