AKP-arkivet

Er ikkje NEI alternativet til JA?

av Erling Folkvord, gruppeleiar for RV i Oslo bystyre Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen er trykt i Klassekampen 28. september 2004


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Stortingsgruppa i SV støtta i august Bondevik-regjeringas JA til at offiserar frå quislingregimet i Bagdad skal få trening i Norge. Etter at Klassekampen skreiv om dette, fekk vi m.a. vite at stortingsgruppa handla på tvers av vedtak i Oslo SV som meinte at "det Norge gjør ved å trene irakiske regjeringssoldater, er å forlenge den tilstanden av kaos, krig og terror som preger Irak i dag". Bergen SV meinte det same. Men på Stortinget var det ingen SV-arar verken frå Oslo eller Bergen som forsvarte det synet som lokalpartia stod på.

Stortingsrepresentant Langeland, som i 1999 sa eit personleg NEI da SV-leiinga og stortingsgruppa støtta norsk krig mot Jugoslavia, såg no ut til å ha tvilt seg fram til eit JA i den utvida utanrikskomiteen: "Jeg hadde dårlig magefølelse under behandlingen av dette forslaget. Men hva er alternativet? Mitt håp er at det kan bidra til å få okkupantene tidligere ut." (KK 26.08.04.)

Dagen etter slo nestleiar Djupedal fast at "Dette er et ledd i kampen for et fritt og uavhengig Irak" (KK 27.08.04). Det er nyansar i grunngivinga, men begge sa JA.

Mange eg har møtt i antikrigsarbeidet og i solidaritetsarbeidet for den irakiske opposisjonen har hatt eit enklare syn, heilt sida den første USA-krigen mot Irak i 1991: Alternativet til å støtte stormaktskrig er å seie NEI både til krigen, okkupasjonen og det quislingregimet som okkupanten har installert. Alternativet til JA er faktisk NEI.

I februar 2003 var SV på parti med folkefleirtalet som sa NEI til norsk deltaking i krigen mot Irak. I juni 2003 sa SV NEI til å sende ei norsk okkupasjonsstyrke til Irak. Våren 2004 kravde SV at dei siste norske offiserane skulle hentast heim. Alt dette gjorde SV utan å leggje eit detaljert "alternativ" på bordet.

Men så, i august 2004, etter at imperialiststatane Frankrike og Tyskland hadde inngått eit kompromiss med USA i Nato, seier stortings-SV JA til det USA ber om. Eg oppfordrar Hallgeir Langeland til å forklare korfor SV si stortingsgruppe da plutseleg måtte ha eit "alternativ" før det var muleg å seie NEI til norsk trening av offiserar frå det USA-innsette regimet i Bagdad?

Kan det ha litt samanheng med at forsvarspolitisk talsmann Kjetil Bjørklund nyleg (KK 23.08.04) kunngjorde at SV er "klar for å ta over ansvaret" i Forsvarsdepartementet i ei ny regjering saman med Nato-tilhengjarane Ap og Sp?

Spørsmåla om SVs JA til USA sine ønskjer etter kompromisset i Nato er like aktuelle sjølv om SV snudde litt etter at Dagsavisen sist torsdag hadde ei meiningsmåling som viste at sju av ti veljarar seier NEI. For SVs nye NEI gjeld ifølgje Bjørklund berre "så lenge kriteriene ikke er bedre definert".


| Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside