AKP-arkivet

EU i austerled

av Svein Lund Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen er publisert i Standpunkt våren 1998


Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Rett før påske starta forhandlingane om EU-medlemskap for 5 land i Aust-Europa. Er vi i ferd med å få eit virkelig sameint Europa, den "nye situasjonen" som gjør at vi må vurdere Noregs nei på nytt? Om ein ser nærare på forholdet mellom EU og Aust-Europa er det lite som tyder på ei likeverdig samanslutning.

Aust-Europa må ikkje bli annanrangs medlemmar i EU. Dette var eit gjennomgangstema da den grønne gruppa i EU-parlamentet i slutten av mars arrangerte ein konferanse i Warszawa med deltakarar frå dei fleste EU-landa og dei fleste austeuropeiske land. "Annleislandet" i nord var derimot ikkje invitert, men underteikna dro likevel på konferansen for å finne ut om der skjedde noko som norske EU-motstandarar burde kjenne til.

Sjølv om både arrangørane og dei fleste deltakarane ønska ei utviding, var konferansen eit viktig skritt i retning av å sjå at EU og har ei bakside. Til no er det i all hovudsak eit glansbilete av EU som har blitt vist fram for folk flest i Aust-Europa. Debatten har knapt starta og kjennskapen til EU og konsekvensane av medlemskap er liten. Det er draumen om rikdom gjennom å bli med i det gode selskap i vest som dominerer.

Bakgrunnen for at ein snakkar om annanrangs medlemmar er at EU krev at søkarlanda må oppfylle alle EU-direktiv, men EU vil sjølv reservere seg på to område: Dei nye medlemslanda vil ikkje få landbruksstøtte og dei skal ikkje få delta i den frie arbeidsmarknaden. Utvidinga av EU skal skje utan at EU-budsjettet skal ta større del av BNP enn før. Det betyr at heile rekninga for EU-tilpasninga skal betalas av søkarlanda.

EU er allereie langt på veg inne i Aust-Europa. Dei noverande medlemsstatane har fått det dei ville ha: full tilgang til den aust-europeiske marknaden. Derimot manglar det framleis mye på at landa i aust har tilgang til EU-marknaden. EU har og for fullt byrja å stille krav til søkarlanda og dei er i full gang med å innføre EU-reglar på alle område, nett som Noreg har gjort både før og etter vi fikk EØS-avtalen. Bl.a. har EU tvunge gjennom ei skjerping av flyktningepolitikken og ei stenging av grensene austover. Dei opne grensene mellom Polen og Russland / Kviterussland varte i bare nokre få år. Frå 1.1.98 blei det innført visumplikt etter direkte krav frå EU. Grensehandelen fall straks til eit minimum med store konsekvensar for både sysselsetting og varetilbod på begge sider av grensa.

Ein annleis EU-debatt

For ein som bare har opplevd EU-debatten i Norden er det ei anna verd å komme inn i den gryande EU-debatten i søkarlanda i Aust-Europa. Her gjeld ikkje gamle sanningar, som at grønne og raude parti og organisasjonar seier nei, mens ytre høgre seier ja. Snarare tvert om. Motstandarane på høgre og venstre fløy brukar stikk motsette argument og det einaste dei synas å vere samde om utanom å seie nei til EU-medlemskap er at dei ikkje vil ha noko med kvarandre å gjøre. Ytre høgre dominerer motstanden til dei grader at EU-skeptiske folk på ventresida knapt tør opne kjeften i redsle for å bli slått i hartkorn med fundamentalistiske katolikkar og halvfascistiske krefter. Ikkje ei einaste dagsavis og ikkje eit einaste parti i parlamentet har tatt standpunkt mot EU-medlemskap. Sjølv om motstanden er aukande er det omlag 4 gonger så mange tilhengarar som motstandarar, og sjølv dei mest hardnakka motstandarane ser lita von om å vinne kampen. Derfor vil mange av dei som er skeptiske til medlemskap heller satsar på å påvirke forhandlingane for å få så godt resultat som råd.

Da Noreg sa nei var nokre av argumenta frykta for lågare sosiale og miljømessige standardar og større forskjell på fattig og rik. Her er stoda heller omvendt for dei nye søkarlanda. Der har utviklinga dei siste åra gjort forskjellen på fattig og rik så ekstrem at EU står fram som reint venstrevridd i forhold. Derfor er store delar av venstresida tiltrukke av visse delar av EU-regelverket, mens det på ytre høgre er ein motstand som minner om Margaret Thatcher si uvilje mot EU sin "sosiale dimensjon".

Det er lite konkrete økonomiske argument å høre for polsk EU-medlemskap. Korfor er da oppslutninga så overveldande?

- Vi har sett opp til det rike, frie Vest-Europa i 40-50 år, sa ein polakk. - No når vi har blitt uavhengige av Sovjet har vi herma ukritisk etter Vesten. Polen er i ferd med å bli standardisert. Vi får dei same butikk-kjedane, dei same varene som Vest-Europa. Om eg er i Noreg eller Polen kan eg handle på McDonalds, Kentucky Fried Chicken, Rema 1000 eller Statoil. Etter mi meining er det ein styrke i at vi er forskjellig, vi skulle ta meir vare på det spesielle polske. Eg trur det har med polsk mindreverdskjensle å gjøre. Vi tør ikkje stole på at vi kan gjøre noko sjølvstendig.

"Trygg mat" på polsk

Samtidig som Nei til EU i lag med bl.a. Naturvernforbundet sette igang aksjonen "Trygg mat" skjedde det noko liknande i Polen. Miljørørsla "Den grønne føderasjonen" har starta ei kampanje for matvaretryggleik i lag med forbundet for organisk landbruk. Kampanja rettar seg særlig mot gen-modifisert mat, men dei ønsker og å sette igang ein diskusjon om framtida for polsk jordbruk.

Strukturen i det polske jordbruket er spesiell i Europa. Det skil seg både frå det industrielle jordbruket i EU-landa og frå det som har vore i dei tidligare austblokklanda. Her er små gardar og jordbruket sysselset trulig fleir enn i noko anna europeisk land. Heile 35% av befolkninga er avhengig av jordbruket. Det polske jordbruket er meir gamaldags og mindre industrialisert enn f.eks. det tyske. Samtidig er det langt meir miljøvennlig, ikkje som eit resultat av ein medveten økologisk politikk, men vel så mye som resultat av fattigdom. Polske bønder har ikkje hatt råd å kjøpe sprøytemiddel og kunstgjødsel. Resultatet er på eine sida mindre avling, på andre sida har ein ikkje utrydda store delar av det økologiske mangfaldet slik som i land der industrilandbruket dominerer. Mens storken er så godt som utdøydd i Danmark og Sverige er han framleis eit vanlig syn på polske gardar.

Polske og andre austeuropeiske bønder har sett langt etter EU si landbruksstøtte. Gjennomført etter dagens reglar ville ho gi Polen eit tilskot på atskillige milliardar. Men EU har gjort det klart at dei ikkje kjem på tale å støtte polsk landbruk utan "omstrukturering"; færre bønder, større effektivitet. Nokre berekningar seier at omlag 2,5 millionar gardar vil måtte leggas ned, da vil 6 millionar bli utan arbeid. Om Polen går inn i EU vil både storken og den polske bonden i høgaste grad vere truga.

"Omstrukturering" har det vore mye av for Aust-Europa. Dei økonomiske reformene skulle opne for det private initiativ og gi fleire arbeidsplassar. Men dette har i liten grad vore verknaden. I staden har privatiseringa ført til nedlegging av arbeidsplassar og oppkjøp frå utanlandsk kapital. I Polen skulle sementindustrien først omstruktureras. Resultatet blei at heile industrien kom på utanlandske hender. No står stålindustrien og kolgruvene for tur. I april la regjeringa fram ein plan som seier at halvparten av dei 50 kolgruvene og 25.0000 gruvearbeidarane skal bort innan 3 år. Dei første proteststreikane har allereie starta.

Motorveg for EU

Polen har eit finmaska jernbanenett som når omtrent kvar krok i landet. Inntil frislippet av marknadsøkonomien hadde landet ein samferdsel med langt mindre miljøproblem enn vestlige land. Men på 90-talet har biltrafikken auka kraftig. Samtidig blir det statlige jernbaneselskapet halvprivatisert, slik at staten fråskriv seg ansvaret for å halde oppe jernbanenettet.

I 1996 vedtok regjeringa ein plan for bygging av 6.770 km hovudvegar, deriblant 2.600 km motorveg. Motorvegprosjektet er berekna å koste 60-70 milliardar kroner. Ein del er betalt av regjeringa, med lån frå den europeiske investeringsbanken. Men størstedelen blir satt bort til private firma som skal få ta det inn med bompengar. I tillegg til forureininga ved auka biltrafikk og matjorda som blir lagt under asfalt vil dei planlagte motorvegane skjære tvert gjennom store byar og verna naturområde. Her fell planane til den polske regjeringa heilt overens med EU sin transportpolitikk. Av 1 milliard kroner som EU skal bruke på transport i Aust-Europa, er 70% avsett til motorvegar. På konferansen sa ein representant for Polens økologiske klubb at motorvegprosjektet er ein del av EU-utvidinga og at EU må legge om transportpolitikken sin for at det skal vere mogleg å gjennomføre ein miljøvennlig transportpolitikk i Polen.


Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside