Dokumentet inneheld følgjande forvitnelege ting:
Replikken kom frå den engelske underhaldningsartisten Ruby Wax i eit TV-program 23. juli 2002.
Bakgrunnen var at ho fortalde publikum om sin traumatiske barndom. Far hennar jobba på ein fabrikk som produserte pølseskin. Han hadde difor montert ei seks meter lang pølse oppå taket av bilen sin som reklame. Samstundes kravde han at dottera skulle sitja på i bilen til skulen, noko som sjølvsagt var uuthaldeleg pinleg for den vetle jenta. Ho nekta difor å sitja på og gjekk i staden. Men faren var ein sta jævel: Han køyrde i sniglefart ved sida av og tuta og vinka for å få dottera inn i bilen. Programmet - ei framsyning av snåle reklamar med muntre kommentarar frå Ruby - byrja med framsyning av eit kjempesvært, kaldsleg og høgeffektivt kontorlandskap som kulisse. Då hovudpersonen dukka opp i dette landskapet, kunne ho fortelja publikum at TV-selskapet hadde planar om å produsera ein såpeserie om dette kontoret i 1.425 episodar. Ho sjølv ville nokså snart verta kopla ut av denne serien saman med alle andre mogelege levande vesen. Serien skulle berre handla om dette kontoret; kontoret skulle vera subjektet i serien. Dette absurde tullballet vekte mykje åtgaum og lått hjå publikum som rimeleg kan vera.
Det same publikummet ler ikkje like godt seinare på hausten. Då skal politikarane vedta statsbudsjettet. Og då får ein høyra at budsjettet ikkje toler at ungar kan få gå på nærmiljøskulen sin, at nittiåringar ikkje kan sleppa å døy i badekar på vaskerom i sjukeheimane osb. Dei fleste seier då litt motstrebande at nei, sjølvsagt må ikkje budsjettet få vondt i balansen sin, skulle berre mangla. Så nikkar dei alvorstungt på hovuda og held fram med sitt.
Men det siste er ikkje mindre absurd enn det første: Begge delar er døme på at me lever i ei framandgjort verd der objekt og middel trer i staden for subjekt og mål. Så kan ein lura på kvifor i heitaste eg skriv om ufjelge pølser, sjølvutviklande kontor og budsjettsmerter når eg visseleg skal gjera ein klasseanalyse av Voss. Eg hadde tenkt meg at denne analysen kunne vera eit bidrag til AKP sitt klasseanalytiske hjørne. Då kan eg ikkje servera berre teorilaus empiri. Dessutan er eg ein sær, gamal gubbe som liker å plaga folk. Når det er sagt, meiner eg på ramme alvor at det er uråd å gjera marxistiske analysar utan å reflektera inn omgrepet og realiteten framandgjering. Det har diverre vore alt for lett å feia vekk heile omgrepet med at det var eit filosofisk-idealistisk og subjektivistisk mistak av den unge og alt for glødande Marx. Eit slikt syn øydelegg mange viktige politiske og teoretiske ordskifte. Me snakkar forbi kvarandre og grev oss lett ned i djupe skyttargraver som ikkje er særleg godt stiva opp. Eg gjer den kjende(?) verditeoretikaren Ronald L. Meek sine ord til mine: "Sett i lys av desse (og andre) utdrag frå Grundrisse, ynskjer eg no å argumentera for at Kapitalen på svært røynleg og viktig vis faktisk er ei bok om framandgjering" (mi omsetjing frå føreordet til 2. utgåve av Studies in the labour theory of value 1973). Sidan verdi er det produksjonsforholdet som skapar framandgjeringa, sidan kapital ikkje er noko anna enn sjølvaukande verdi, og sidan Marx etter 51 kapitel og tusenvis av sider avslutta Kapitalen med det vidgjetne, avbrotne kapitel 52 med overskrifta "Klassar", byrjar me å nærma oss emnet.
Men berre så vidt. Eg kjem først til å leggja fram det eg meiner er det mest vesentlege ved Marx sine verk relativt stuttfatta. Det er sjølvsagt halslaus gjerning. Men eg meiner det er viktig å ta det med fordi dette synet mitt pregar det eg elles kjem til å gjera i den konkrete analysen. Eg kjem til å presentera litt av den litteraturen eg har raska i gjennom med det eg meiner er viktige teoretiske motseiingar og med mine meir eller mindre vanvittige syn på desse motseiingane. Med det legg eg meg open for kritikk, og det er kan hende det viktigaste med heile sulamitten. Altså:
Ei stuttfatta og halslaus framstilling av korleis det kan ha seg at me lever i ei verd der sjølv pølser syner tvilsam framferd og statsbudsjett hinkar rundt med store smerter både her og der.
(Klassekampen 1. august 2002)
Kjernen hjå Marx er at mennesket er eit skapande vesen som har mennesket som sitt høgaste mål. Dette kallar han det menneskelege artsvesenet. Skaparevna i mennesket, og den suverent viktigaste produktivkrafta, er arbeidskrafta, evna til gjennom bruk av musklar, røynsle og kunnskap å skapa alt frå kunstverk til knekkebrød. Praksis (ikkje berre arbeid i snever, teknisk meining) er bruk av denne evna. Bruken av denne allmenne evna, arbeid i seg sjølv, kallar Marx for abstrakt arbeid. I primitive samfunn er det abstrakte arbeidet nettopp abstrakt - det har inga samfunnsmakt, ingen realitet, ikkje noko konkret å støtta seg på anna enn det som til alle tider burde vera det viktige: Det konkrete arbeidet som fører til noko konkret nyttig, til eit produkt med nytteverdi. Så langt er det abstrakte arbeidet berre eit middel for det konkrete arbeidet og samfunnsmessig usynleg. Så utviklar arbeidsdeling, kooperasjon , marknader, privateigedom, produktivkrefter og produksjonsforhold eit konkret medium som det stakkars underkua abstrakte arbeidet ikkje berre kan ovra seg i - det kan og tilsynelatande frigjera seg frå sin herre og meister det konkrete arbeidet. Pengeforma som uttrykk for byteverdi trer fram på scena som sirkulasjonsmiddel for produkt i vareform og ganske så snart som skatteoppsamlingsmiddel.
Det konkret nyttige i vara vert mindre viktig enn den tilsynelatande gullforgylte forma: Byteverdien i pengeform. Kva slags produksjonsforhold var det som utvikla dette og sjølv vart utvikla gjennom denne prosessen? Produksjonsforholdet verdi. Eg hevdar altså at det er i større mon verdi som skaper abstrakt arbeid, altså gjer det abstrakte aspektet ved alt konkret arbeid til ei synleg , samfunnsmessig makt, enn det motsette og vanlege synspunktet om at "abstrakt arbeid skaper verdi". Abstrakt arbeid dannar verdiinnhaldet. Ordbruken til Marx i dei fire første kapitla av Kapitalen er etter mi meining fleirtydig (eller omsetjinga er det). Eg tolkar verdi slik: Verdi er det produksjonsforholdet i den enkle vareproduksjonen som utviklar det abstrakte arbeidet til ei samfunnsmessig makt, og som gjev dette arbeidet ei høveleg form, byteverdien. Samstundes utviklar verdien det ein kan kalla den første verkelege framandgjeringa: På den samfunnsmessige overflata, så å seia i kvardagen, ser dette forholdet mellom menneske ut til å vera fysiske eigenskapar ved produkta. Produkta er framandgjorte i den meining at dei som varer er avhenda, fråytra av den umiddelberre produsenten, uinteressante som produkt. Det byrjar verka som om varene opprettar menneskelege band mellom seg, og menneska byrjar oppretta tinglege band seg i mellom. Dette er den grunnleggjande formelen i all reklame. Allereie på dette steget kan ein høyra mumling frå ei og anna pølse, og munter knising mellom hattar og frakkar.
Så skjer den store og førebels uendelege saltomortalen: Sirkulasjonen invaderer produksjonen, sirkulasjonsmiddelet vert mål og målestokk for produksjonen og seinare for alt og alle. Produksjonsmidla vert monopolisert hjå privateigarane, arbeidskrafta/skaparkrafta til det store fleirtalet lyt seljast som vare - altså verta avhenda, materielt framandgjort. Sjølve det menneskelege artslivet vert gjort til berre eit middel for oppsamling av abstrakt arbeid og berre eit middel til å halda oppe eksistensen for arbeidskraftseljarane. Her er framandgjeringa hardnakka: Heile produksjonen vert snudd på hovudet og arbeidsprosess, verdiaukingsprosess og produkt vert framandgjort. Snunaden er dramatisk: Dei direkte produsentane vert fråteke grunnlaget for sitt eige artsliv/artsvesen og redusert til eit direkte framandgjort kollektiv. Privateigarane vert redusert til berre karaktermasker for sin eigen kapital - eit anna direkte framandgjort kollektiv. Den vidare utviklinga vert ei utvikling av menneskeleg uvesen, ikkje vesen, ein tragikomisk danse macabre. Det er dette Marx kallar "den verksame framandgjering, framandgjeringa si verksemd og verksemda si framandgjering" (Økonomisk-filosofiske manuskript). Resultatet er det totale bytet mellom subjekt og objekt, mellom menneske og ting, mellom skin og vesen, mellom fornuft og (instrumentell) forstand, mellom handling og åtferd, mellom fridom og det naudsynte. Det daude arbeidet sug ut det levande arbeidet - som ein vampyr, stadig på jakt etter nytt levande arbeid.
Men resultatet er og ei veldig utvikling av dei andre produktivkreftene - teknologien, teknikken, reiskapane, vitskapane. Eit slikt resultat er tvillaust imponerande, men det bleiknar når ein tenkjer på kva slags blodpris denne utviklinga har hatt og har: Øydelegging og utarming av den menneskelege skaparkrafta og resten av naturen i meir eller mindre groteske former. Det menneskelege samkvemmet i produksjonen og resultatet av dette samkvemmet reiser seg som ei framand makt, ei tvangsmakt, mot menneska. Opphopinga av abstrakt arbeid vert ein tvang, som om det skulle vera ei naturlov. Verdien har vorte vaksen og sjølvaukande, har vorte til kapital som ovrar seg som ei veldig samling av ting - som kommanderer sine eigne skaparar hit og dit. Di meir verdi tingverda får, di meir tinglege vert menneska. Det er den rangsnudde verda, verda på hovudet. I denne verda er det ganske normalt at Odd Børretzen si stålampe rasar rundt nattestid og kvesar vanvittig. Wax, Monty Python og Brecht har og hadde ei heil, absurd verd å ausa av.
Det er på tide å snu verda rett veg. Det på tide at dei eksproprierte eksproprierer ekspropriatørane. Det er på tide at arbeidarklassen løyser si historiske oppgåve og tek tilbake det som er det menneskelege artsvesenet. Fylgjene av den materielle framandgjeringa i politikk og kultur gjer det vanskeleg: Motsetnader og motseiingar frå "basis" vert formidla og blanda og dukkar så opp på samfunnet si overflate heilt andre stader og i knapt attkjennande kledebon. Ingen samfunnsformasjon tilslørar seg sjølv så til dei gradar som kapitalismen. Louis Althusser seier det slik: "Kapitalen som en spesifikk kapitalistisk produksjonsform gjør selv sine effekter uleselige og gjør illusjonen om muligheten til å lese dem direkte til den siste og verste av sine effekter" (Trond Johannessen: Søkelys på sosialøkonomien). Eller Mikael Nyberg: "Grevinne Lucienne von Doz har fridomen til å smørja seg med ein krem til 16.120 dollar om året, men pleia av gamle og sjuke er umogeleg å tryggja trass i at fleire enn ti millionar europearar er arbeidslause. Denne ufornufta kan berre halda fram så lenge det ser ut til å vera noko anna enn det er" (mi omsetjing frå kapitalet.se). Sjølv den borgarlege historikaren Jens Arup Seip innleier sitt vidgjetne nidskrift om DNA slik: "- Der er en ytterside vi ser, og som det er meningen vi skal se, - og der er en innerside vi ikke ser, uten vi selv lager en nøkkel til å låse opp med. For at noe kan være i politikken, må det se ut som det er noe annet enn det er" (Fra embetsmannsstat til ettpartistat og andre essays). Kapitalforholdet, og med det framandgjeringa, vrid og vrengjer på kvardagslivsperspektivet som i ein trollspegel. Då er det ikkje det minste merkeleg at samfunnsklassane sine subjektive oppfatningar og handlingar ikkje samsvarar med dei objektive klasseforholda.
Eg tek med dette av to grunnar: For det første for å få større klårleik i ein kategori som har plaga meg lenge. For det andre fordi eg meiner den revolusjonære rørsla enno slit med ei klasseanalytisk feilkopling til denne kategorien. Feilen er at me har ein tendens til å tru at det berre er den meirverdiskapande gruppa i folket som er arbeidarklasse. Marx skreiv Meirverditeoriar mellom 1861 og 1863. Verket vert ofte kalla for "Kapitalen, band 4". Det er i tre tjukke bøker, og kan verka noko rapsodisk (eg kastar stein i glashus - sjølv er eg jo verkeleg rapsodisk). Her tek eg med det eg les ut av kap. IV og Addenda 12, band I, Theories of surplus value. Marx byrjar med ein kritikk av Adam Smith sine to definisjonar:
1) Produktivt arbeid er arbeid som produserer meirverdi, altså arbeid som vert byta beinveges mot kapital, som transformerer arbeid til lønsarbeid og pengar til kapital. Eller om ein vil: Produktivt arbeid er arbeid som skapar meir kapital.
2) Produktivt arbeid er arbeid som fikserer og realiserer seg i ein særskilt ting eller seljande vare, som i det minste held seg ei tid etter at arbeidet er avslutta.
Den første definisjonen er prinsipielt rett og fruktbar sidan han ikkje er avleidd av konkret innhald (konkret arbeid) eller resultat (produktet sin natur) - berre frå den særskilte sosiale forma - kapitalistisk produksjon. Resultatet av den kapitalistiske produksjonsprosessen er jo ikkje eit reint produkt (bruksverdi) eller ei vare (bruksverdi som berar av byteverdi). Resultatet er sjølvsagt skaping av meirverdi for kapital, og med det den faktiske omforminga av pengar eller varer til kapital.
Den andre definisjonen er eit ahistorisk tilbakefall til fysiokratiske og monetaristiske teoriar. Marx gjev fleire døme på at det finst mange typar arbeid som fell inn under denne definisjonen, men som ikkje fell inn under den første, og omvend:
"Men same kor få eller mange av desse "uproduktive arbeidarane" som finst, så er i alle fall så mykje klart - det vert medgjeve i setninga (til Adam Smith) "tenester som allment sett kverv i same augneblinken som dei vert framført" etc - at korkje den særlege typen arbeid eller den ytre forma på produktet med naudsyn gjer arbeidet "produktivt" eller "uproduktivt". Det same arbeidet kan vera produktivt når eg kjøper det som produsent, for å skapa meir verdi, og uproduktivt når eg kjøper det som forbrukar, som brukar av inntekt, for å konsumera bruksverdien. Det gjeld heilt uavhengig av om denne bruksverdien kverv med aktiviteten til arbeidskrafta sjølv eller materialiserer og fikserer seg i eit objekt" ...
"Viss difor på den eine sida ein del av det såkalla produktive arbeidet ovrar seg i materielle bruksverdiar som like gjerne kunne vore varer ("seljande varer"), så har me på den andre sida ein del av dei eigentlege tenestene som ikkje ovrar seg i noka objektiv form - som ikkje tek form av ting skilt frå dei som gjer tenestene, og som ikkje går inn i vara som ein del av verdien til vara, men som kan kjøpast for kapital (av han som tingar arbeidet), og som kan reprodusera sine eigne løner og gje profitt til eigaren."...
"Adam Smith tek sjølvsagt med i det arbeidet som fikserer eller realiserer seg i ei seljande og bytbar vare alt intellektuelt arbeid som vert beinveges brukt i den materielle produksjonen. Ikkje berre arbeidaren som jobbar direkte med hendene eller ein maskin, men kontrolløren, ingeniøren, formannen, kontoristen, etc - med eitt ord, heile arbeidsstokken som trengst i ein særskilt materiell produksjonssfære for å produsera ei særskilt vare. Det er deira samla arbeid (kooperasjon) som er naudsynt for vareproduksjonen. Dei legg faktisk til deira samla arbeid til den konstante kapitalen, og aukar verdien av produktet med denne summen. (Kor langt er dette sant for banktilsette, etc?) (mi utheving). For det andre seier Adam Smith at i det store og heile , "allment", gjeld dette ikkje arbeidet til uproduktive arbeidarar." ...
"Det er såleis klart at lærar- og lækjararbeid ikkje beinveges skapar fondet som betaler dei, sjølv om arbeidet deira er ein del av produksjonskostnadene til fondet som skapar alle verdiar - nemleg produksjonskostnadene til arbeidskraft." ...
"Er ikkje den totale verdien av varene på marknaden alltid større grunna det "uproduktive arbeidet" enn han ville ha vore utan dette arbeidet? Er det ikkje til ei kvar tid både kveite og kjøt saman med horer, sakførarar, gudstenester, konsertar, teater, soldatar, politikarar osb. på denne marknaden? Desse gutane og jentene får ikkje korn og anna naudsynt eller hyggeleg gratis. Til gjengjeld gjev eller plagar dei oss med tenestene sine, tenester som har ein bruksverdi og grunna produksjonskostnadene og har byteverdi."
"Etter den første definisjonen er t.d. ein skodespelar, eller t.o.m. ein klovn, ein produktiv arbeidar viss han arbeidar for ein kapitalist og yter meir arbeid enn han tek i mot i form av løn, medan ein skreddar som kjem til kapitalisten sitt hus og lappar buksa for han, produserer ein rein bruksverdi for han, er ein uproduktiv arbeidar."
Men etter den andre definisjonen, og etter Marx si meining(?):
"Når det gjeld arbeid som er produktive for tingaren eller arbeidsgjevaren - som t.d. skodespelaren sitt arbeid for teatereigaren - ville det faktumet at tingaren ikkje kan selja dei til publikum i form av varer, men berre i form av handlinga sjølv visa at dei er uproduktive arbeid." ...
"Herr Ganilh gløymer at det berre er produktiviteten til industri- og jordbruksarbeidet, berre meirverdien skapt av dei produktive arbeidarane men ikkje betalt til dei, som utgjer det einaste fondet som betaler dei uproduktive arbeidarane." ...
"Ein songar som sel songane sine for seg sjølv er ein uproduktiv arbeidar. Men den same songaren tilsett av ein kapitalist for å tena pengar til han er ein produktiv arbeidar, for ho produserer kapital." ...
"Produktivt arbeid ville difor vera slikt arbeid som produserer varer eller beinveges produserer, trenar, utviklar, held oppe eller reproduserer arbeidskraft i seg sjølv. Adam Smith held den siste typen arbeid utanfor kategorien produktivt arbeid. Han gjer det vilkårleg, men med eit visst rett instinkt - for viss han tok med produksjon av arbeidskraft i kategorien produktivt arbeid, ville det opna slusene for falske pretensjonar til titelen produktivt arbeid." ...
"Produktivt arbeid er arbeid som skapar materiell rikdom."(mi utheving) ...
"Kapitalistiske ovringar i sfæren for immateriell produksjon. Ikkje- materiell produksjon, sjølv når han berre vert driven for reint byte, dvs. når han produserer varer, kan vera av to slag: 1. Han har varer som resultat, bruksverdiar, som har ei form til skilnad frå og uavhengig av produsentar og konsumentar. ... 2. Det er uråd å skilja produksjonen frå produksjonshandlinga. Slik er det for alle utøvande kunstnarar, songarar, skodespelarar, lærarar, lækjarar, prestar osb. Her og gjeld den kapitalistiske produksjonsmåten berre i liten mon, og kan ut frå kjernen i saken berre verta nytta i nokre få sfærar. Lærarar i utdanningsverksemder kan t.d. vera reine lønsarbeidarar for eigaren. Det finst mange slike utdanningsfabrikkar i England. Sjølv om desse lærarane ikkje er produktive arbeidarar i høve elevane, er dei produktive arbeidarar i høve eigaren. Han byter kapitalen sin mot arbeidskrafta deira, og vert rik gjennom denne prosessen. Det same kan ein seia om verksemder som teater, underhaldningsstader osb. I slike høve er skodespelaren sitt forhold til publikum forholdet som kunstnar, men i høve eigaren er han ein produktiv arbeidar. Alle desse ovringane av kapitalistisk produksjon i denne sfæren er så små og uviktige samanlikna med heilskapen i produksjonen at ein kan sjå heilt vekk frå dei." (mi utheving)
"I tillegg til gruvedrift, jordbruk og industri finst det dessutan ein fjerde sfære med materiell produksjon ...; dette er transportindustrien. ... Dessutan skjer det her ei materiell endring, ei romleg endring av plass. Når det gjeld persontransport tek dette berre form av ei teneste. Men forholdet mellom kjøpar og seljar av denne tenesta har ingen likskap med forholdet mellom den produktive arbeidaren og kapital."
Eg har her gjeve att og omsett nokre av dei 78 tilnærmingane eg fann i desse kapitla. Dei er ikkje heilt lett å tolka på eintydig vis, men så er kategoriar då og nokre smidige og dynamiske småjævlar (fritt etter Lenin). Det er og eit stort problem at boka mi er den engelske omsetjinga av den tyske originalen. Her ser det ut til at omsetjinga ikkje skil mellom meirverdi og profitt, og at ein nyttar verba "produce" og "create" tilfeldig. Slik eg ser det burde ein nytta verba slik: "To create surplus value" = å (ny)skapa meirverdi, men "to produce profit" = å skapa, eller helst, skaffa fram profitt (som t.d. handelskapitalen gjer - han skapar ikkje meirverdi, men han skaffar fram profitt gjennom meirverdien si omforming til profitt).
Tolking 1: Alt arbeid, berre det er kapitalistisk organisert, skapar meirverdi. For å setja det på spissen: Horer i kapitalistisk organiserte bordellar skapar ny meirverdi. Klovnar i kapitalistisk organiserte sirkus skapar ny meirverdi osb. Viss dette var ei rett tolking, skulle kapitalismen ha mange og lange tusenår føre seg. Horisonten for systemskifte kverv i det uendelege.
Tolking 2: Alt arbeid kan i større eller mindre mon verta organisert som kapitalistiske pølsefabrikkar. Det tyder slett ikkje at alt arbeid i slike verksemder skaper meirverdi. I hovudsak er pølsefabrikktenkinga me ser falda seg ut i dag "berre" ein måte å auka utbytinga på. Berre kapitalistisk organisert arbeid som omdannar den uorganiske natur er produktivt. Det er avgrensa kor mykje denne typen arbeid kan auka. Då ser den noverande utviklinga slik ut: Me har ei sterkt aukande mengd av profittskaffande verksemder som alle et av og tevlar om ei langsamt aukande meirverdi. Denne utviklinga aukar konfliktnivået og skjerpar klassekampen på alle nivå. Horisonten for systemskifte kjem ganske nær. Eg går for denne tolkinga!
Marx sine refleksjonar reiser dessutan fleire problemstillingar som det er jobba relativt lite med. For det første: I 1863 var den kapitalistiske arbeidsdelinga kome så langt at det er vanskeleg å sjå kvart einskild menneske sitt bidrag til meirverdiproduksjonen (sjå den første uthevinga ovanfor). Kvart menneske vert noder i det Marx kallar den kapitalistiske totalarbeidaren. I dag er arbeidsdelinga mykje meir utvikla. Kva tyder det for avgrensinga av arbeidarklassen?
Eg meiner det tyder at me har ein tendens til å undervurdera storleiken på arbeidarklassen. For det andre: Viss ein held seg til ei "streng" tolking av kva som er arbeidarklasse, er det ganske mange ikkje-arbeidarar som og er meirverdiskapande. Det er ei motseiing viss ein skal halda på at det er berre arbeidarklassen som skapar meirverdi. For det tredje: Marx kunne greitt sjå vekk frå mesteparten av tenesteytande sektor. Det kan i alle fall ikkje me gjera. Kor stor del av det tenesteytande arbeidet er eller kan gjerast til meirverdiproduserande? Her treng me meir analyse. For det fjerde: Marx er soleklår på at dei produktive arbeidarane ikkje er heile arbeidarklassen, men berre ein del av arbeidarklassen. Eg meiner at denne delen med naudsyn må minka i høve heile arbeidarklassen. For det femte: Finst det meirverdiproduserande produksjon av arbeidskraft? Kvar? For det sjette: Det er viktig å reflektera inn soga om korleis ting har endra seg. Jorun G hadde dette viktige dømet på Vestlandskonferansen 2002: Ein tømrar som den eine dagen er tilsett, og neste dag møter på arbeid som kontraktør skiftar ikkje klasseposisjon fordi tidene har endra seg slik at arbeidsgjevarane ikkje lenger ynskjer vanlege tilsettingsforhold.
Arbeidsprosess og klasse
Me er på veg inn i kunnskapssamfunnet, vert det hevda frå så mange slags hald. Då vert me alle funksjonærar, klassesamfunnet kverv og me kan leva lukkeleg til pølsene kjem og et oss Eg trur det er ei noko kjapp slutning som stør seg på den mistydinga at informasjon = kunnskap. Då trur eg meir på Braverman. Analysen hans går om lag slik: Statistikken over formelt fagleg høgt rangerte yrke lyg om sitt innhald. Det røynlege jobbinnhaldet er ofte lågare enn titlane gjev inntrykk av, og fleire av desse jobbane endrar seg i retning av ufaglært arbeid over tid. I tillegg vert t.d. kategoriar som servicejobbar rangert høgt på yrkesskalaen, medan dei røynleg ofte både har eit lågare fagleg innhald og er dårlegare løna enn dei lågaste jobbkategoriane (kroppsarbeid).
Braverman sitt syn på utdanninga er - sterkt fortetta: Skulen skal kvalifisera for avkvalifisering. Skulen skal kompensera for uttappinga av sosialiseringsfunksjonar frå familien og lokalsamfunn. Skulen skal lagra ungdom trygt utanfor arbeidsløysestatistikken. Skulen skal kvalifisera for eit samfunn prega av rutiniserte arbeidsprosessar. Difor er sjølve kvaliteten på utdanninga minkande, slik at formelt auka utdanningslengd ikkje treng slå ut i reelt auka kvalifisering. Grunnen til denne utviklinga er at kapitalistane innførte "vitskapeleg leiing", taylorisme - altså oppdeling og rutinisering av alle arbeidsoperasjonar under stram sentralisert kontroll. Slikt vert det sjølvsagt bråk av, arbeidarane set seg til motverje. Truleg er denne kampen om arbeidsforholda, arbeidsprosessen og kunnskapane den mest vanlege år inn, år ut - forma for klassekamp i rolege tider.
Braverman byggjer i stor grad på ein analyse av James R. Bright, Harvard Business School. Bright undersøkte i stor detalj tretten av dei mest avanserte produksjonssystema innan industrien i USA mellom 1954 og 1958. Han var interessert i om det var nokon samanheng mellom den aukande mekaniseringa og kvalifikasjonskrava denne utviklinga stilte. Ein skulle tru at aukande mekanisering kravde høgare kvalifikasjonar hjå arbeidarane. Og slik er det opp til eit visst mekaniseringsnivå. Når mekaniseringa aukar vidare, minkar kvalifikasjonskrava. Det er ikkje så rart viss det berre hadde vore eit enkelt yrke. Kapitalen er ein dynamisk liten vampyr som kvilelaust veltar om på alle yrkesinnhald og skapar stadig nye yrke. Men Bright sitt resultat omfatta svært mange yrke samstundes.
Braverman bruker Bright sin analyse på ikkje-produktive sektorar, og argumenterer med at medan desse på Marx si tid låg utanfor kapitaldomenet, ligg dei i dag innanfor. Han fastlegg så den utvida analysen med lønsstatistikk og analyse av endring i yrkesinnhald. Det ser ut til å vera eit historisk grunnlag for å hevda at samansetjinga av, og kvalifikasjonskrava til arbeidskrafta beinveges avheng av den spesifikke måten kapitalen akkumulerer på etter som han utviklar sitt nifse uvesen. Det er ikkje slik at ei stadig betring i det tekniske, teknologiske og organisatoriske produksjonsnivået med naudsyn må føra til auka trong for kunnskapar i heile eller store delar av arbeidsstyrken. Det var slik i etterkrigstida. No er det motsett. I begge høva får me eit utdanningssystem som er innretta på slike realitetar. 1990-talsreformane er ideologisk blendverk - særleg dei siste høgskule- og universitetsreformene: Det er nesten frydefullt frekt av styremaktene å kalla dette for "kvalitetsreforma"! Styresmaktene var meir sanndrue for 19 år sidan - rett nok godt pakka inn i ei stortingsmelding: "Endringene (av de ytre forholdene som må få følger for grunnskolen i vår tid) medfører en samlet reduksjon av antallet arbeidsplasser, høye krav til et ledende sjikt, og en dekvalifisering fra fagarbeid til overvåking av automatiske prosesser." (Grunnskolemeldinga St.meld 62, 1983, side 37.) Det første er så langt på trynet - arbeidsstyrken har aldri vore større. Men dei to andre spådomane faldar seg ut framfor augo vore i dag. Og eit utdanningssystem som skal kvalifisera for avkvalifisering bør vel sjølv avkvalifiserast etter rådande blårussnormer. Og det har fylgjer for klasseplasseringa av nokre av lærarane (meir om det seinare).
Ein kan utan store feil lesa aksen for teknologisk nivå som ei tidsakse. Eg meiner me er om lag der eg har sett eit kryss. Dei stipla linjene representerer mogelege utviklingsbaner.
Mikael Nyberg (kapitalet.se) skriv og mykje om dette: "Om lag halvparten av alle arbeidande, mellom dei mange formelt høgt kvalifiserte personar, har altså eit arbeid som berre krev eit minimum av skuleutdanning." "Fleire har fått arbeida med datamaskiner og biletskjermar dei seinaste åra, og mange har fått nye arbeidsoppgåver. Men rutinearbeidet kverv ikkje. Det utvidar seg. 37 prosent av mennene og 44 prosent av kvinnene tok opp att same arbeidsmomentet mange gonger per time i meir enn halve arbeidstida i 1999. I 1993 var dei same tala 33 og 40 prosent." "Me lever ikkje i ein postindustriell æra. Me lever i ei tid av forsert kapitalistisk industrialisering. Dei stadig meir harde vilkåra for lønsarbeidarane er ikkje noko avvik frå kursen. Det er kursen." (Mi omsetjing, side 227-229.)
Den internasjonale kritikken av Braverman (t.d. David Stark i Giddens/Held) går stort sett på at han ikkje har analysert den "subjektive" sida av arbeidsprosessen - altså klassekampen. Etter mi meining er det ein kritikk som ikkje skil mellom metodisk og absolutt reduksjonisme. Då vil eg tru at kritikken som går på slurvut bruk av empiri og historie har meir føre seg. I Noreg har det vore relativt liten interesse for Braverman. Det einaste eg har funne er Jon Gulowsen: Kvalifikasjoner og arbeidermakt (1987). Gulowsen fann ikkje teikn til avkvalifisering i Noreg då. Det tyder ikkje at ho ikkje fanst då eller no - i dag er ho overtydeleg. Det finst ei oppsummering av det internasjonale ordskiftet som eg ikkje har fått tid å lesa: Thompson & Hughes: Work organisations. A critical introduction (3. opplag, 2002).
Om arbeidsprosess/arbeidsorganisering og klassar
Denne framstillinga er eit notat eg gjorde over ei førelesing Sennet hadde i samband med 50-årsjubileumet til Sosiologisk institutt i Oslo. Temaet var korleis den nye økonomien verkar inn på klasseorganiseringa objektivt og subjektivt. Sennet var her særleg interessert i middelklassen. Boka opererer på to nivå: Eit grundig case-studium av kva som har skjedd med det faglege innhaldet i eit bakeri over ein generasjon (ei enorm avkvalifisering), og dei tilsvarande endringane av solidaritet, arbeidstryggleik, organisasjonsstyrke, klassemedvit osb. Sennet skriv og om endringane av arbeidsprosessar og organisasjonsforhold i makro. Hovudpunkt i førelesinga:
Den klassiske organisasjonsforma for store verksemder under den moderne kapitalismen var den forma Weber analyserte: Eit pyramideforma hierarki der alle posisjonar var tilordna eintydige funksjonar. Kvar funksjonær kunne gjera karriere ved å gå gradane, eigna til seg stadig meir røynsle og kunnskap om produksjonen (som teknisk ikkje endra seg så alt for fort), og ved å syna lojalitet både sidelengs og oppover i systemet. Såleis kunne kvar einskild rekna med ei nokolunde trygg framtid, eit livsprosjekt som ga støtte til relativt velintegrerte personlegdomar. Det var dessutan samsvar mellom byråkraten si rolle som samfunnsborgar og krava i rolla som byråkrat: Risikoen for å verta arbeidslaus, for ikkje å gjera karriere, var liten. I snitt skifta kvar arbeidstakar arbeid 4 gonger over eit yrkesliv rundt 1970.
Det nye ved "den nye økonomien" er ikkje så mykje det ein eufemistisk kallar for globaliseringa, men meir korleis dei store verksemdene organiserer seg internt: Ein sterkt sentrert sirkel der periferien er fragmentert som indre marknad (sirkulasjonen har no og invadert sjølve verksemdene). Der finst ingen veldefinerte funksjonar og posisjonar. Tvert om er det slik at fleire grupper av tilsette tevlar om kva slags gruppe som snøggast råd kan realisera dei absolutte krava frå den sentraliserte leiinga. Desse krava er i vår tid det einaste veldefinerte i organisasjonen: Stor produktivitet, rask teknologisk endring og maksimal profitt. Gruppa som vinn tevlinga vert rikt løna medan dei andre gruppene vert oppløyste og degraderte, heilt uavhengig av fartstid og røynsle. Slike prosjektgrupper har ei gjennomsnittleg levetid på 7-8 månader. Gruppemedlemane går til nye grupper med andre personar i neste prosjekt, viss dei då framleis har jobb i verksemda. Småborgar ideologien i det offentlege og private rom kolliderer med yrkesrolla. Det er ein stor og følt risiko i jobben som trugar kjensla av tryggleik for ein karriere, for eit livsprosjekt. Denne negative risikokjensla dominerer den småborgarlege ideologien. Sidan leiinga reknar det som meir lønsamt å tilsetja ungdom med nye kunnskapar enn å oppgradera kunnskapane til dei "gamle", kan leiinga ikkje rekna med lojalitet frå arbeidsstokken. Slik lojalitet er ikkje lenger verdt noko, tener ikkje ein kalkulerbar karriere. Dessutan sit den sentrale leiinga sjeldan meir enn 2-3 år, så det er ingen som faktisk kan vitna om utvist lojalitet over tid. Mykje verre: Grunna den interne tevlinga og dyrkinga av røynslefattige ungdomar med fagforeiningsvegring, går lojaliteten mellom grupper og einskildindivid "på golvet" i oppløysing. Dei subjektive og objektive fylgjene av dette vert ein aukande grad av framandgjering og handlingslamming.
Oppsummert: Arbeidsorganisasjonane i dei store verksemdene endrar seg frå ein webersk og veldefinert pyramide til ein kaotisk sirkel med ekstremt sterkt sentrum. Karriere endrar seg til usikre jobbar. Tryggleik endrar seg til risiko. Lojalitet endrar seg til illojalitet og skort på solidaritet. Velintegrert personlegdom endrar seg til oppsplitta og patologisk personlegdom. Sennet er heilt viss på at denne utviklinga vil avla motstand.
Noreg, og slett ikkje Voss, har ikkje mange av desse svære verksemdene Sennet snakkar om. Men i dei verksemdene me har, vert det gjort forsøk med prosjektbaserte arbeidsprosessar. Denne forma for sosialteknologisk "mjuk" fagforeiningsknusing er eit trugsmål mot kjerneproletariatet. Ho ligg dessutan til grunn for prosjektmakeriet i undervisningssystemet, heilt uavhengig av den faktiske strukturen på dei norske verksemdene. Slik var det og då styremaktene innførte målstyring som ein blind kopi av eit industristyringssystem frå det amerikanske 60-talet - eit system den amerikanske industrien sjølv kasta på skraphaugen før me hadde klart å innføra det. Grunnen var at det ikkje verka.
Om avgrensing av arbeidarklassen
Berre arbeidarklassen skaper verdi og meirverdi, er produktiv? Tyder det at alle som ikkje er produktive ikkje høyrer til arbeidarklassen? Nicos Poulantzas meiner det. Fylgjene av eit slikt syn er jo at fleste parten av kvinnene ikkje høyrer til arbeidarklassen. Poulantzas viser til Marx si handsaming av produktivt arbeid i band 1 av Meirverditeoriane. Eg finn ikkje støtte for eit slikt syn korkje i Meirverditeoriane eller i Kapitalen, tvert om. Det ville og ha vore stikk i strid med dei svært nyanserte klasseanalysane Marx sjølv gjer i sine historiske skrifter. Og Marx var ein svært konsistent mann.
Om staten og klassane
Er staten berre ei politisk generalforsamling for borgarskapen, eit reint instrument for å sikra kapitalen optimale akkumulasjonsvilkår? Eller er staten til for å sikra det som er av sams interesser så lenge dette berre er og blir eit kapitalistisk klassesamfunn? Kva skulle i så tilfelle desse sams interessene vera? Kor stor autonomi har staten? Og ikkje minst: Kvar går staten sine grensar? På 1960- og 70-talet var det ein tendens til å seia at alt som ikkje var privat sektor, var "staten". Viss så staten er eit reint instrument for borgarskapen, vart det uhyggjeleg mange som havna i borgarskapen "fordi dei jobba i staten". Då er det hakket før ein endar opp i "staten det er oss alle". Etter mi meining er staten ei sterkt konsentrert herskemaskin med uklåre kantar. Kvar skal ein t.d. plassera ein ordførar eller ein rådmann? Dei har begge eit overordna ansvar for å setja staten sin finanspolitikk ut i livet, elles får som kjent både budsjett og profittrate sterke smerter. Men er det nok til å plassera dei i borgarskapen? Kva då med etatssjefane? Har desse personane ei makt over produksjonsmiddel, eit sjølvstende i jobben, ei inntekt og eit levevis som kan samanliknast med administrerande direktør i ei like stor profittmaksimerande verksemd? Dei kan ha det, men eg trur det er galt å setja alle slike personar i borgarskapen - uavhengig av kommunestorleik og konjunkturar. Det er så langt eg kan sjå ei veksande motseiing mellom stat og kommune, og då er det ikkje sikkert at kommuneleiinga alltid dett ned på den statlege sida.
Om klassemedvit og ideologi
Abercrombie og Turner påstår at marxismen opererer med to motstridande teoriar om ideologi. Den første kan ein spissformulera slik: Det samfunnsmessige tilveret avgjer medvitet = samfunnsklasse avgjer medvitet. Den andre er like kjent: Dei herskande tankane er i alle epokar den herskande klassen sine tankar. Dei viser til Michael Mann som har gjort noko så uvand som ein empirisk metaanalyse over ulike samanhengar mellom klasse og ideologi/falskt medvit. Eitt av dei mange interessante funna var at arbeidarklassen i USA, Skottland og England slett ikkje hadde samanfallande verdiar, normer og konkrete politiske haldningar med borgarskapen, tvert om. Altså måtte den andre "teorien" vera feil! Det er rart med borgarlege sosiologar: Dei ser motsetnader der dei ikkje er og er blinde for motsetnader der dei er. Men det er kanskje noko som gjeld oss alle i ei verd der me lyt leva i framandgjorte fellesskap meir som uvesen enn vesen? (jf Terje Valen.) Herskande tankar er då ikkje identiske med verdiar, normer og kvardagshaldningar? Og marxistisk kritikk finst sjølv om borgarskapen sine tankar herskar? Det ser ut som om A og T meiner at om noko herskar, så herskar det absolutt, på alle nivå, basta. Vidare gjer dei framlegg om at med overgongen til institusjonell og monopolistisk kapitalisme, vert det relativt mindre naudsynt for borgarskapen å halda seg med ein dominerande ideologi. Eg tolkar måten dei skriv om ideologi på som om dei har eit slags konspirasjonsteoretisk syn - borgarskapen kokar medvite saman ein heil haug med lygner som framstiller deira eigne interesser som allmenne interesser. Desse lygnene vert så kolportert av ein hærskare med spyttsleikjarar spreidd rundt i propagandistisk høvande institusjonar. Konspirasjonar finst. Eg vil tru at dei vil auka på di djupare den allmenne krisa i kapitalismen vert, di meir global og universell han vert. Men hovudgrunnen til herskande og falske tankar er framandgjeringa. Dei herskande tankane er i sin kjerne ikkje noko anna enn borgarskapen sitt filosofiske, politiske, sosiale, kulturelle, økonomiske sjølvmedvit. Ein treng ikkje lyga om slikt. "Alle" bør jo sjå at den kapitalistiske verda er den einaste mogelege og mest fornuftige - det er då heilt naturleg. Like naturleg som ufjelge pølser og sinnssjuke stålampar, seier no eg.
Så til Michael Mann. Han stilte dette viktige empiriske spørsmålet: I kva mon internaliserer dei ulike klassane normer, verdiar og haldningar/oppfatningar som legitimerer den sosiale orden? Konstituerer slike normer, verdiar og haldningar/oppfatningar sant eller falskt medvit (mi omsetjing)? Resultata vart slik: 1) Der er ei omfattande politisk framandgjering i arbeidarklassen. 2) Det er liten semje om verdiar klassane i mellom. 3) Det er større grad av semje i middelklassen enn i arbeidarklassen. 4) Arbeidarklassen er meir truande til å stø avvikande verdiar viss desse verdiane knyter seg til konkret kvardagsliv eller til vage populistiske omgrep enn viss dei knyter seg til ein abstrakt politisk filosofi. (Tenk på korleis FrP ligg an no i desse dagar!) 5) Arbeidarklasseindivid syner mindre indre konsistens i sine verdiar enn middelklassefolk. (Mi omsetjing og mine uthevingar.)
Ein kan heilt sikkert kritisera operasjonaliseringane i Mann sine analyser, men eg trur han har funne noko vesentleg. Alle analysane er - med eitt unnatak - gjort på 1960-talet. Det hadde vore interessant å få kunnskap om kor kulturavhengige og robuste desse resultata er.
Er mannen ein utbyttar i familien - er altså det kvinnelege gratisarbeidet i familien meirverdiskapande? Deler mannen og kapitalisten denne meirverdien, eller stikk kapitalisten av med heile kaka? Er såleis heile den marxistiske klasseanalysen berre tullball, og problemet så enkelt at den einaste klassen som berre har sine eigne lekkjer å mista er kvinner - eller i det minste gifte eller sambuande kvinner? Er kvinner berre reservearbeidskraft, eller er dei meir enn det? Er arbeidarklassefamilien alle kapitalistar sin store våte draum i den tydinga at han gjev optimal kapitalakkumulasjon? Gjeld dette i så fall til alle tider og alle stader uavhengig av konkrete akkumulasjonsformer? Eller er arbeidarklassefamilien ein torn i augo på kapitalistane sidan han historisk har virka som ein positiv reiskap i arbeidarklassen sin klassekamp? Er det rett å gjennomføra klasseanalysar som berre tek omsyn til mannen sine posisjonar og tilskriva kvinna mannen sin klasseposisjon sidan kvinna er underkua av mannen? Eller lyt ein analysera kvinnene sine klasseposisjonar sidan kvinnene er noko langt meir enn reservearbeidskraft? Kva er altså analyseeininga: Familien eller individet? Er det meiningsfullt å driva klasseanalysar som føreset at alle bur i strukturlike kjernefamiliar, når store delar av folkesetnaden nettopp ikkje gjer det? Har Elizabeth Garnsey rett når ho tek Braverman til inntekt for sitt syn: "Dei som ser kvinneleg yrkesarbeid som mellombels, tilfeldig og lite viktig gjer ein kardinalfeil. Ein burde faktisk setja dette arbeidet midt i sentrum for alle studium av yrke i dag"?
Kjersti Ericsson (Søstre, kamerater! (1987)) har på overtydande vis godtgjort at det private husarbeidet ikkje er meirverdiskapande, og at det minskar verdien på både eiga og mannen si arbeidskraft. Ho gjer og heilt rett i å halda fram at arbeidarklassen har to spissar: Kjerneproletariatet og den veksande hæren av kvinnelege lønsarbeidarar. Ho har rett i at det ikkje er kvinnene, men kvinneunderkuinga som splittar det arbeidande folket. Ho seier at kapitalistane treng meir arbeidskraft å utbytta, men at dei vil ha i pose og sekk: Både gratis husarbeid som minkar variabel kapital og kvinneleg lønsarbeid som rett nok aukar variabel kapital, men og meirverdien - difor den høge deltidsprosenten mellom (særleg norske) kvinner. Difor minkar og omfanget av husarbeidet så langsamt. Men heiltidsarbeidande kvinner aukar jamt og trutt (passerer snart 60 %), og yrkesfrekvensen er mellom dei høgaste i OECD. Samstundes aukar delen av einpersonhushald (nær 40 %), og seriemonogami er vanleg saman med stadig aukande differensiering i familietypar. Kjersti nemner dette, men ho tek ikkje omsyn til det i analysen. Er den stabile kjernefamilien systemnaudsynt for kapitalismen? Kjersti meiner det, men eg er usamd i den økonomiske argumentasjonen hennar, og meir samd med Harriet Holter (Familien i klassesamfunnet (1984)). Det var ikkje heilt urimeleg å bruka familien som analyseeining i 1982, særleg når ein var interessert i subjektiv klasseanalyse. Eg meiner det er urimeleg å gjera det same i dag. Eit slikt standpunkt har som fylgje at ikkje alle familiar er klassehomogene - det finst familiar med innebygde klassemotsetnader, dei fleste av ikkje-antagonistisk type.
Det er gjort fleire klasseanalysar av Noreg (Kleven, Allern, Hjellum og nyleg av Hammer). Sjølv gjorde eg ein objektiv klasseanalyse av Voss for 1960, 1970 og 1980, samt ein vesal subjektiv analyse for 1982 då eg studerte samfunnskunnskap 1981-82. Dei to einaste "offisiøse" klasseanalysane som er gjort av Noreg er analysane til Colbjørnsen, Hernes, Knudsen (og Ludviksen?) og Birkelund (berre den siste boka): Klassestruktur og klasseskiller (1982) og Klassesamfunnet på hell (1987). Den første boka og ordskiftet som følgde reiste mange interessante problemstillingar. Eg trur det er relativt få personar som har studert bøkene og ordskiftet, så eg seier noko om det her.
Først litt om Lenin sin klassedefinisjon som har vore utgangspunktet for dei fleste klasseanalysane: "Klassar er store gruppe menneske som skil seg frå kvarandre ved den plassen dei har i eit historisk fastlagt sosialt produksjonssystem. Dei skil seg etter forholdet sitt til produksjonsmidla(som oftast fastsett og formulert i lov), etter rolla si i den sosiale organiseringa av arbeidet, og med det etter storleiken på den delen dei får av den sosiale rikdomen og måten dei får han på." Begge bøkene gjev solid empirisk støtte til at denne definisjonen er fruktbar, berre så det er sagt. Men det har vore ei veldig utvikling av arbeidsdelinga sidan 1919. Det kan vera nyttig å presisera/fingradera Lenin sine 3 (4) kriterium. Samstundes er det rett å peika på at Marx la avgjerande vekt på det første kriteriet. Han meinte at når kapitalismen hadde vorte til ei global og universell makt, ville alle mellomposisjonar kverva og mykje klasseintern oppflising ta slutt (sjølv om det ikkje tyder at framandgjeringa er oppheva). Berre to tydeleg definerte klassar ville stå mot kvarandre på klasseslagmarken: Arbeidarklassen mot borgarskapen. Alle ville finna plassen sin i ein slik kamp, på tvers av hildringar og skin. Så langt har det ikkje gått slik. Mellomlaga har ikkje kvorve, klassane har ikkje vorte homogene, tvert om. Men så har heller ikkje kapitalismen enno nådd det stadiet Marx snakkar om. Viss Braverman har rett, er me berre i byrjinga på ei massiv proletarisering av mellomlaga.
Colbjørnsen/Hernes/Knudsen (= CHK) presenterte denne tolkinga av den marxistiske klassemodellen, og forsvarte han som klart betre enn t.d. weberske lagdelingsmodellar.
Så avviste dei ei konkret klasseplassering med yrke som analysevariabel.
Figuren under viser Colbjørnsen/Hernes/Knudsen (=CHK) sin utgangsmodell som dei henta frå sosiologen Erik Olin Wright.
Under analysen delte dei opp leiarane i fleire sjikt, og sette inn kategorien "ikke-hierarkiske beslutningstagere og rådgivere", som er det same som "mellomledere/rådgivere", berre med den skilnaden at dei ikkje har som oppgåve å leia andre sitt arbeid. CHK nytta levekårsdata frå 1973 og 1980 - altså ei subjektiv utvalsmetode som ikkje var beinveges tilpassa analyseføremålet - til å plassera folk i dei ulike kategoriane. Då fekk dei fram dette biletet av klassestrukturen i Noreg anno 1980:
Dei fann denne kjønnsfordelinga:
Etter korreksjon av ein del urimelege resultat, nytta dei denne klasseinndelinga til å studera samanhengen mellom klassestruktur og klasseskilje, løn, helse, kultur og kjønn. Dei fann klare klasseskilje mop. løn og kjønn, men ikkje mop. dei andre variablane.
Desse resultata vekte undring. Jon Ivar Elstad gjennomførte ein grundig kritikk av boka i tidsskriftet Materialisten nr 4, 1982. Ordskiftet mellom Elstad og CHK gjekk så i Materialisten 1, 2 og 3-4, 1983. Hovudpunkta i Elstad sin kritikk går slik: Ei mindre(?) usemje med CHK sin teoretiske definisjon, m.a. at analysen ikkje tek omsyn til dei som ikkje er yrkesaktive. Stor usemje om måten CHK har "parkert" folk i dei ulike kategoriane: Subjektiv utvalsanalyse på individnivå gjev dei mest utrulege samanblandingar av klasseposisjonar: Småkapitalistar vert storkapitalistar, småborgarar vert småkapitalistar, dei institusjonelle kapitalistane, vår tids monopolborgarar, vert toppleiarar saman med eit assortert utval av hjelpepleiarar, butikkekspeditørar og lærarar. Grunnen er sjølvsagt at alle svarar så godt dei kan ut frå si eiga arbeidsstode: "Hjelpepleieren som deltar på personalmøter som tar avgjørelser om pasienters pleie ("produksjon")og om gardininnkjøp ("store nyinvesteringer"), kan raskt havne som toppleder," som Elstad skriv. Dessutan er individ som analysevariabel feil. Det tilslørar kvinneunderkuinga. Analysevariabelen bør vera familien. Vidare meiner Elstad det er feil å ikkje ta eksplisitt omsyn til dei store industriverksemdene der kjerneproletariatet er.
Så gjennomfører Elstad ein analyse av skilnader i arbeidsmiljø og helse basert på Allern sine klasseoperasjonaliseringar og ein analyse basert på Engelstad sin yrkesprestisjeskala (altså ein lagdelingsanalyse). Resultatet er at begge desse inndelingane gjev ei mykje skarpare framstilling av sosial ulikskap på desse områda enn resultata frå CHK sin analyse. Føremålet med denne analysen var: "På en enkel måte å vise at viktige sosiale ulikheter i det norske samfunnet rett og slett blir borte i empiriske undersøkelser basert på CHK's klasseinndelingsskjema." Så peikar Elstad på at sosiologiske undersøkingar som CHK gjennomfører er interessante, men ikkje kjernen i marxistiske klasseanalysar. Den marxistiske klasseanalysen sitt særskilte føremål er sjølvsagt å gruppera folkesetnaden med omsyn på dei ulike klassane si historiske rolle.
Ordskiftet førte til at partane heldt på sitt. Elstad meinte at CHK aldri tok opp kritikken hans, men snakka om andre ting. CHK pluss Gunn E. Birkelund kom så ut med ei bok i 1987: Klassesamfunnet på hell. Her brukte dei om lag same definisjonar og metodar som i den første boka. Dei endra klasseposisjonane slik:
Så brukte dei ei meir tilpassa utvalsmetode, og fekk fram dette klassebiletet av Noreg 1982:
Dei testa så samanhengen med klasseinteresser og klasseidentitet, familien, og kjønn og klassemedvit. Eg gjev att det dei sjølve meina var dei viktigaste funna:
Klassene er splittet i ulike yrker, og yrke er for mange viktigere for hvem man identifiserer seg med, enn klasse. Denne tendensen ser ut til å ha blitt forsterket i de senere år.
Nye eieformer og lederstiler, sammen med en omfattende offentlig sektor, gjør at grensene mellom utbyttere og utbyttede blir vanskeligere å trekke. Interne arbeidsmarkeder, og delegering av innflytelse over daglige arbeidsoppgaver, svekker klasseidentifikasjonen i arbeiderklassen, og gjør det mindre sannsynlig at denne klassen utvikler seg til en kolllektiv aktør.
Selv om klassegrensene gir opphav til økonomisk ulikhet av et visst omfang, kommer en stor del av klasseskillene til uttrykk som forskjeller mellom kjønn, yrker og utdanningsgrupper. Dette kan gjøre klassegrensene mindre synlige.
Reguleringa av arbeidskonflikter gjør det vanskeligere enn tidligere å lære om sine klasseinteresser, og det å eie gjenstander det er knapphet på, overskygger ofte klasseinteressenes betydning for opplevelsen av sosial tilhørighet. Regionale skilnader kan påvirke klasseinteressenes gjennomslagskraft.
Om en person har motsigelsesfylte klasseinteresser, arbeider i den offentlige sektor, eller blir lenge i samme jobb, er av liten betydning for hvorvidt og eventuelt hvordan man identifiserer seg med en bestemt klasse.
Den institusjonelle kapitalismen har en mer meritokratisk klassestruktur enn den tradisjonelle. I den sistnevnte spiller klassebasert arv en viktig rolle, og det er hovudsakelig menn som arver. I den moderne klassestrukturen legges hovedvekten på utdanning, og det gjelder både for menn og kvinner. Moderniseringa av klassestrukturen har gått sammen med en feminisering av den.
Selv om den moderne klassestrukturen er mer åpen for kvinner enn den tradisjonelt var, er det fortsatt kjønnsforskjeller. Blant menn er det flere veier til en jobb med makt og innflytelse, blant annet bedriftsinterne karriereveier som kan utnyttes relativt uavhengig av utdanning fra skoleverket. Kvinner har bare en hest å spille på - utdanning.
Den regulerende ide i klasseanalyse om at persepsjon formes av posisjon - at det er ens plass i klassestukturen som i første rekke former oppfatninga av den - må modifiseres. Denne tesen holder for menn, men bare et stykke på vei; selv for menn er deres utdanning mer utslagsgivende for deres selvoppfatning enn deres klasseposisjon. Det de er, er de i større grad i kraft av sin utdanning enn i kraft av sin klasse. For kvinner gjelder det samme, men her kommer i tillegg at deres klasseidentifikasjon mer bestemmes av deres manns klasseposisjon enn av deres egen.
Den konvensjonelle klasseanalysen, som tillegger kvinnen ektemannens interesser, gir 2 av 3 yrkesaktive gifte kvinner andre klasseinteresser enn de som knytter seg til kvinnenes egne posisjoner i arbeidslivet. Bare 2,4 % av alle en- og toinntektsektepar består imidlertid av ektefeller med klart antagonistiske klasseinteresser. Den mest vanlige kryss-klassefamilien er kombinasjonen av arbeiderklasse og mellomposisjon.
Fleire av desse funna speglar det eg vil kalla formidla klassemotsetnader. Dei har si rot i tevlinga mellom arbeidarane om best mogelege vilkår innanfor utbyttinga. Dei er røynlege motsetnader "på samfunnet si overflate", farga og forma av den grunnleggjande klassemotsetnaden, men kan ikkje verta reduserte til denne motsetnaden. Til det siste punktet vil eg leggja til observasjonen til Gunn E. Birkelund: Ved å tilskriva kvinna mannen sin klasseposisjon, vil ein undervurdera storleiken på arbeidarklassen. Viss utdanninga så skal gjerast om til ein slakteferdig gamp, kva skal då kvinner spela på?
Det skjer ei nivellerings - og degraderingsprosess i heile utdanningssystemet. Danninga ( ikkje den borgarlege "dannelsen" ) er steindaud. Utdanninga ligg på sotteseng, og etterutdanninga har abdisert. Denne utviklinga er godt framstilt av Jon Hustad i boka Skolen som forsvann. Eit essay om krisa i den norske skolen. Det er ei utvikling som det store fleirtalet av lærarar ser kvar einaste dag, og kan skriva under på. Det er ei utvikling som er sams for utdanningssystema i alle OECD-land. Det er ei utvikling ein kan sjå i kimeform sjølv i det ekspansive kinesiske samfunnet. Sjølvsagt er det historiske og kulturelt farga skilnader mellom landa, men tendensen er urovekkjande tydeleg: Dette går rett i dass!
Hustad har ei god framstilling, men ei dårleg grunngjeving. Han har ei konspirasjonsteoretisk forklaring: Det er Ap-leiinga i allianse med såkalla progressive pedagogar som Befring, Nordland og Dale pluss Hernes som har skulda. Det er greitt at den "progressive" pedagogikken har vore nytta som legitimasjonsgrunn for alle dei store skulereformene på 1980- og 1990-talet, og at alle rundskriv frå styremaktene dryp av flosklar frå denne pedagogiske retninga. Det er påfallande at dei same reformpedagogane ser ut til å finna seg vel til rette med dei andre omgrepa frå det ideologiske floskelberget: Blårussomgrepa frå ein bedriftsøkonomisk kanon som gjev inntrykk av at skulen kan verta handsama som kva som helst pølsefabrikk.
Men Ap-leiinga og dei "progressive" pedagogane hadde vel ikkje så stor makt at dei kunne diktera utviklinga i resten av OECD?
Eg trur grunnen til skulekrisa (og eldreomsorgskrisa, kulturkrisa etc ) ligg i desse to momenta: Den fallande profittraten i alle desse landa, og den teknologiske endringa av produktiv- og kommunikasjonskreftene. Fallande profittrate over lang tid (sjå figurane frå Vardøger nr 26, 2000 og Penger og kreditt nr 1, 1987) er eit dødeleg trugsmål mot heile systemet. Det kan sjølvsagt verta motverka på fleire vis: Senking av den variable kapitalen (lønsnedslag), auking av meirverdien på mange slags vis, mellom anna gjennom privatisering av offentleg sektor og auka jobbintensitet, endring av lovverk og avtaleverk i arbeidslivet, fagforeiningsknusing, effektivisering, senka verdi på den konstante kapitalen gjennom imperialisme osb. Den teknologiske endringa gjer det mogeleg å gjennomføra alt dette, og det vert gjennomført rett framfor augo våre kvar einaste dag. Me går inn i eit informasjonssamfunn, men slett ikkje inn i eit kunnskapssamfunn - tvert om. Det er idiotisk å bruka mange pengar på ein allmenndannande einskapsskule av høg kvalitet og ditto høgskulesystem under slike vilkår sett frå kapitalen (og med det staten) si side.
Denne utviklinga fører til endringar i klassestrukturen. Det reiser t.d. spørsmålet om lærarane si klasseplassering. Då har eg kome til kritikken min av Leiv Olsen sitt innlegg i Røde Fane nr 3, 2002. Eg er stort sett samd med han Leiv om dei fleste saker, men her er eg usamd. Han argumenterer for at lærarane "aldri hamnar i arbeidarklassen. Ikkje før automatiseringa av læreprosessen eventuelt kjem til eit stadium der lærargjerninga kan erstattast av reint rutinearbeid. Eller at samfunnet når eit nivå der ein kan avskaffa sjølve arbeidsdelinga." Argumenta går slik:
"Læraryrket har altså følgjande trekk: Vi er som oftast tilsette ved ein undervisningsinstitusjon, og dermed tilsette lønnsarbeidarar. Men, vi er tilsette for å utøva arbeid med heilt spesielle særtrekk:
- Vi har autoriteten i skolen, og med det makt over elevane - spesielt i den allmenndannande skolen, mindre på universitet og høgskolar. Makta vår er mindre enn tidlegare, og elevane har i dag visse rettar, men læraren er enno autoriteten.
- Vi skal sortera elevane, i alle fall frå siste året av ungdomsskolen og gjennom heile vidaregåande.
- Vi skal formidla borgarskapets ideologi, dei herskandes tankar.
- Vi skal undervise.
- All undervisning er åndsarbeid, kan ikkje reduserast til reint rutinearbeid, og er eit arbeid som i hovudsak ikkje er fysisk, og føreset eit visst sjølvstende.
Desse fem punkta gjer både at vi som lærarar kjem i eit anna forhold til andre menneske - elevane, studentane - enn det arbeidarar gjer, har eit heilt anna innhald og funksjon for samfunnet enn kva arbeidet til ein arbeidar har."
Eg har følgjande motsegner: Leiv handsamar lærarane som ei homogen gruppe som rett nok er inne i ein slags proletariseringsprosess, men som berre kan hamna i arbeidarklassen når arbeidsdelinga er borte - altså under den sosiale kommunismen. Sett bort i frå at det i eit slikt samfunn ikkje finst nokon arbeidarklasse, meiner eg at denne tilnærminga er metodologisk feil og teoretisk feil. Tilnærminga er teoretisk feil fordi ho legg avgjerande vekt på at lærararbeidet ikkje er fysisk og ikkje rutiniserbart - det er noko anna enn det ein arbeidar gjer. Men det er ikkje noko avgjerande kriterium for arbeidarklasseplassering at arbeidet er fysisk eller ikkje, korkje hjå Marx eller Lenin. Arbeidet må vera fysisk i den meining at det leverer fysiske varer? For kva skulle ein elles seia om nytilsette kroppsøvingslærarar med mange og store klassar, låg løn og lita kontroll på eiga arbeid tilsett på ein tøff ungdomsskule i Oslo øst? Er ikkje arbeidet hennar i høgaste grad fysisk? Er det uråd å rutinisera lærararbeidet? Ja, det er det viss me meiner at me skal halda oppe den "gamle" lærartypen. Men styremaktene er nettopp ikkje interessert i å halda oppe den "gamle", sjølvstendige lærartypen.
Er det noko lærarane har røynd dei siste 25 åra, er det mange og tunge forsøk på å rutinisera lærarjobben. Styremaktene i dag handsamar all verksemd som pølsefabrikk - og skulen. Det er heilt i pakt med den nyliberalistiske ånd og den postmoderne ideologi. Dei har ikkje lukkast heilt enno, men ingen skal seia at dei ikkje gjer så godt dei kan. Dessutan, er det berre arbeid utan noko som helst sjølvstende som plasserer folk i arbeidarklassen? Eg hadde minst like mykje sjølvstende som lagerarbeidar på Hansa som eg kjenner eg har no som lærar. Vidare: Når ein skule vert privatisert og kommersialisert, vil lærarane produsera profitt og verta utbytta. Men Leiv vil framleis hevda at heller ikkje slike lærarar høyrer til arbeidarklassen? Eg vil hevda at dei tvillaust gjer det. Då kan ein tenkja seg privatiserte skular med gode arbeidsforhold og motiverte elevar og lærarar som høyrer til arbeidarklassen. Så kan ein samanlikna med offentlege skular med elendige arbeidsforhold og typisk "postmoderne" elevar som lager eit helvetes spetakkel og med utslitne lærarar som ikkje høyrer til arbeidarklassen?
Tilnærminga er metodologisk feil fordi ho set likskapsteikn mellom klasse og yrke. Dette er og eit gamalt ordskifte: Skal ein tilordna etter stein-i-vatn-prinsippet eller etter Titanic-prinsippet? Altså: Når ei yrkesgruppe vert proletarisert, skjer det då brått - som ein stein som dett i vatnet, eller skjer det gradvis som eit skipsforlis? Stein-i-vatnet-prinsippet tek ikkje omsyn til ulikskap inne i yrkesgruppa - her vert alle skore over ein kam. Leiv bruker dette prinsippet, men det rare er at "steinen" har så inn i helsikes stor fallhøgd - han vil ikkje treffa "vatnet" før det så å seia har fordampa. Eg meiner det andre prinsippet er betre. Det tyder at det finst fleire klasseposisjonar i lærargruppa (som det finst mellom t.d. bønder og funksjonærar og): Delar av lærargruppa høyrer etter alle kriterium til arbeidarklassen. Denne delen er etter mi meining aukande.
Til Leiv sine kriterium:
1. Er makt over elevar/brukarar eit relevant kriterium for klasseplassering? Korleis vil eit slikt kriterium slå ut t.d. på ei sjukeheimsavdeling med stor pleietyngd og låg pleiefaktor (som dei fleste slike avdelingar i aukande grad er) for hjelpeleiarar som går fast nattevakt? Har ikkje dei i si avmakt og i sitt blodslit makt over brukarane? Lyt dei ikkje prioritera slik at ikkje alle får det dei treng av omsorg og pleie? Og er det ikkje nett det som gjer jobben uleveleg? Endrar det ei flis på klasseplasseringa deira? Kor stor er denne lærarmakta? Her har det vore ei utvikling som følgjer eit statleg konserveringsprinsipp: Di fleire rettar (og færre plikter) elevane får, di færre rettar (og fleire plikter) har lærarane fått.
2. Me skal sortera elevane. Dette vil eg seia var eit viktig mål på lærarane si sosiale rolle i den samfunnsmessige organiseringa av arbeidet. Men eg vil påstå at det ikkje er det i dag. Det skal godt gjerast å ikkje koma inn på ein høgskule eller eit universitet i dag. Med dei nye finansieringsordningane i høgskulesystemet og universiteta, samt nivelleringa av innhaldet, skal det godt gjerast å ikkje koma ut på eit eller anna skapeleg vis.
3. Me skal formidla borgarskapets ideologi, dei herskandes tankar. Ja, visst. I alle samfunnsformasjonar er det slik. Tyder det at me skal gjera vald på faglege kriterium og driva rein apologetikk? Det er ikkje naudsynt sidan faglege kriterium er sausa inn med ideologi. Men skulen av i dag spelar på langt nær same ideologisk viktige rolle som skulen av i går. Dei herskande tankane vert i dag sprøyta ut mykje meir effektivt av andre institusjonar - TV, internett, reklame osb. - systemet sveittar ideologi frå kvar ei pore.
4. Me skal undervisa. Om så var, kva så? Men skal me eigentleg undervisa? Er ikkje undervisning gamaldags og reaksjonært - beint fram elevunderkuande? Skal ikkje lærarane berre rettleia elevane i deira umettelege kunnskapstrong, halda seg diskret i bakgrunnen, og ikkje i utrengsmål dytta på elevane våre utdaterte og vesale kunnskapar? Er det ikkje slik sirenesongen frå dei "progressive" pedagogpedagogane lyd?
5. All undervisning er åndsarbeid. Åndsarbeid og åndsarbeid, fru blom! Ta t.d. stoda for lærarkandidatar ved fleire ungdomsskular i Bergen slik einskilde øvingslærarar skildrar ho. Oftare og oftare får ikkje kandidatane gjennomført opplegga sine grunna bråk, og det sjølv om øvingslærarane er til stades i timen. Dette er representativt for ein aukande gruppe av ungdomsskulelærarar (jf. PISA-rapporten), men spetakkelet er og eit aukande problem på barnesteget og i vidaregåande. Sjølv på einskilde høgskular er fenomenet rapportert. I slike høve vert det så som så med åndsarbeidet. Kva med dei meir normale timane der det er mogeleg å koma til orde? Skjer det så mykje åndsarbeid der? Er det ikkje mykje rutine bygt på røynsle? Etter mi meining går det føre seg fint lite åndsarbeid i grunnskulen og vidaregåande skule - mindre og mindre og grunnare og grunnare. Verkeleg åndsarbeid i utdanningssystemet går føre seg som grunnforsking ved universiteta. Det skal det nok verta mykje mindre av når forskarane vert bunde opp til tett og personleg oppfølging av studentane i form av tidøydande mappevurdering og såvore fælslege pliktøvingar.
Leiv har stilt opp korleis lærarjobben skil seg frå det ein (udefinert) normalarbeidar gjer. Eg tolkar kriteria hans som ei presisering av Lenin sitt andre kriterium (rolle i den sosiale organiseringa av arbeidet). Lærarane sitt forhold til andre grupper og til sitt eige arbeid avheng og av arbeidsforholda for lærarane. La oss sjå litt på dei: Styremaktene gjorde fleire arbeidsmiljøanalysar på 1990-talet. Alle vart løyndarstempla - truleg fordi dei ikkje likte resultata. Men Arbeidsforskingsinstituttet si gransking frå 2000 er offentleg. Eg tek med Jon Hustad si oppsummering frå boka Skulen som forsvann 2002:
"Rapporten tek for seg både grunn- og vidaregåande skole. Vi siterer: Lærarane "har større arbeidsmiljøproblemer enn andre arbeidstakere". "Notatet viser at helseplager og lav jobbfornøydhet blant de ansatte øker gjennomtrekken på arbeidsplassen." "Inneklimabelastningene ser ut til å være større i skolen enn på andre arbeidsplasser." "Tabellen ovenfor viser at samarbeidsforholdene i skolen er dårligere enn det som er vanlig." "Som tabellen ovenfor viser, er tempokravene høyere i skolen enn ellers i arbeidslivet." "Tidsfrihetene er betydelig lavere enn det som er vanlig rundt om på arbeidsplasser ellers." "Læreren skiller seg ut med i større grad å oppleve sosiale arbeidsmiljøbelastningar enn andre arbeidstakere." "En har tidligere sett at lærerne også skårer lavere enn andre arbeidstakere når det gjelder faglige utviklingsmuligheter." "Arbeidshelsa blant lærerne (...) er dårligere enn blant arbeidstakere generelt." Og endeleg: "Arbeidsmiljøloven brytes (....) innenfor skolen."
Eg gjev igjen ordet til Nils Rune Langeland: Eit håst rop etter den skuldige overdøyver alt anna. I denne revejakta er læraren reven. Han blir jaga av eit blodtørstig koppel kontrollbyråkratar på den eine sida og aggressive, redde foreldre på den andre. Læraren blir eit svart hol for alt dårleg samvit og alle politiske skillingsviser, eit slags nullpunkt i vaksenlivet der ingen kan eller vil vere. Han skal vere både moralsk fyrtårn og servil spyttslikkar, utspekulert dørseljar av alt pedagogisk skrot og nær omsorgsperson, kompis og autoritet.
I denne revejakta er læraren reven. ..."
Kva så med Lenin sitt tredje kriterium (storleik del av sosial rikdom, måte å få han på), som jo etter ordlyden delvi er en refleks av det andre kriteriet? Måten å få han på er grei: Vanleg lønsarbeid. Kva med storleiken? Den mest oversiktlege framstillinga får ein i Geir Høgsnes si bok Krone for krone. Lønnsforhandlingar og -fordelinger (1999):
Steigumutvalet 1988, vedlegg 1 (NOU 1988:21): Norsk økonomi i forandring var alle borgarlege økonomar sin bibel i byrjinga av 90-talet. Dei kommenterte byrjinga på utviklinga i figuren over slik: "Legg merke til den lave veksten i reallønnen for høyt utdannet arbeidskraft. Mens vi i utgangspunktet har en lønnsforskjell mellom høyt og lavt utdannet arbeidskraft på rundt 75 %, innebærer fremskrivingene at de to kategoriene har omtrent samme lønn i 2024. Dette i seg selv kan opplagt ha en negativ virkning på andelen av ungdomskullene som gjennomfører høyere utdannelse, og hele bildet kan bli forandret."
Slutning: Leiv sin klasseanalyse av lærarane er teoretisk, metodologisk og operasjonelt feil. Det finst lærarar som høyrer til arbeidarklassen. Denne gruppa er aukande. Når det er sagt, er eg sjølvsagt samd med han Leiv i at alliansane arbeidarklassen kan og må gå inn i er viktigare enn det å dra ei nøyaktig linje mellom arbeidarklassen og dei nedste delane av mellomlaga.
Den vanlege måten å kombinera objektiv og subjektiv klasseanalyse på er først å gjera ein objektiv analyse i makro, og så prøva å finna ut korleis denne klassestrukturen peikar ut handlingsmønster i mikro (klassemedvit, kollektiv handling, politisk mobilisering osb.) . Slik gjer Colbjørnsen/Hernes/Knudsen/Birkelund det, og slik ville eg sjølv ha gjort det viss eg hadde hatt godt med tid, nokre millionar kr. og høveleg statistisk programvare. Bjørn Söderfeldt prøver å gjera begge delar samstundes i Häften för kritiska studier nr 3, 1980. Han gjer dette ved å "objektivera" og "strukturalisera" det klassiske, subjektive, sosiologiske rolleomgrepet og kopla det saman med økonomiske, politiske og ideologiske eigenskapar. Han opererer med desse rollene:
Økonomiske roller frå verdiaukeprosessen (produksjonsforhold): Produktivt, reproduktivt (t.d. store delar av offentleg sektor), sirkulativt (t.d. store delar av privat tenesteyting) og tenande. (Söderfeldt nemnar drosjesjåførar og prestar som døme på økonomiske funksjonar som har meirverdien som lønskjelde (reveny), og ikkje variabel kapital som dei tre første gruppene.)
Økonomiske roller frå arbeidsprosessen (produktivkrefter): Prosessarbeid (heilt automatisert arbeid), rullebandsarbeid, maskinarbeid, spesialarbeid (arbeid som er røynleg underordna den overordna arbeidsprosessen - kan vanskeleg omgjerast til sjølvstendig næringsverksemd) og formelt underordna arbeid (men ikkje røynleg).
Overklasseroller: Eigarrolle, leiarrolle.
Politiske roller: Faktiske valdsroller, roller med direkte makt, roller med indirekte makt.
Ideologiske roller: Teknokratiske roller, juridisk-politiske roller, mikrosubjektsideologi (den borgarlege individualismen), makrosubjektsideologi (Gud, staten, lagnaden ...)
Söderfeldt sitt hovudspørsmål er: Korleis vil samansetjinga av dei ulike rollene for kvart individ verka inn på sannsynet for at individet handlar til føremon for underklassen? Han seier at det avheng av kva slags roller som dominerer og kor lang tid av døgeret dei ulike rollene er verksame. For å kunna seia noko om det, lyt han vekta dei ulike rollene. Det gjer han slik: Dei økonomiske rollene veg tyngre enn dei politiske som veg tyngre enn dei ideologiske. Innanfor kvar kategori veg dei først opplista meir enn dei som kjem etter (produktivt arbeid tel meir enn reproduktivt osb.). Grunngjevinga er at det produktive arbeidet står direkte i hovudmotsetnaden mellom arbeid og kapital, medan dei andre formene står i eit formidla forhold til denne motsetnaden. Då kan det tidvis skje at dei kan koma i konflikt med dei produktive arbeidarane om fordelinga av den variable totalkapitalen. Dei tenande arbeidarane vil truleg ofte sjå det slik at det dryp meir på dei når det dryp mykje på kapitalistane.
Spørsmålet er så : Kor "langt" er det mellom dei ulike rollekombinasjonane? Korleis skal ein t.d. rangordna ei økonomisk rolle med sterk underklassetendens i høve ei ideologisk rolle med svak overklassetendens? Dette er eit helvete for alle empiriske oppfølgingar av smidige teoriar. Truleg vil ein berre kunna svara på slike spørsmål etter omfattande historiske og sosiologiske metastudium, og fara er då stor for at resultatet av slike studium vert forelda grunna samfunnsdynamikken. Söderfeldt fell til fote og lagar ein intervallskala - det er like langt mellom alle posisjonar. Operasjonaliseringsproblemet vert ikkje mindre av den andre variabelen: Kor lenge er den verksame delen av dei ulike rollene i dei ulike individa verksame?! Söderfeldt finn ei enkel løysing på det og. Han konstruerer ein indeks av dei to operasjonaliseringane og nyttar folke- og bustadteljinga for Sverige 1970 til å fordela individa på indeksen. Då finn han 18 distinkte grupper som han etter analyse reduserer til desse 9 gruppene:
Klasserang | % av yrkesaktive |
---|---|
1. Produktive arbeidarar | 37,4 |
2. Reproduktive arbeidarar | 11,4 |
3. Sirkulative arbeidarar | 10,8 |
4. Ikkje-produktive mellomlag | 12,5 |
|
|
5. Produktive mellomlag | 13,6 |
6. Det ideologiske apparatet | 8,1 |
7. Det administrative apparatet | 4,1 |
8. Valdsapparatet | 0,7 |
9. Kapitalistar | 1,0 |
Denne analysen er både ei utviding av og ein kritikk av Wright sin klassemodell. Kritikken går på at Wright handsamar dei heterogene mellomposisjonane uavhengig av heilskapen, og at Wright sin kategori "enkel vareproduksjon" er skin - det kan sjå ut som enkel vareproduksjon, men i røynda er denne typen småproduksjon heilt ut innbaka i den noverande kapitalismen. Söderfeldt seier seg og lei for at han var nøydd til å berre bruka yrkesstatistikk. Med det får han ikkje med seg pensjonistar, arbeidslause og trygda. For det er jo som han seier: Individa sine handlingar vert avgjort av heile tilveret. Grunnen er sjølvsagt at den offentlege statistikken ikkje er lagt opp slik at det skal vera lett å gjera klasseanalysar.
Söderfeldt sin analyse gjer det mogeleg å forstå svekkinga av klassemedvitet i etterkrigstida fram til 1980-talet. Det produktive arbeidet minkar relativt, og reproduktivt og sirkulativt arbeid aukar. Det røynleg underordna arbeidet aukar mykje. Dei teknokratiske og juridisk-politiske rollene vert viktigare. Utviklinga på 1980- og 90-talet er motstridande: Vekk frå produktivt arbeid, fram mot prosessarbeid, aukande framandgjering, meir ideologi - men altså og ei byrjande privatisering av det reproduktive arbeidet. Nettoresultatet av desse rolleendringane kviler då ufjelgt eintydig på intervallbruken i Söderfeldt sine operasjonaliseringar - og det er som sagt eit helvete!
Klassane er direkte framandgjorte fellesskap. Dei er drivverket i soga. Styrketilhøvet mellom klassane avgjer i stort kva som er mogeleg til ulike tider. Arbeidarklassen er den einaste klassen som kan oppheva framandgjeringa og ta tilbake grunnlaget for det menneskelege artsvesenet - skaparkrafta. Det lyt skje i allianse med mellomlaga. Ein lyt kjenna både det objektive og subjektive klassebiletet og endringane i desse bileta for å driva vellukka politikk. Verdsrevolusjonen kjem heilt sikkert ikkje til å byrja på Voss. Rett nok er Voss vidt, men verda er trass alt vidare. Voss er ikkje ein gong strukturlik Noreg.
Meininga med denne analysen er å visa korleis ein klasseanalyse kan gjerast konkret og i ein viss detalj for ein distriktskommune. Det var og meininga å nytta analysen til å finna nokre robuste koplingar mellom kommunetype og klassesamansetjing som gjorde at ein slapp å bruka så mykje tid på detaljane. Eg har gjort slike ting for grunnskulen. Det er ikkje så enkelt som det høyrast ut. Eg har diverre ikkje fått tid til å gjera det her. Dessutan er det interessant å sjå korleis klassetilhøva endrar seg over tid. Her vert presentert endringane mellom 1960 og 2000. Eg gjorde ein klasseanalyse av Voss for 1960, 1970 og 1980 då eg studerte samfunnsfag i 1981/82. Resultata vert i noko modifisert form lagt fram under. Dessutan har eg brukt Hernes & co sine kategoriar frå deira analyse i 1987 for å sjå korleis det slår ut i år 2000 for Voss.
Kva treng ein av data for å gjera klasseanalysar? Eg kunne ynskja meg data på individnivå for heile folkesetnaden: Yrkesdata på tre- eller firesiffernivå kopla til alle typar innkome, kjønn, deltidsarbeid og familierelasjonar samt tilsvarande opplysningar om dei ikkje-yrkesaktive. Så skulle eg hatt nokre millionar til å gjera subjektive analysar ved hjelp av tungt statistisk verkty. Slike data finst (heldigvis?) ikkje. Det er dessutan smått med millionar og tid. Eg hadde lyst til å gjera ein fullstendig kjønnsdelt analyse for alle hovudnæringar og alle klassar, men det måtte eg gje opp - data var ikkje gode nok, med unnatak for offentleg forvalting. Difor finst det ei slik komplett analyse under for denne hovudnæringa. Utgangspunktet er ein tabell frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) som viser alle sysselsette personar etter hovudinntekt mellom 16 og 74 år med postadresse Voss fordelt på kjønn og deltid/heiltid. Eg får då med alle sysselsette vossingar som jobbar på Voss og som pendlar ut.
Kommuneplan for Voss 2003-2014 gjev ein tilsvarande tabell for alle sysselsette som jobbar innanfor Voss kommune sine grenser, altså eksklusiv utpendling, men inklusiv innpendling.
Sidan utpendlinga er større enn innpendlinga, og truleg kvalitativt ulik, gjer eg her ein feil. Men feilen er liten. Vitsen er at kommuneplanen gjev eit godt bilete av endringane i hovudnæringane mellom 1990 og 2000. Dette gjev eg att som "tendens" i den første tabellen frå SSB. Då ser det slik ut:
Næring | I alt | Prosent | Tendens | Deltid | Heiltid | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | ||||
Jordbruk, skogbruk | 491 | 7,7 | Sterkt minkande | 69 | 112 | 4 | 18 |
Industri og bergverk | 580 | 9,1 | Minkande | 41 | 36 | 79 | 390 |
Olje og naturgass | 95 | 1,5 | Ikkje oppgjeve | 5 | 90 | ||
Kraft- og vassforsyning | 71 | 1,1 | Minkande | 7 | 2 | 5 | 57 |
Bygg og anlegg | 560 | 8,8 | Stabil | 17 | 18 | 17 | 448 |
Varehandel, hotell og restaurant | 1.202 | 18,8 | Stabil | 413 | 105 | 256 | 378 |
Transport og kommunikasjon | 501 | 7,9 | Svakt minkande | 22 | 40 | 47 | 350 |
Finansiell tenesteyting | 73 | 1,1 | Stabil | 7 | 37 | 29 | |
Forretningsmessig tenesteyting | 341 | 5,3 | Sterkt aukande | 50 | 20 | 91 | 145 |
Offentleg forvalting | 2.426 | 38 | Svakt aukande | 957 | 136 | 732 | 549 |
Ikkje oppgjeve | 41 | 0,6 | 7 | 1 | |||
I alt | 6.381 | 100 | Minkande | 1.590 | 470 | 1.273 | 2.454 |
Her er av plassomsyn ikkje teke med dei som ikkje har gjeve opp deltid eller heiltid (180 kvinner og 414 menn). Dette er særleg ille for jordbruk, skogbruk og fiske. Eg kjem difor til å nytta jordbruksteljinga frå 1999 når eg ser nærare på denne næringa.
Ut frå tabellen, tal frå arbeidsløysestatistikken og folketalet 16-74, kan ein rekna seg til desse to viktige samfunnsmessige parametrane:
Deltidsprosent for kvinner og menn 2000 | ||
---|---|---|
Kvinner | Menn | |
Voss | 56 | 16 |
Noreg | 43 | 10 |
Yrkesfrekvens for kvinner og menn 2000 | ||
---|---|---|
Kvinner | Menn | |
Voss | 68 | 74 |
Noreg | 69 | 78 |
Tala for Voss er høgare enn Panda-tala. Det skuldast at Panda (Plan- og analyseverkty for næring, demografi og arbeid, eit samarbeidstiltak mellom fylkeskommunane og Miljøverndepartementet) då dei rekna yrkesfrekvens ikkje tok med arbeidsløysa, og såleis ikkje fekk med seg heile arbeidsstyrken.
Dei to tabellane saman med Kostra-tala (kommune-stat-rapportering) for Voss gjev litt av grunnen til at kvinneinntekta på Voss ligg på 6. plass i Hordaland, medan mannsinntekta berre ligg på 28. plass. Det er og lett å skjøna at vossakvinnene skårar høgt på likestillingsindeksen (3. plass i Hordaland) slik den er definert. Meir underleg ut frå desse tala er det at vossakvinnene skårar berre litt over gjennomsnittet på levekårsindeksen. Ein kan få eit meir detaljert bilete av deltidsarbeidet ved å bruka yrkesstatistikk på tosiffernivå for arbeidstakarar. Slik statistikk er det mykje av på nettstaden til SSB: Statistikkbanken. Då ser utviklinga mellom 1995 og 2000 slik ut i prosent:
Kvinner | Menn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Arbeidstid | 4-19 timar | 20-29 timar | Meir enn 30 | 4-19 timar | 20-29 timar | Meir enn 30 |
1995 | 31,9 | 22,5 | 45,6 | 9,6 | 3,8 | 86,6 |
2000 | 34,3 | 21,2 | 44,5 | 8,1 | 4,8 | 87,1 |
Tabellen viser to motsette, men svake tendensar: Kvinnene går i retning kort deltid medan mennene går mot meir heiltid. Meir enn tredelen av kvinnene har kort deltid.
Eg brukar først kategoriane til Colbjørnsen, Hernes, Knudsen og Birkelund frå 1986. Dinest ser eg på korleis dette ser ut i tradisjonell analyse. Til slutt set eg analysen saman med resultata frå 1960,70 og 80. Datagrunnlaget er sysselsetjing på hovudnæringsnivå og yrkesstatistikk for arbeidstakarar på tosiffernivå. Då får eg ikkje med kapitalistar som ikkje er registrert som sysselsette. Eg får heller ikkje med t.d. hjelpepleiaren tilsett i kort deltid som får mesteparten av inntekta frå aksjeutbytte. Det er og verd å merkja seg at tala mine frå 1960/70/80 bygde på talet på sysselsette i Voss kommune, ikkje talet på sysselsette med postadresse Voss kommune. Feilen eg då gjer er meir av kvantitativ enn av kvalitativ art: Sentraliseringspresset er høgare i år 2000 enn i år 1970. Då er det rimeleg å tru at høvet mellom utpendling og innpendling frå Voss i år 2000 var mykje større enn i 1970. Konsistente grunnlagsdata skulle då seia at tala for 2000 skulle ha vore oppjusterte. Det tyder med andre ord at tala eg presenterer i oppsummeringa overdriv endringstakten.
Eg har nytta mykje tid på å snakka med folk som jobbar i dei ulike næringsgreinene. Det har vore lærerikt. Folk har vore svært hjelpsame - ein stor takk til alle saman, ingen nemnd, ingen gløymd. Slike opplysningar er heilt naudsynte skal ein få noko ut av statistikkane. Klassefordelinga kjem til slutt i samletabell.
Innhaldet i denne framstillinga er henta frå jordbruksteljinga 1999 og samtalar med relativt mange brukarar.
Bruksstorleik 1989-1999. Produktiv jord. Talet på gardsbruk | |||||
---|---|---|---|---|---|
0-49 dekar | 50-99 dekar | 100-199 dekar | 200-299 dekar | 300-499 dekar | |
1989 | 287 | 268 | 191 | 20 | 3 |
1999 | 157 | 210 | 225 | 36 | 4 |
Jordbruksareal i drift har auka. Då er tendensen klar: Konsentrasjon.
Nesten halvparten av driftsbygningane er bygt før 1950, 14 % mellom 1980 og 1989 og 8 % mellom 1990 og 1999. 19 % av brukarane er einslege, 45 % er eldre enn 50 år, men gjennomsnittsalderen har gått svakt ned frå 49,6 år til 48,5 år. Avløysarordning i prosent av total timebruk: Familie 12,3 %, Annan fast og tilfeldig arbeidskraft 6,7 % - altså om lag 140 årsverk, derav 50 over jordbruksavtalen.
Arbeidsinnsats. Tal på brukarar | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mindre enn 100 timar |
100-499 timar | 500-999 timar | 1.000-1.499 timar | Meir enn 1.500 timar |
|||||
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn |
114 | 11 | 156 | 90 | 114 | 107 | 62 | 108 | 74 | 290 |
21,9 % | 1,8 % | 30 % | 14,9 % | 21,9 % | 17,6 % | 11,9 % | 17,7 % | 14,2 % | 47,9 % |
Tal på driftseiningar etter arbeidsinnsats. Prosent | ||
---|---|---|
Mindre enn 1 årsverk | 1 - 1,9 årsverk | Meir enn 2 årsverk |
41,8 | 40,3 | 17,9 |
266 menn og 209 kvinner hadde ikkje arbeid utanfor bruket i 1999.
Inntekter
Boniteten er svært god. Det tyder på at det vert produsert differensialrente 1. Jordprisane har vore svakt aukande i realverdi dei siste 20 åra. Sidan realrenta har auka, skulle det tyda at den absolutte grunnrenta har auka. Nye lover (konsesjon, delingsmodell) og svakare låne- og støtteordningar gjev negativ personinntekt for ein aukande del av brukarane. Det tyder på at grunnrenta ikkje går til brukarane, men til dei store samvirkeverksemdene, bankane og utstyrsleverandørane. Tendensen no er svært negativ: Sjølv store bruk gjev opp, og sjølvmordsraten er høg. Dei nye EØS-reglane frå 2005 gjer ikkje saka betre.
Slutning: Dei 491 brukarane som har dette som hovudverksemd høyrer alle til den tradisjonelle småborgarskapen. Forholdet til deira eigne samvirkelag er under omforming: Samvirkelaga ter seg meir og meir som kva som helst storkonsern utan at dette kjem brukarane til gode. Vil brukarane på sikt enda opp som reine lønsarbeidarar med desse svære selskapa som arbeidsgjevar? Får me altså ei tilsynelatande tidleg kapitalistisk form midt under den noverande turbokapitalismen?
Kvinner (22,5 %) | Menn (77,5 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
34 | 66 | 9 | 91 |
Her har eg teke utgangspunkt i stillingsstrukturen i tre ulike verksemder: Ei "stor" eksportkonkurrerande nisjeverksemd, ei lita verksemd som har ein relativt stor del av omsetjinga som eksport, og ei middels stor verksemd som er skjerma. I tillegg har eg teke omsyn til 38 einmannsføretak (anslag), av dette 23 gardssagar.
Kvinner | Menn | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
5 | 90 |
Det jobbar vossingar i dei fleste selskapa i alle slags stillingar. Truleg er det få i catering. "Ein god slump av desse kan du nok plassera i arbeidarklassen," var vurderinga frå ein informant.
Kvinner (17 %) | Menn (83 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
58 | 42 | 3 | 97 |
Her har eg fått detaljerte opplysningar om stillingsstrukturen i det dåverande Voss og Omland Energi.
Kvinner (6 %) | Menn (94 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
50 | 50 | 4 | 96 |
Her har eg teke utgangspunkt i stillingsstrukturen i dei tre største vossaverksemdene. Så har eg teke omsyn til at rekneskap, bokføring, moms etc er utskild, at det er mange einmannsføretak og at relativt mange pendlar ut til større verksemder og anlegg.
Kvinner (57 %) | Menn (43 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
62 | 38 | 22 | 78 |
Eg har gått ut frå stillingsstrukturen i dei største hotella og teke omsyn til at her er mange små verksemder. Mesteparten av butikkane er overteke av dei store kjedene. Det har i ein viss mon ført til at det administrative apparatet er slanka. Her er mange ungdommar som jobbar kveld og helg utan tillegg, medan dei fast tilsette jobbar på dagtid deltid og med det ikkje får desse tillegga. Underkategorien "motorkøyretytenester" er problematisk både m.o.p. stillingsstruktur og produktivt arbeid.
Kvinner (15 %) | Menn (85 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
32 | 68 | 10 | 90 |
Eg har studert stillingsstrukturen i ei stor transportverksemd og teke omsyn til at her er mange einmannsføretak.
Kvinner (60 %) | Menn (40 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
16 | 84 | 100 |
Eg har jobba med stillingsstrukturen i ein av bankane.
Kvinner (45 %) | Menn (55 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
18 | 82 | 12 | 88 |
Her ligg m.a. det store dataeventyret på Voss: Norsk Språkteknologi (NST). NST skulle vera spydspissen i den store satsinga på høgteknologi. Her fekk dei trauste vessene nærkontakt av tredje grad med gutta boys frå Akersbrygga. År 2000 var eit høgdepunkt i den feberaktige utvidinga av verksemda. I tillegg til dei om lag 90 fast tilsette, kunne det tidvis vera like mange i prosjektgrupper. Verksemda var etablert i Voss, Sverige og Belgia. Styreleiar og toppleiar hadde sjølvsagt løner som det sømde seg representantar for "den nye økonomien". Året etter banka krisa på døra. Underskotet var på 72 millionar og kapitalen var oppbrukt. Konkurs truga, tilsette vart oppsagt og permittert. Etter fleire redningsoperasjonar og emisjonar går det i skrivande stund ut nye permisjonsvarslar til dei tilsette. Analysen byggjer på stillingsstrukturen i NST samt opplysningar om den veksande sysselsetjinga i små og nye rekneskapsfirma.
Kvinner (70,6 %) | Menn (29,4 %) | ||
---|---|---|---|
Deltid | Heiltid | Deltid | Heiltid |
57 | 43 | 20 | 80 |
Eg byggjer på detaljert oversyn over stillingsstrukturen i kommuneforvaltinga, dei fem vidaregåande skulane og det dåverande fylkessjukehuset. Det vert uhorveleg mykje teljing. Resultatet ser slik ut:
Fordeling etter klasse og kjønn i offentleg forvalting og annan tenesteyting (CHKB)
Arbeidarklasse | Halvautonome | Formenn | Rådgjevarar | Leiarar | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | |
Personar | 1.357 | 323 | 172 | 184 | 131 | 79 | 40 | 93 | 13 | 34 |
Prosent | 79 | 45 | 10 | 26 | 8 | 11 | 2 | 13 | 1 | 5 |
Prosent | 69 | 15 | 9 | 5 | 2 |
Rundt 80 % av kvinnene høyrer etter desse kriteria til arbeidarklassen. I dag er det meir vanleg å bruka arbeidsleiar, mellomleiar og toppleiar i staden for formann, rådgjevar og leiar. Korleis vert dette etter vanlege klasseanalysekriterium? Lønsstruktur og jobbinnhald for formenn skil seg ikkje merkbart frå ditto i arbeidarklassen. Eit anna spørsmål er korleis ein skal handsama toppleiarane. Den relative løna deira har minka dei siste tiåra. Dei vert i aukande grad overstyrt av staten. Rådmannen hadde inga makt over investeringane i år 2000. Dei låg i hendene på fylkesmannen sidan kommunen sto på staten sin svarteliste over slemme og dumme kommunar som gjekk med underskot og hadde høg nettogjeld. I tabellen under har eg og gløymd å plassera nokre få i den eigentlege småborgarskapen. Dei kjem frå kategorien "anna tenesteyting". Feilen eg då gjer er så liten at eg ikkje rettar han opp no.
Fordeling etter klasse og kjønn i offentleg forvalting og anna tenesteyting (vanlege klassekriterium)
Arbeidarklasse | Funksjonærsmåborgarskap | |||
---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | |
Personar | 1.488 | 402 | 225 | 311 |
Prosent | 87 | 56 | 13 | 44 |
Prosent | 78 | 22 |
Ikkje oppgjeve (41)
Her har eg gjort eit av mine mange sleipe kunstgrep: Etter å ha saumfare skattelikninga for år 2000, er det klart at eg "manglar" kapitalistar.
Næring | Arbeidar- klasse |
Halv- autonome |
Formenn | Råd-gjevarar | Leiarar | Små-borgarar | Små kapitalistar | Store kapitalistar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jordbruk | 491 | |||||||
Industri | 423 | 38 | 32 | 20 | 38 | 18 | 11 | |
Olje | 68 | 7 | 4 | 11 | 5 | |||
Kraft | 41 | 20 | 9 | 1 | ||||
Bygg | 379 | 40 | 29 | 2 | 97 | 10 | 3 | |
Vare | 955 | 63 | 33 | 10 | 50 | 83 | 8 | |
Transport | 380 | 52 | 24 | 10 | 20 | 15 | ||
Finansiell tenesteyting | 57 | 8 | 5 | 3 | ||||
Forr.messig tenesteyting | 52 | 171 | 6 | 18 | 7 | 76 | 10 | 1 |
Offentleg tenesteyting m.m | 1.680 | 356 | 210 | 133 | 47 | |||
Uoppgjevne | 31 | 10 | ||||||
Sum | 4.035 | 534 | 441 | 294 | 105 | 772 | 167 | 33 |
Prosent | 63 | 8 | 7 | 5 | 2 | 12 | 2,5 | 0,5 |
CHKB | 46,7 | 16,1 | 8,8 | 3,1 | 13,5 | 6,4 | 4,6 | 0,8 |
Som ein kan sjå av tabellen over, er det ikkje rare samsvaret mellom mi fordeling for Voss og CHKB si fordeling for Noreg. Dette skuldast at analysen min er for år 2000 medan CHKB si analyse er for 1982. Vidare har eg gjort ein objektiv analyse bygd på yrkesstatistikk, medan dei gjorde ein subjektiv utvalsanalyse. Sidan eg sjølv gjorde ein (vesal) subjektiv utvalsanalyse av Voss i 1982, kunne det vera interessant å samanlikna den fordelinga med CHKB si fordeling. Då får eg eit lite metodeproblem: Eg lyt transformera CHKB sine kategoriar til mine kategoriar utan å gjera for mykje vald mot deira operasjonalisering. Når eg gjer det, ser samanlikninga slik ut:
Arbeidarklasse | Småborgarleg funksjonærklasse |
Eigentleg småborgarskap |
Borgarskap | |
---|---|---|---|---|
CHKB 82 | 46,7 | 41,5 | 6,4 | 5,4 |
AA 82 | 55,1 | 10 | 28,5 | 5,8 |
Den objektive klassefordelinga for Voss i 1980 likna meir på den objektive klassefordelinga for Noreg i 1970. Ein ser at CHKB undervurderte storleiken på arbeidarklassen og overvurderte storleiken på mellomlaga, medan folk på Voss overvurderte storleiken på den eigentlege småborgarskapen og undervurderte storleiken på den småborgarlege funksjonærklassen. Grunnen til det siste skuldast at lærarane på Voss hadde store problem med klasseidentiteten sin. Dei spreidde seg i hytt og pine over alle kategoriar. Endeleg får ein vel seia at Voss i 1982 ikkje var representativ for Noreg, heller ikkje Noreg i år 1970. Voss var den gongen plassert i kommunetype 9 i SSB sin kommunetypologi, ein kategori som ikkje let seg passa inn i dei åtte vanlege typane, ein kategori som var korkje fisk eller fugl.
Næring | Sysselsette | Arbeidarklasse | Småborgarleg funksjonærklasse | Eigentleg småborgarskap | Borgarskap |
---|---|---|---|---|---|
Jordbruk,skogbruk og fiske P | 491 | 491 | |||
Industri og bergverk P | 580 | 461 | 52 | 47 | 20 |
Utvinning av olje og naturgass P | 95 | 72 | 23 | ||
Kraft- og vassforsyning P | 71 | 61 | |||
Bygg og anlegg P | 560 | 419 | 31 | 105 | 5 |
Varehandel, hotell og restaurant | 1.202 | 1.018 | 43 | 120 | 21 |
Transport og kommunikasjon P | 561 | 432 | 34 | 30 | 5 |
Finansiell tenesteyting | 73 | 65 | 8 | ||
Forretningsmessig tenesteyting, eigedom | 341 | 58 | 196 | 81 | 6 |
Offentleg forvalting og tenesteyting | 2.426 | 1.890 | 536 | ||
Ikkje oppgjeve | 41 | 41 | |||
Sum | 6.381 | 4.476 | 933 | 874 | 98 |
Prosent | 100 | 70 | 15 | 13,5 | 1,5 |
Eg har merka meirverdiproduserande næringar med P. Den produktive delen av arbeidarklassen (eksklusiv produktive arbeidarar i varehandel og hotell) vert då 29 %.
Næring | Sysselsette | Arbeidarklasse | Småborgarleg funksjonærklasse | Eigentleg småborgarskap | Borgarskap |
---|---|---|---|---|---|
Jordbruk, skogbruk og fiske | 1.396 | 146 | 1.250 | 20 | |
Industri og bergverk | 775 | 525 | 100 | 100 | 50 |
Kraft- og vassforsyning | 46 | 31 | 15 | ||
Bygg og anlegg | 633 | 460 | 85 | 73 | 15 |
Varehandel, hotell og restaurant | 404 | 252 | 50 | 92 | 10 |
Transport og kommunikasjon | 623 | 531 | 52 | 30 | 10 |
Finansiell tenesteyting | 46 | 44 | 2 | ||
Eigedomsdrift | 3 | 2 | 1 | ||
Offentleg administrasjon og forsvar | 177 | 85 | 90 | 2 | |
Tenesteyting | 395 | 203 | 160 | 28 | 5 |
Personleg tenesteyting | 375 | 254 | 70 | 45 | 6 |
Sum | 4.873 | 2.487 | 668 | 1.599 | 120 |
Prosent | 100 | 51 | 13,5 | 33 | 2,5 |
Det er mykje stygt eg kan seia om datakvaliteten her. Sidan dette var før kommunesamanslåinga av Evanger, Voss og Vossestrand, har eg slått saman tal. Men det er ikkje så enkelt som det høyrast ut. Dessutan byggjer tala på ein lapskaus av ulike kjelder.
Næring | Sysselsette | Arbeidarklasse | Småborgarleg funksjonærklasse | Eigentleg småborgarskap | Borgarskap |
---|---|---|---|---|---|
Jordbruk, skogbruk og fiske | 1.633 | 87 | 1.532 | 14 | |
Industri og bergverk | 787 | 561 | 128 | 45 | 53 |
Kraft- og vassforsyning | 60 | 18 | 40 | 2 | |
Bygg og anlegg | 701 | 554 | 56 | 70 | 21 |
Varehandel, hotell og restaurant | 665 | 490 | 100 | 55 | 20 |
Transport og kommunikasjon | 636 | 455 | 35 | 135 | 11 |
Finansiell tenesteyting | 63 | 36 | 23 | 2 | |
Offentleg administrasjon og forsvar | 322 | 192 | 120 | 10 | |
Tenesteyting | 856 | 518 | 300 | 22 | 16 |
Personleg tenesteyting | 466 | 313 | 80 | 65 | 8 |
Sum | 6.189 | 3.226 | 882 | 1.924 | 157 |
Prosent | 100 | 52 | 14,5 | 31 | 2,5 |
Det er grunn til å tru at jordbrukstala er noko for høge her.
Næring | Sysselsette | Arbeidarklasse | Småborgarleg funksjonærklasse | Eigentleg småborgarskap | Borgarskap |
---|---|---|---|---|---|
Jordbruk, skogbruk og fiske | 1.088 | 20 | 1.054 | 14 | |
Industri og bergverk | 810 | 590 | 130 | 40 | 50 |
Kraft- og vassforsyning | 90 | 37 | 50 | 3 | |
Bygg og anlegg | 804 | 631 | 70 | 75 | 28 |
Varehandel, hotell og restaurant | 1.323 | 1.066 | 227 | 70 | 40 |
Transport og kommunikasjon | 630 | 531 | 50 | 40 | 9 |
Finansiell tenesteyting | 57 | 30 | 25 | 2 | |
Forretningsmessig tenesteyting, eigedom | 112 | 58 | 40 | 10 | 4 |
Offentleg forvalting og tenesteyting | 2.254 | 1.304 | 908 | 15 | 27 |
Sum | 7.168 | 4.207 | 1.480 | 1.304 | 177 |
Prosent | 100 | 59 | 20,5 | 18 | 2,5 |
Desse tala er bygt på opplysningar i kommuneplanar. Dei gjev opp sysselsette som jobbar i Voss kommune, altså inklusiv innpendling, men eksklusiv utpendling. Dei kan altså ikkje verta beinveges samanlikna med resultata for 2000 som tek med utpendling, men ikkje innpendling. Det er grunn til å tru at sentraliseringa kring 1980 hadde mindre omfang enn no både for innpendling og for utpendling, men at innpendlinga den gongen var større enn utpendlinga. Det kan tyda på at 1970- og 80-tala omrekna til same definisjon som for 2000 hadde vorte lågare. Endringane mellom 1980 og 2000 hadde då vorte litt mindre "bratte".
Utvikling av klassestrukturen på Voss. Prosent | ||||
---|---|---|---|---|
Årstal | Arbeidarklasse | Småborgarleg funksjonærklasse | Eigentleg småborgarskap | Borgarskap |
1960 | 51 | 13,5 | 33 | 2,5 |
1970 | 52 | 14,5 | 31 | 2,5 |
1980 | 59 | 20,5 | 18 | 2,5 |
2000 | 70 | 15 | 13,5 | 1,5 |
Produktiv del av arbeidarklassen i prosent av heile klassen | |
---|---|
Årstal | Prosent |
1960 | 69 |
1970 | 52 |
1980 | 43 |
2000 | 29 |
Voss har gått gjennom ei stor endring av næringsstrukturen mellom 1960 og 2000: Frå eit svakt jordbruksdominert samfunn i 1960, via ei blandingstype i 1980 til eit tenestedominert samfunn i 2000. Privat og offentleg tenesteyting tok 29% av sysselsetjinga i 1960. I år 2000 var sysselsetjinga i desse næringane 63%. Frå litt ut på 80-talet til i dag har folketalet minka frå omlag14.300 til under 13.800. Utpendlinga er dessutan aukande. Sentraliseringa skyt fart. Jordbruket er kriseråka og ser ut til å ha ei nattsvart framtid. Kommuneforvaltinga har vore under press sidan 1978 og har tilliks med så mange andre kommunar i fleire år skore ned på velferdstenestene.
Tre slakteri, BAMA og mange statlege arbeidsplassar har forsvunne i den siste bolken. Verksemdene er små og spreidde. Institusjonaliseringa har auka mykje i handelsnæringa - dei fleste butikkane er no kjøpt opp av dei store kjedene. Arbeidarklassen har auka sin del av sysselsetjinga gjennom heile perioden. Grunnen er proletarisering og degradering av arbeid. Auken ser ut til å vera svakt eksponentiell, men når eg korrigerer for inkonsistens i datagrunnlaget er han faktisk forbløffande lineær.
Mykje viktigare: Eit klart fleirtal av arbeidarklassen på Voss er kvinner. Den største verksemda på Voss er sjukehuset. Nesten kvar femte sysselsett jobbar i den sterkt kvinnedominerte kommuneforvaltinga. Like viktig: Det finst ikkje noko kjerneproletariat på Voss. Arbeidarklassen er dessutan geografisk spreidd og fragmentert. Borgarskapen har minka med eitt prosentpoeng frå 1980 til 2000. Eg tolkar dette som ei ovring av auka institusjonalisering av kapital. Då sit ein att med eit bilete som samsvarer godt med Marx sine spådomar om korleis klassesamfunna kom til å utvikla seg.
Kva kan ein så venta seg av klassemedvit, mobilisering og kollektiv fagleg og politisk kamp av denne fragmenterte, kvinnedominerte, deltidsarbeidande arbeidarklassen? Ein gradmålar kan vera den politiske representasjonen i kommunestyret. Stutt sagt har korkje høgre- eller venstresida hatt noko særleg suksess. Bondepartiet/Sp saman med V har teke vare på dei moderate høgreinteressene heilt sidan 1920-talet, medan Ap har teke vare på høgresosialdemokratiske interesser etter krigen. Resultatet av splittinga av Ap og skipinga av NKP i 1923 er symptomatisk: I Hordaland var det berre på Voss og i Arna at Ap fekk fleirtal (eit stort fleirtal), medan NKP vann avrøystingane i dei andre kommunane dei hadde lag i (Einhart Lorentz: Det er ingen kunst å få partiet lite. NKP 1923-1931).
Næringsstrukturen på Voss var den gongen klart jordbruksdominert. Den største industriverksemda (den største nokosinne) var skiferdrifta som sysselsette 400 mann. Samstundes var denne verksemda med si blanding av benkeeigarar og tilsette sjølve prototypen på patriarkalske maktforhold og uklare klassefrontar. Elles var lokomotivstallen ein stor arbeidsplass (om lag 100), og jernbana sysselsette mange oppover i Raundalen. Det var ein ullvarefabrikk (40-50), to sagbruk (40) og to busselskap. Det som skulle verta til Hordaland Mekaniske Verkstad (HMV) gjekk enno under namnet Autoreparasjon (samtale med Johannes Gjerdåker). Det var altså heller ikkje då eit eigentleg kjerneproletariat på Voss.
Korleis var fagforeiningsprofilen til det dåverande Jernbaneforbundet? Det veit eg ikkje. Men næringsstrukturen "borga for" ein sentrumsdominert kommunalpolitikk og ein høgrevridd arbeidarpolitikk. Eg ser ein viss kontinuitet i dette biletet i heile perioden fram til årtusenskiftet på tvers av alle strukturendringar. Tradisjonar er ikkje berre overbygningsfenomen og ideologiske hildringar. Dei er tunge, nesten materielle føringar for det politiske medvitet. Dette medvitet heng dessutan alltid etter dei materielle endringane. Når desse endringane skjer snøgt, som i etterkrigstida, er det rimeleg at klassemedvitet til folk vert litt svimeslege.
Braverman sin teori om degradering av arbeid gjer det lettare å skjøna avstanden mellom det objektive og det subjektive. Viss det er mange blanda klasseposisjonar, som Colbjørnsen/Hernes/Knudsen/Birkelund og Söderfeldt fokuserer på, er det vanskeleg å sjå nytte i kollektive og militante strategiar. Dei formidla klassemotseiingane ovrar seg som alle slags kvardagslege og ikkje minst synlege motseiingar mellom ulike delar av klassane. Resultatet er eit kvardagsmedvit som nok kan rekka til heilt naudsynte taktiske kampar, men som ikkje kan utvikla ein eigentleg samlande strategisk linje. Geografiske avstandar, aukande utpendling og eit tradisjonelt passivt høgresosialdemokratisk Samorg (då det var eit Samorg) dreg i same retning.
Dei kvinnerike fagforbunda har relativt liten tradisjon på og røynsle med politisert klassekamp. Brutaliseringa av arbeidslivet gjer det verre å halda hovudet over vatnet og engasjera seg. Alle desse momenta dreg i retning eit stort gap mellom det objektive og det subjektive. Men eg har tru på at Engels visste kva han snakka om då han la fram dei dialektiske "lovene" i Anti-Dühring. Ei av desse "lovene" går slik etter minnet: Kvantitet går på eit visst nivå over i kvalitet. Alt tyder på at EU-tilpassing, privatisering, brutalisering, sentralisering, kommunetyning, degradering og proletarisering vil halda fram. Arbeidarklassen vil veksa, mellomlaga vil etter kvart få svi. Bøndene har svidd lenge. Dette vil tvinga fram forsvarskampar på mange nivå. Staten vil tvillaust prøva på å ta knekken på sjukehuset. Det vert ein eigen kamp. Når distriktsopprøra får moment og tyngd, vil dei pressa kommunestyra til å setja seg konkret opp mot staten. Grendene har bokstaveleg tala allereie kniven på strupen av staten si tyning av kommunal infrastruktur og jordbruk. Dei vil etter kvart sjå at dei ikkje kan vinna fram gjennom framlegg om å skjera ned på Vossevangen etter krybbebitarprinsipp (og omvendt). Den ti år gamle alliansen frå EU-kampen mellom Bonde-og småbrukarlaget, Nei til EU og venstresida vil verta viktigare. Den parlamentariske kampen vil verta viktigare.
Til slutt: Ein god kvinnepolitikk vil verta veldig viktig. Kapital fragmenterer og framandgjer. Samstundes pressar han folk saman i så tette, tydelege og umogelege posisjonar at dei må verja seg. Kampen kan auka medvitet, motverka den ideologiske framandgjeringa, smi nye alliansar og opna opp nye visjonar og strategiar. Eit vellukka resultat avheng av at det finst eit oppegåande kommunistparti. Og då meiner eg oppegåande.
som eg hadde nytte av som ikkje er nemnd beinveges i sjølve teksten: