AKP-arkivet

Krigen på Balkan og Norges plass
i angrepsalliansen Nato

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Innleiing i Tromsø 8. mai 1999 på ope møte arrangert av RV og AKP


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Det finst krigsmotstandarar som meiner det serbiske Milosevic-regimet er ein uskyldig part. For nokre veker sia snakka eg med tilsynelatande oppegåande personar som sa at alvorlege serbiske overgrep mot albanarane i Kosova enda ikkje var bevist. Mitt syn er at dei som hevdar denslags er politisk blinde på meire enn eitt auge.

I all krig blir det laga løgnpropaganda. Men det finst metoder for å sortere løgn frå fakta. Både enkelte av OSSE-rapportane og den store intervju-undersøkjinga frå Leger utan grenser inneheld meir enn nok av bestialsk rapportering som er kryssjekka på ein seriøs måte. Derfor meiner eg at dei er langt ute på feil jorde dei som framleis måtte gå rundt i det trygge Norge våren 1999 og frikjenne Milosevic-regimet frå å drive med den gamle typen terror som på 90-talet blir kalla etnisk rensing. Om nokon skulle tru at den slags er noko som Milosevic sine bandar først har funni på etter 24. mars 1999, kan eg anbefale ei lita, men uhyggeleg bok: Helvetes tiende port. Et halvt år i dødsleir i Bosnia. Forfattaren er Rezak Hukanovic og norsk utgåve kom på Sypress Forlag i 1993.

Det krigen ikkje handlar om

Hadde Nato vori ute etter å hindre eller begrense humanitære katastrofar, ja så hadde dei vald metodar som kunne tene eit sånt formål. Dei kunne for eksempel mangedobla talet på sivile observatørar i staden for å trekke dei ut.

Hadde skiftande norske regjeringar i tida etter Murens fall vori ute etter å hindre humanitære overgrep mot kosova-albanarar, så hadde dei ikkje tvangssendt kjerkeasylantar og andre flyktningar tilbake til Milosevic sin terror berre for nokre få år sia.

Hadde dagens regjering vori ute etter å lindre naud så langt råd er, ja da hadde dei - etter at krigshelvetet var eit faktum - heilt eller delvis følgt rådet frå Regnbuen antirasistisk senter her i Tromsø. Regnbuen ba jo justisminister Dørum om å ta i bruk den ferdige mottaksberedskapen som fylkesmannskontora har liggjande klar i arkivskapa. Den beredskapen gjer det muleg å ta i mot 50.000 personar.

Derfor kan vi heilt fornuftsmessig slå fast at korkje Clinton, Blair eller vår heimlege Bombevik var ute etter å hindre ei humanitær katastrofe. Om vi vurderer desse tre personane ut frå deira eigne gjerningar, må vi berre innsjå at det dei er ute etter er så viktig at dei vil gjennomføre det sjøl om det var heilt forutsigbart - entirely predictable, som øverstkommanderande Wesley Clark sa - at flybombinga ville føre til ei humanitær katastrofe.

Mussolini 1935 - Clinton & co i 1999

Det liknar på situasjonen for 64 år sia. Da starta Muusolini krig mot Etiopia og sa til italienarane at det var for å befri slavane som leid så fælt under diktaturet til Haile Selassie. Og det var eit brutalt diktatur i Etiopia.

Ingen av dei tre nemnde krigsstiftarane i 1999 er fascistar. Men dei kopierer Mussolini på to punkt: For det første misbruker dei rettferdig motstand mot eit brutalt terrorregime for å skjule at dei sjøl fører ein tradisjonell, imperialistisk angrepskrig. Ein omfordelingskrig for å få kontroll over nytt land.

Den andre likskapen er at Mussolinis krig mot Etopia i 1935 og 1936 øydela Folkeforbundet. Det ser ut til at Clintons, Blairs og Bombeviks krig mot Jugoslavia i 1999 øydelegg FN på liknande måte. FN-paktas skjøre system for fredeleg løysing av konfliktar blir no erstatta av amerikansk kanonbåtdiplomati med datatstyrte kryssar-rakettar som er så kirurgisk treffsikre at det berre er nokre få av dei som treffer feil land og for eksempel øydelegg eit bustadhus i Bulgarias hovudstad istadenfor ein TV-stasjon i Jugoslavia.

Kapitalens fire friheter

Dei såkalla Rambouillet-forhandlingane var ikkje forhandlingar, men ein seremoni for å skaffe påskot til eit USA-styrt NATO-angrep. Ein av dei som stør Natos krigføring, professor Svein Mønnesland, vedgår i Klassekampen i dag at det var eit diktat. (Mønnesland seier: "Riktignok var avtalen et diktat, men kravene som stilles er ikke urimelige".)

Eg skal nøye meg med å sitere eitt av dei sentrale punkta i den avtalen som den norske statsministeren ikkje brydde seg om å lese før han på vegne av Norge braut FN-pakta og tok den historiske avgjerda om angrepskrig mot Jugoslavia.

Kapitel 4, artikkel 1 seier kort og enkelt:

"Økonomien i Kosovo skal fungere i samsvar med dei frie marknadsprinsippa (...) Det skal ikkje vere hindringar for den frie bevegelsa av personar, varer, tenester og kapital til eller frå Kosovo". (Omsett frå engelsk original av EF.)

Du har heilt rett viss du synst dette liknar på noko du har høyrt før. Det er Europa-unionens grunnlov om kapitalens fire friheter - ikkje Kosovas frihet - som er skrivi inn i Rambouillet-avtalen.

Det var desse prinsippa - og resten av Maaastrichttraktaten - som den norske folkeavstemninga i 1994 handla om. Og det var den norske NEI-regjeringa som fem år seinare gjorde felles sak med USA og gjekk til krig for å innføre desse frie marknadsprinsippa i ein del av Jugoslavia.

Rambouillet og 1914

Resten av Rambouillet-avtalen er forøvrig ned til minste detalj utforma som ein okkupasjonsavtale som USA visste at ingen sjølstendig stat kunne godta. Likskapen er slåande med dei dramatiske hendingane før krigsutbrotet i 1914.

Eg skal sitere litt frå eit dansk leksikon utgitt i 1928. Etter å ha skildra opptakten til krisa, skriv dei at den serbiske regjeringa 23. juli kl. 18.00 fekk overlevert "et Ultimatum af saadant Indhold og Form, at ingen serbisk Regering kunde gaa ind på dets Fordringer." Men Serbia vart sett under internasjonalt press for å unngå krig, og "den serbiske Regering gik da ind paa alt hvad Østerrig havde forlangt, undtagen de Fordringer, der stred mod Serbiens Stilling som selvstændig Stat". Dette var ikkje godt nok for Østerrike som derfor erklærte krig mot Serbia fem dagar seinare.

Eg synst det liknar litt for mykje. Østerrikes krav overfor Serbia var med vilje formulert slik at svaret måtte bli nei. USA sitt spel rundt Rambouillet følgjer den østerikske taktikken frå 1914 nærmest punkt for punkt. USA kravde at Kosova skulle bli eit Nato-protektorat der Nato sin militærguvernør m.a. skulle ha rett til å godkjenne og underkjenne dei partia som skulle få stille til val. Dei kravde at Nato skulle ha full disposisjonsrett til infrastrukturen i heile Jugoslavia, medrekna jernbanar, vegar, telesamband og flyplassar. Det står i avtalen at jugoslavisk arbeidslivs- og selskapslovgiving ikkje skal gjelde for utanlandske selskap som etablerer seg i Jugoslavia berre for å ta oppdrag for Nato og at jugoslaviske statsborgarar som arbeider for Nato ikkje skal betale inntektsskatt. - Dette er krav av same slag som Wehrmacht stilte til det norske Stortinget i 1940.

Hjernane bak Rambouillet - dvs. dei som styrer Nato - må ha skjønt at dette var krav som inga jugoslavisk regjering kunne godta. Jugoslavia kunne ikkje godta krava ganske enkelt fordi krava stod i motsetning til at Jugoslavia er ein sjølstendig stat - akkurat slik som i juli 1914.

Dermed vart Rambouillet den ytre hendinga - det påskotet - som utløyste den foreløpig siste oppdelingskrigen på Balkan på 1990-talet. Men alle som tenkjer humanitært måtte sjå at flybombinga som starta 24. mars best kan samanliknast med å sprøyte bensin istadenfor vatn på eit brennande hus som du veit det er folk inne i. (Jfr. Carl Bildts framsynte førehandsåtvaring mot å gå til krig.)

Berlinmurens fall og Jalta-avtalen

La oss ta eit lynraskt - og forenkla - tilbakeblikk. Da Berlinmuren vart knust natt til 10. november 1989 - for mindre enn 10 år sia - var det Jalta-avtalen frå 1945 om delinga av Europa mellom stormaktene som hamna på den historiske skraphaugen. I ei bok som Pål Steigan, tidlegare partileiar i AKP, ga ut for sju år sia, hevda han at "det er ikke bare Jalta som ligger der i murpussen etter Berlinmuren. I ruinene av det Jugoslavia som ikke lenger finnes, ligger også en betydelig del av resultatene av den forrige imperialistiske krigen i Europa." Titelen på boka var Vargtid - eller myten om en fredelig verdensorden.

Steigan meinte i 1992 at samanbrotet i Sovjetunionen og oppløysinga av Jugoslavia året før ikkje var starten på ein periode med fred og samarbeid. Han hevda at det kom til å bli innleiinga til ein periode med krig og ustabilitet. Dei sju åra som har gått, har gitt han meire rett enn nokon kan vere glad for.

Imperialismen tåler ikkje "tomrom" i hegemonisystemet

Det hundreåret som snart er slutt, har vist oss at imperialismen ikkje tåler det vi kan kalle "tomrom" i hegemonisystemet mellom stormaktene. Versaillesfreden etter 1. verdskrigen var ikkje noko anna enn seierherrane si deling av verda mellom seg. Østerrike-Ungarn gjekk i oppløysing. Det ottomanske rike som hadde kontrollert store delar av Balkan, og store delar av Egypt og Midtausten ramla saman før og under krigen. Dermed rykka andre makter inn for å fylle tomromet. Storbritannia tok for eksempel Egypt og Palestina og sterk kontroll over Irak. Frankrike tok Syria. Balkan vart delt opp i sjølstendige statar. Jugoslavia vart oppretta som eit kompromiss mellom maktblokkene.

Den arrogansen som seierherrane viste etter 1. verdskrigen, la ein del av grunnlaget for neste storkrig. Det tapande Tyskland vart både vanæra og ilagt enorme krigserstatningar. I neste omgang ga dette Hitler eit grunnlag for å mobilisere og agitere både på såra nasjonalkjensle og den høgst reelle fattigdomen. Og den neste storkrigen endte som vi veit, med at dei tre store, Churchill, Stalin og Roosevelt møttest på Jalta i februar 1945 og vart enige om den innbyrdes oppdelinga av Europa mellom stormaktene ut frå dei nye styrkeforholda som var skapt gjennom krigen.

Jalta-avtalen sto seg gjennom den kalde krigen. Korkje borgarkrigen i Hellas, Ungarn-krisa i 1956 eller Warzawapaktas invasjon i Tsjekkoslovakia i 1968 rokka ved den oppdelinga som vart teikna ut på Jalta. Men da Berlin-muren vart knust natt til 10. november 1989 var det snart slutt. Oppløysinga av Sovjetunionen og Jugoslavia i 1991 gjorde det heilt klart: No var store delar av den maktbalansen som to verdskriger hadde skapt mellom stormaktene i Europa, annulert.

Tid for nyoppdeling

I den imperialistiske epoken betyr denslags berre ein ting: Tida er inne for nyoppdeling! Samanbrotet i Sovjet og oppløysinga av Jugoslavia "åpna" eit svært område for nyoppdeling: Heile området i Europa mellom austgrensa til Vest-Tyskland og til den russiske vestgrensa. Heile det gamle Austeuropa. Området frå Adriaterhavet og til Svartehavet og vidare austover gjennom dei tidlegare sovjetrepublikkane heilt fram til den kinesiske grensa. Det er dette området ein av dei sikkerhetspolitiske rådgivarane til Clinton kallar Den eurasiatiske korridoren. Spørsmålet vart kort og enkelt: Kven skal ta over etter Sovjets hegemoni over Estland, Litauen, Latvia, Polen, Ungarn, Tsjekkoslovakia, DDR, Romania, Ukraina, Moldova, Bulgaria og dei tidlegare jugsolaviske republikkane. Alt dette var område som Sovjet hadde rett til å dominere ifølgje den annulerte Jalta-avtalen. Og vidare: Kven skal dominere det olje- og mineralrike beltet som strekker seg frå Georgia og Aserbadsjan og heilt fram til Uzbekistan? Aldri før i imperialismens brutale og blodige historie har eit så stort område vori klart for nyoppdeling mellom stormaktene.

Dette skapte ein så sterk ustabilitet at krigar ikkje var til å unngå. Og krigane har komi på rekkje og rad i det som var sagt å skulle bli ein ny fredeleg periode med Partnerskap for fred o.l. På 50-årsdagen var Nato i gang med tre krigar: USA og England sin bombekrig mot Irak sia desember 1998, Tyrkias krig mot den kurdisk frigjeringshæren og heile Natos krig mot Jugoslavia. Dessverre er det ingen grunn til å tru at dette vil bli dei siste angrepskrigane frå Nato si side.

Tysk framrykking i 1991

Det kompromisset som Jugoslavia hadde vori, vart knust da Tyskland i 1991 pressa fram ei rekordrask EU-godkjenning av utbrytarstatane Kroatia og Slovenia. No galdt for alle å rive til seg mest muleg før støvet la seg og ein ny orden skulle opprettast.

Godkjenninga av Kroatia var eit fritt fram-signal til dei kreftene som ville drive serbarane ut av Krajina og Aust-Slavonia og som ville gjere det vestlege Bosnia-Hercegovina til ein kroatisk republikk. Men det betydde og at dei serbiske nasjonalistane som ville skape eit Stor-Serbia på ruinane av Tito sin stat, måtte skynde seg. Den tyske iveren etter å sikre seg kontroll med Kroatia - der tysk kapital har hatt og har stor makt og tette band - dreiv fram både borgarkrigane og den etniske rensinga i Jugoslavia. Dei som styrte Tysklands og EUs politikk snudde det døve øyret til dei som kravde at ingen del av Jugoslavia skulle bli internasjonalt anerkjent som sjøstendig stat før ein internasjonal konferanse hadde utforma avtalar både om innbyrdes grenser og om fulle nasjonale og kulturelle rettigheter for alle etniske grupper.

Det tyske initiativet i 1991 er ein viktig del av forklaringa, men det reduserer sjølsagt ikkje det sjølvstendige ansvaret til nasjonalsjåvinistiske bandittar som Tudjman og Milosevic.

Tyskland tok USA på senga i 1991. Men USA brukte ikkje lang tid på å trappe opp sin eigen innsats for å bli med på gjenoppdelinga av Balkan. Eit av dei første stega var å gjere Albania til eit amerikansk lydrike. Seinare har dei rykka fram nokså allsidig mot det såkalte "Rest-Jugoslavia", heilt til framrykkinga skifta over til åpen krig 24. mars 1999.

Det fredelege Norge budde seg på angrepskrig i 1994

Det er berre delvis sant at Stortinget og regjeringa ikkje var budd på denne krigen. Militært sett er Norge ikkje klar for slik krigføring, ganske enkelt fordi det alt vesentlege av militær opplæring og planleggjing og militære utstyrsinnkjøp i Norge har tatt utgangspunkt i at forsvaret skal brukas defensivt. Det tar lang tid å snu på dette, sjøl om snuoperasjonen starta for fleire år sia.

Men på eitt område har Norge vori føre var. Hausten 1994 laga Stortinget den prosedyren som skal følgjast når Norge skal gå til angrepskrig i strid med folkeretten og FN-pakta. Desse reglane var ein del av ei større sak med den tydelege overskrifta Bruk av norske styrker i ulandet. (Forsvarskomiteens innstilling S. nr. 23 (1994-95) for dei som vil gå til originalkjeldene.) Stortingsfleirtalet slo da ettertrykkeleg fast at

"eventuell norsk deltakelse i (…) fredsoperasjoner uten formelt mandat fra FN eller OSSE, (…) vil måtte vurderes i hvert enkelt tilfelle og forelegges Stortinget."

Denne setninga bør du lese eit par gonger. Viss du trur at setninga betyr at Stortinget skal fatte vedtak før Norge kan gå til angrepskrig, så har du misforstått. Uttrykket "fredsoperasjoner uten formelt mandat fra FN" er den ord- og bokstavsamanstillinga som stortingspolitikarar bruker når dei meiner angrepskrig eller berre regulær krig. Og dei to orda "forelegges Stortinget" betyr ikkje at Stortinget skal fatte vedtak i saka eller behandle spørsmålet i stortingsmøte. Viss den siterte setninga skal omsetjast til eit tydeleg daglegnorsk, blir det slik:

"Viss Norge skal gå til krig mot ein annan stat utan at Sikkerhetsrådet i FN har vedtatt eit mandat, så er det ikkje nødvendig å behandle spørsmålet i stortingsmøte. Det er regjeringa som skal vurdere kvart enkelt tilfelle og gjere vedtak. Før regjeringa tar avgjerd om slik krig skal den undervegs sørge for hemmeleg samråding med Den utvida utanrikskomiteen."

Regjeringa og presidentskapen i Stortinget kan sjølsagt bli einige om andre former for samråding, og viss dei skulle ønskje det kan dei i enkelte tilfelle velje å behandla saka i formelt stortingsmøte.

Eg argumenterte mot denne nyordninga i Stortinget i 1994. Men eg merka at det var svært vanskeleg å få folk til å tru meg når eg fortalde kva Stortinget faktisk vedtok. Eg møtte mange skeptiske fjes når eg fortalde at Stortinget midt under innspurten før EU-avstemninga brukte tida til å lage dei prosedyrereglane som måtte vere på plass for det tilfelle at Norge skulle gå til angrepskrig.

Denne nye prosedyren for å vedta angrepskrig frå 1994 fjerna siste rest av reelt innhald frå Grunnlovas § 25. Denne gamle paragrafen har ein klar ordlyd: For det første slår den fast at forsvaret "maa ikke overlades i fremmede Magters Tjeneste (.)uden Storthingets samtykke". Vidare står det at "Landeværnet og de øvrige Tropper, som ikke til Linjetropper kunne henregnes, maa aldrig uden Storthingets Samtykke bruges udenfor Rigets Grænser." (Landeværnet og Linjetropper er den tids inndeling i ulike kategoriar forsvarsstyrker, men har lite å seie i dagens situasjon.)

Enkelt sagt betyr dette at Grunnlova seier at regulær krigføring i utlandet krev Stortingsvedtak.

Det er ein språkleg detalj her som er vesentleg. Når Grunnlova seier "Storthingets Samtykke", så betyr det vedtak i Stortingsmøte. Men når prosedyrevedtaket frå 1994 seier "forelegges Stortinget" så betyr det berre at regjeringa skal orientere ein representativ del av Stortinget. Vanlegvis betyr det den utvida utanrikskomiteen.

Skilnad på president Clinton og svenskekongen Karl Johan

Kravet om Stortingsvedtak kom inn i Grunnlova fordi grunnlovsfedrene på Eidsvold ville hindre at svenskekongen skulle sende norsk ungdom til krigsinnsats mot Sverige sine fiendar på kontinentet. Dei representantane for borgarskap og bondestand som laga Grunnlova meinte nok at det ville bli lettare å stanse ein eigenrådig svenskekonge viss han måtte gå omvegen om eit vedtak i Stortinget. Dei rekna vel med at den politiske striden i forkant av eit slikt eventuelt vedtak ville styrke befolkninga sin vilje til å stå i mot.

Eg vil tru at fleirtalet i Stortingets forsvarskomite - med Hans Røsjordet (Frp) i spissen - tenkte omtrent likeeins i 1994, berre med omvendt forteikn: Viss det skulle bli nødvendig å gå til angrepskrig blir det nok lettare å få det til utan det politiske oppstusset som kan oppstå med behandling i eit stortingsmøte der krigsmotstandarane kan bruke talarstolen for å agitere mot krigen.

I dag ser vi resultatet. Bill Clinton kan sende norsk ungdom til krig for amerikanske interesser på Balkan utan den omstendelege - og demokratiske - saksbehandlinga som Karl Johan hadde vorti møtt med om han hadde prøvd seg på 1800-talet. For Clinton er det jo i tillegg ekstra greitt med ein lydig norsk statsminister. Han var jo så ivrig i NATOs og USAs teneste at han tok den historiske krigsavgjerda utan ein gong å bry seg med lese teksten på det papiret han hadde fått tilsendt og som altså forklarte kva krigen egentleg handla om.

Spør ein stortingsrepresentant om årsaka

Årsaka til denne lettvinte saksbehandling som går utanom vedtak i Stortinget, er ikkje at dei folkevalde er generelt likegyldige med korleis statsrådane bruker den makta dei har fått til låns frå Stortinget. Sjå berre på kor ivrig dei no fingranskar den nye statsråden som braut lova og fiksa 70.000 kroner til ein rockekonsert mot rus.

Viss du møter ein stortingsrepresentant bør du spørje henne eller han om kva som er årsaken til at Clinton kan få tildelt norske styrker til krig for sine stormaktinteresser utan stortingsvedtak, mens altså svenskekongen ikkje kunne fått det i førre hundreåret. Du bør minne stortingsrepresentanten du møter, om at Grunnlovas § 25 korkje er endra eller oppheva.

"En graverende påstand"

Daverande forsvarsminister Jørgen Kosmo vart hissig da eg i Stortinget 1. november 1994 konfronterte han med planene om angrepskrig i utlandet. Eg sa i debatten om forsvarsbudsjettet at det "blir lagt planer for at norske jenter og gutar skal drepe og døy for tyske og franske stormaktsinteresser". Eg kunne godt tatt med amerikanske stormaktsinteresser og, utan at forsvarsministeren sin reaksjon hadde vorti mildare. Statsråd Kosmo svara, med høgt stemmeleie at "dette er en så graverende påstand og et så graverende utsagn fra en folkevalgt stortingsrepresentant at jeg finner grunn til som forsvarsminister å ta avstand fra det her fra denne talerstol for at det hos våre nærmeste allierte ikke på noen måte skal bli oppfattet slik at noen representanter i den norske nasjonalforsamling tar avstand fra de allierte som planlegger for å komme oss til unnsetning i en gitt situasjon". (Stortingsreferat 1. november 1994, side 871.)

Den gongen let Stortinget seg lulle inn i minnet om det gamle Nato-konseptet som sa at alliansen berre skulle føre forsvarskrig. Men no, drygt fire år seinare ser vi kva det handlar om: Norske styrker er med i oppdelingskrigen på Balkan, ein krig der Tyskland og USA enn så lenge ser ut som om dei er allierte sjøl om dei samtidig har innbyrdes motstridande stormaktsinteresser.

Det hjelper lite å late som om imperialismen ikkje finst, slik Jørgen Kosmo gjorde 1. november 1994. Den beinharde kampen mellom Tyskland, USA og Russland kjem til å fortsetje, sjøl om Russland midlertidig er parkert nokså avkrefta på sidelinja.

Kva skal Norge gjere i ein sånn situasjon?

Bombeviks Norge har vald side frå første dag. Sannsynlegvis vil regjeringa følgje ein kvar ordre frå Pentagon så lenge USA er sterkast. Det er eit åpent spørsmål om dei vil ta ordre frå Berlin på tilsvarande vis dersom tysk imperialisme klarer å svinge seg opp og få eit overtak. Uansett må vi bu oss på at regjeringa vil kaste Norge ut i fleire liknande krigar. F.eks. er Norge forplikta av ein hemmeleg avtale med Tyrkia som forsvarsminister Kosmo skreiv under hausten 1996. Avtalen seier at Norge skal sende ein F16-skvadron til ein flybase i utkanten at tyrkisk-okkupert del av Kurdistan, dersom Tyrkia treng hjelp.

Det er opp til oss å vise at det finst eit anna Norge som tar andre val enn regjeringa.

Det nye Nato-konseptet frå det siste toppmøtet i Washington i april 1999 skaper eit nytt Nato. Den gamle forsvarsalliansen er no ein angrepsallianse. Nato blir den eurasiatiske divisjonen i eit USA-styrt verdsomfattande militærpoliti. Dette betyr med nødvendighet fleire krigar, som vil bli kalla alt muleg anna enn krig. Men det betyr og motstand frå dei som blir utsett for Nato-angrep. Noko av denne motstanden vil kome frå regjeringar som undertrykker sitt eige folk brutalt, slik Milosevic gjer. Andre delar av motstanden vil kome frå nasjonale og/eller sosialistiske frigjeringsrørsler som Nato alltid kallar for terroristar. I dag er den kurdiske nasjonale frigjeringshæren - med PKK som politisk leiarskap - den sterkaste av desse.

Dette stiller store utfordringar til vår evne til å orientere oss. Det hastar med å byggje ein brei krigsmotstand. Ein motstand som både kan stanse Nato-bombinga før krigen spreier seg, som kan gjere slutt på Milosevic si fordriving av albanarane i Kosova, og som kan leggje eit grunnlag for at dei kan flytte heim igjen.

Nato må vekk frå Balkan

Nato har ingen plass i den internasjonale styrken som skal vere i Kosova etter krigen. MEN, Nato-landa har sjølsagt plikt til å betale gjenoppbyggjinga av det landet dei har øydelagt.

Eit nytt grunnlag for Nato-motstand i 1999

Norge må ut av angrepsalliansen Nato. Men skal vi ha håp om det, må vi ta på alvor at det er eit heilt anna grunnlag for Nato-motstand no. Det er så enkelt som at Norge må ut av Nato for å ha sjanse til å skape eit uavhengig nasjonalt forsvar. For kvart år vi er i Nato vil oppbyggjinga av angrepsstyrker til utanlandskrig stele større og større del av forsvarsbudsjettet og eit defensivt forsvar blir meir og meir forsømt.

Heilt til slutt ei påminning om kva det gamle Nato var, reint offisielt. Eg gjengir to artiklar frå Nato-pakta som vart vedtatt i 1949 og som framleis ikkje er oppheva:

Artikkel 1: Partene forplikter seg til, som fastslått i De forente nasjoners pakt, å bilegge enhver mellomfolkelig tvist som de måtte bli innblandet i, ved fredelige midler på en slik måte at mellomfolkelig fred og sikkerhet og rettferd ikke blir satt i fare, og i sine mellomfolkelige forhold å avholde seg fra trussel om eller bruk av makt på noen måte som ikke er i samsvar med formålene for De forente nasjoner.

Artikkel 7: Denne trakat griper ikke på noen måte inn i og skal ikke tolkes som om den på noen måte griper inn i de rettigheter og forpliktelser som de parter som er med medlemmer av De forente nasjoner har etter De forente nasjoners pakt, eller i Sikkerhetsrådets umiddelbare ansvar for opprettholdelse av mellomfolkelig fred og sikkerhet.

Den som har sans for det formelle og konstitusjonelle kan dermed trygt slå fast at den krigen som Nato starta mot Jugoslavia 24. mars 1999, den er ikkje berre i strid i folkeretten og FN-pakta. Krigen er også sett i gang i strid med reglane i Nato-pakta. For å seie det på Nato-språk: Det er ikkje berre ein krig "out of area" - dvs. utafor Nato-området. Det er og ein krig "out of treaty", dvs. utan grunnlag i Nato-pakta.

Men det kan vel hende at den krigførande statsministeren vår ikkje har lesi teksten i Nato-pakta heller?


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside