Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP
Rett før påske starta EU forhandlingar med den første pulja av austeuropeiske søkarland. 12 land har søkt medlemskap, men bare 6 har sluppe gjennom nålauget til å få forhandle i første omgang. Det største av disse er Polen, som har fleire innbyggarar enn dei andre 5 landa tilsaman.
Klassekampen sin medarbeidar har vore i Polen og vil i ein serie reportasjar gi nokre inntrykk av situasjonen i landet 9 år etter regimeskiftet som satte igang eit skred over heile Aust-Europa, som førte til slutten på Aust-blokken og Warszawa-pakten.
(Warszawa) EU er allereie inne i Aust-Europa. No vil Aust-Europa inn i EU. Men kjennskapen til EU og konsekvensane av medlemskap er liten og debatten har knapt starta. Det er draumen om rikdom gjennom å bli med i det gode selskap i vest som dominerer. Eit viktig skritt i retning av å sjå at EU og har ei bakside var konferansen om utviding av EU austover som den grønne gruppa i EU-parlamentet arrangerte i Warszawa rett før påske.
Konferansen hadde ei imponerande samling av talarar frå ei rekke EU-land og dei fleste søkarlanda i aust. Den polske miljørørsla var representert i forskjellige variantar, det samme var regjeringa ved Polens svar på Guro Fjellanger: ein tidligare miljøaktivist som no har blitt viseminister i Miljøverndepartementet. Presse og publikum var det derimot tynt med, noko som nok for ein stor del skuldast at ein holdt konferansen i Sejmen, det polske parlamentet. Her var det terriristkontroll med passframsyning og bagasjegjennomlysing, og enno kom bare dei inn som hadde gode noko kontaktar på innsida.
Arrangør av konferansen var den grønne gruppa i EU-parlamentet. Den består av 28 av i alt 518 medlemmar som er vald inn for grønne parti. Sjølv om dei har mye til felles i miljøpolitikken, sprikar dei stort i synet på sjølve EU, frå den kjente EU-motstandaren Per Gahrton frå Sverige til dei italienske grønne som er blant dei ivrigaste forkjemparane for EU som forbundsstat.
Den grønne gruppa er for ei utviding av EU austover, men er svært kritisk til den måten det foregår på. Særlig er dei bekymra for konsekvensane for miljøet av å tvinge Aust-Europa til å gjøre dei samme feila i miljøpolitikken som Vest-Europa har gjort.
For ein som bare har opplevd EU-debatten i Norden er det ei anna verd å komme inn i den gryande EU-debatten i søkarlanda i Aust-Europa. Her gjeld ikkje gamle sanningar, som at grønne og raude parti og organisasjonar seier nei, mens ytre høgre seier ja til EU-medlemskap. Snarare tvert om. Ytre høgre dominerer motstanden til dei grader at EU-skeptiske folk på ventresida knapt tør opne kjeften i redsle for å bli slått i hartkorn med fundamentalisitske katolikkar og halvfascistiske krefter.
Prosessen med søknadar, forhandlingar og tilpassing før eventuelt medlemskap er og noko annleis enn den Noreg var gjennom tidlig på 70-talet og seinare på 90-talet. Her er det ikkje snakk om at søkarlanda stiller krav om unnataksordningar for forskjellige næringar for å ville bli medlem. Det er EU som stiller krav. Og først skal krava oppfyllas, så kan dei kanskje allernådigast få slippe inn.
Dei noverande medlemsstatane har fått det dei ville ha: full tilgang til den aust-europeiske marknaden. Derimot manglar det framleis mye på at landa i aust har tilgang til EU-marknaden.
Etter opninga av Jernteppet rundt 1990 auka trafikken kraftig over grensene til Polen, både vestover og austover. Russarmarknadar blei vanlige mange stader i Polen og bidro i stor grad til å avhjelpe mangelen på varer i butikkane den gang. Seinare har folk frå dei tidligare sovjetrepublikkane i minst like stor grad kome til Polen for å kjøpe varer som for å selge. Ved grensa mot Tyskland er det ein enorm trafikk av tyskarar på handletur. I 1997 besøkte heile 88 millionar utlendingar Polen.
Men no er eit nytt jernteppe i ferd med å senke seg over Europa: jernteppet rundt EU/Schengen. Den best bevokta grensa i Europa er ikkje lenger russisk, det er Tysklands grense mot aust med 7.000 grensevakter. Den viktigaste oppgåva deira er å jakte på flyktningar og andre som forsøker å ta seg gjennom Polen og inn i Tyskland.
Flyktningane som blir tatt i Polen blir satt i konsentrasjonsleir. Noko mildare ord kan ein knapt bruke om ein leir med dobbel piggtråd og elektroniske sensorar. I samband med konferansen var representantane frå EU-parlamentet på besøk i ein slik leir utafor Warszawa og dei var sjokkerte over det dei såg.
Polen har skjerpa flyktninge- og innvandringspolitikken kraftig dei siste åra. Bare 150 fikk politisk asyl i 1997. Frå årsskiftet innførte landet visumtvang for nabolanda Russland og Kviterussland. Dette skjedde etter direkte krav fra EU aom har krevd at Polen må kreve visum frå enno fleire land før landet kan bli medlem av EU.
Liksom Noreg har NOAS har og Polen ein organisasjon som forsvarer flyktningar i konflikt med styresmaktene. Ein representant for denne organisasjonen, Kairos, la på konferansen fram hard kritikk av den polske flyktningepolitikken. Som svar fikk han straks ei kraftig skyllebøtte frå leiar for utlendingedirektoratet. Denne ga klart uttrykk for at grunnlaget for flyktningepolitikken ikkje er flyktningane sitt behov, men Polen sin rett til å avgjøre kem ein vil slippe inn. Problemet kalla han illegal grensepassering, noko 10.000 blei tatt for i fjor.
Claudia Roth, frå dei tyske grønne i EU-parlamentet gikk hardt ut mot militariseringa av flyktningepolitikken, både i Tyskland og Polen. - Det er ikkje lenger snakk om vern av flyktningar, men om vern av seg sjølv, sa ho, og viste kordan Tyskland har skjerpa ein utlendingefiendlig politikk for så å presse EU-land og søkarland til å følge etter. Den tyske utanriksministeren sa direkte til den polske at Polens oppgåve er å forbetre forvisningspraksisen og at dette er eit klart vilkår for EU-medlemskap. Den nye utlendingeloven i Polen er eit klart resultat av krava frå Tyskland og EU. EU driv med kollektiv ansvarsfraskriving: Dei bryr seg ikkje om ka som skjer med flyktningane som sendas ut, einaste målet er å bli kvitt dei. Når befolkninga i Aust-Polen mistar levebrødet som resultat av at EU har trunge gjennom ei grensestenging, har EU da tenkt å ta ansvaret og betale kompensasjon for dette, spurte ho.
Under det "kommunistiske" styret utvikla Polen ei rekke miljøproblem, særlig forureining frå tungindustrien sør i landet. Samtidig blei det lagt lokk på all informasjon om miljøskader. Miljørørsla oppsto på 80-talet som ein del av den illegale opposisjonen. Det var aldri nokon samlande stor miljøorganisasjon, men ei rekke grupper, nokre av dei kombinerte miljø- og fredsarbeid, som Wolnosc i Pokoj eller Fridom og fred.
Etter regimeskiftet i 1989 oppsto det ei grenselaus tru på den frie marknaden og miljørørsla tapte terreng. Miljøaktivistane valde forskjellige vegar. Nokre gikk inn i dei nyetablerte partia og fikk posisjonar der. Men snart oppdaga dei at blant dei nye styresmaktene var forståinga for miljøproblem ikkje stort større enn hos dei gamle. Særlig hadde mange mijløaktivistar gått inn i Fridomsunionen, eit av partia med utspring i fagrørsla Solidaritet. Der opplevde dei fort tilbakeslag. Da det første utkastet til valprogram ikkje inneheldt eit ord om miljøspørsmål, danna dei ei eiga gruppe eller forum innafor partiet. Seinare har dei brukt det i propagandaen for partiet at det er det einaste partiet med eige miljøforum, en dette er altså ikkje danna fordi partiet sin miljøpolitikk var så god, men fordi han var så dårlig. I dag har det økologiske forumet i Fridomsunionen 3 represenantar i parlamentet, samtidig som partiet er ein av pådrivarane for motorvegbygging, ei sak mange miljøvernarar har engasjert seg mot.
Andre valde å danne eit grønt parti, men det har ikkje lukkast i å bli representert i parlamentet og er i dag ganske lite.
Miljørørsla kan vise til nokre få sigrar. Ein av dei er stoppinga av eit påbegynt kjernekraftverk av Tsjernobyl-typen først på 90-talet. I ettertid kan ein likevel spørre om det var miljøkampen som stoppa bygginga, eller om det like mye var ein kombinasjon av dårlig økonomi og anti-russiske haldningar.
I dag er det eit tusental miljøorganisasajonar og grupper i landet, dei to største er Polsk økologisk klubb som mest består av akademikarar og ekspertar og Federacja Zielonych (Grønn føderasjon) som meir består av unge radikale aktivistar.
Å slippe kapitalismen fri førte ikkje til mindre miljøproblemer, med unnatak av at ein del forureinande bedrifter gikk konkurs og blei nedlagt. Det private konsumet har føke i veret, bilsalget auka med 40% i året, kanskje ikkje så mye fordi folk har fått bedre råd som fordi det har blitt lettare å få lån. Det er ei vidt utbreidd tru på at den frie marknaden vil løyse alle problem.
Den grønne føderasjonen har starta ei kampanje for matvaretryggleik i lag med forbundet for organisk landbruk. Kampanja rettar seg særlig mot gen-modifisert mat, men dei ønsker og å sette igang ein diskusjon om framtida for polsk jordbruk. Strukturen i det polske jordbruket er spesiell i Europa. Det skil seg både frå det industrielle jordbruket i EU-landa og frå det som har vore i dei tidligare kommunistlanda. Her er små gardar og jordbruket sysselset fleir enn trulig i noko anna europeisk land. Heile 35% av befolkninga er avhengig av jordbruket.
Det polske jordbruket er meir gamaldags og mindre industrialisert enn f.eks. det tyske. Samtidig er det langt meir miljøvennlig, ikkje som eit resultat av ein medveten økologisk politikk, men vel så mye som resultat av fattigdom. Polske bønder har ikkje hatt råd å kjøpe sprøytemidler, resultatet er på eine sida mindre avling, på andre sida har ein ikkje utrydda store delar av det økologiske mangfaldet slik som i land der industrilandbruket dominerer. Mens storken er så godt som utdøydd i Danmark og Sverige er han framleis eit vanlig syn på polske gardar.
Jordbruket har gjort at polakkane både ønskar og fryktar EU. På eine sida ser dei langt etter EU si landbruksstøtte som gjennomført etter dagens reglar ville gi Polen eit tilskot på atskillige milliardar. På andre sida vil ei gjennomføring av EUs felles jordbrukspolitikk gi store miljømessige, økonomiske og sosiale skadeverknadar. Eit usikkerheitsmoment er kor lenge EU kan halde fram med dagens landbrukspolitikk. Den er under press frå alle kantar og her har dei grønne i EU og polske bønder og miljøvernarar langt på veg felles interesse i å få endra landbrukspolitikken.
Polen har eit finmaska jernbanenett som når omtrent kvar einaste by og ei mengde mindre tettstader over heile landet. Biltrafikken har tidligare vore mye mindre enn i vest. Inntil frislippet av marknadsøkonomien hadde landet ein samferdsel med langt mindre miljøproblem enn vestlige land. Men på 90-talet har biltrafikken auka kraftig. Samtidig blir det statlige jernbaneselskapet halvprivatisert eller Telenor-modellen, slik at staten fråskriv seg ansvaret for å halde oppe jernbanenettet. Og skal ein inn i Europa må ein jo ha motorvegar. I 1996 vedtok regjeringa ein plan for bygging av 6.770 km hovudvegar, deriblant 2.600 km motorveg, ein strekning som Lindesnes-Nordkapp.
Heile motorvegprosjektet er berekna å koste 60-70 milliardar kroner. Ein del av motorvegutbygginga er betalt av regjeringa, med lån frå den europeiske investeringsbanken. Men størstedelen har dei satt bort til private firma som skal få ta det inn igjen med bompengar. Og for å sikre at folk kjører på motorvegane og ikkje andre stader der dei ville kunne kjøre utan avgift, har regjeringa lova motorvegselskapa å ikkje bygge ut eller vedlikeholde vegar 70 km på kvar side av motorvegane før motorvegane er nedbetalte.
I tillegg til forureininga ved auka biltrafikk og matjorda som blir lagt under asfalt vil dei planlagte motorvegane skjære tvert gjennom store byar og verna naturområde.
Her fell planane til den polske regjeringa heilt overens med EU sin transportpolitikk. Med ei planlagt auke av transporten i Europa på 50% på eit knapt tiår har dei lagt store planar for utbyggging av eit europeisk motorvegnett og av 1 milliard kroner som EU skal bruke på transport i Aust-Europa, er 70% avsett til motorvegar. På konferansen sa ein representant for Polens økologiske klubb at motorvegprosjektet er ein del av EU-utvidinga og at EU må legge om transportpolitikken sin for at det skal vere mogleg å gjrnnomføre ein miljøvennlig transportpolitikk i Polen.
Men det finst ein anna slags vegar som miljørørsla heller vil ha, nemlig sykkelvegar og i mange byar har styresmaktene blitt pressa til å bygge sykkelvegar eller til å love å bygge dei. Og når dei ikkje gjør noko med det dei har lova, så blir dei minna på det. Palmesøndag gikk miljøaktivistar ut på gatene i Warszawa og mala sykkelvegar.
Den skarpaste kritikken av EU kom på konferansen frå dei som kjenner EU frå innsida. - Industrilobbyen har heile tida visst kordan dei skulle påvirke, sa den nederlandske EU-parlamentarikeren Nel van Dijk. "European Round Table of Industrialists" har fått full uttelling for lobbyarbeidet sitt, mens dei frivillige organisasjonane har svært liten innverknad. Dei må ofte kjempe for å få ut informasjon frå kommisjonen. Informasjonen frå kommisjonen er ofte også feilaktig og dei grønne ser det derfor som si oppgåve å vere ein kanal for informasjon til dei frivillige organisasjonane om ka som skjer i EU.
Frå fleire austeuropeiske land blei det klaga over at dei hadde liten informasjon om ka dei no har gitt seg ut på med å søke EU-medlemskap. - Vi må betale for informasjon men har ikkje råd, sa ein deltakar frå Ungarn. - Vi kjem til den europeiske integrasjonen utan å vite noko, sa ei frå Romania.
Den grønne gruppa vil kjempe for at EU-utvidinga skal skje på like vilkår, at ikkje Aust-Europa skal bli 2. klasses EU-borgarar. Dei Aust-Europeiske landa må ikkje tvinas til å bli kopiar av Vest-Europa.
Også i noverande EU-land er det mye skepsis til ka som vil skje der når EU blir utvida austover. Både i EU og i søkarlanda er det behov for store investeringar for å rydde opp i miljøproblema. Likevel er det begge stader vanlig å høre argumentet om at først må vi få skikk på økonomien, så kan vi tenke på miljøet. Og på begge sider går mesteparten av investeringane i EU i dag til tiltak som øydelegg miljøet. Mye av dette er prosjekt som er vedtatt på EU-plan og finansiert av EU-institusjonar.
- Det er ikkje verdt å slutte seg til EU i dag, sa ein polsk miljøaktivist. - Men vi vil gjerne bygge bruer til dei grønne i EU for å få ein grønnare politikk.
(Warszawa) - Når Polen forhandlar om EU-medlemskap så forhandlar representantane våre på kne. Det er EU som stiller krav og regjeringa seier bare ja. Denne karakteristikken kjem frå Piotr Ikonowicz, parlamentsrepresenant for det polske sosialistiske partiet, PPS.
- Utvidinga av EU skal skje utan at EU-budsjettet skal ta større del av BNP enn før. Det betyr at heile rekninga for EU-tilpasninga skal betalas av det polske samfunnet. EU vil ikkje dele med seg, dei vil ha marknaden vår, men ikkje arbeidskrafta. Polakkane vil inn for å bli rike. Men EU krev at først skal vi bli rike, så kan vi slippe inn. EU stiller fleire og fleire krav til oss, og det er ikkje godt å vite kor det vil ende.
Ikonowicz har vore i Brussel med ein parlamentarikardelegasjon og bl.a. truffe EU-sjefen Santer.
- Eg sa til Santer at Polen har allereie ofra blod, svette og tårer for å tilpasse seg EU. Vi har ein høg vekstrate, kontroll med inflasjonen og har gjort det bedre enn mange andre land. Ka meir er det dokker krev? Vis oss konkret dei standardane vi må oppfylle for å bli godkjent? Han kunne ikkje svare.
- Problemet for EU er at Polen er for effektivt. Vi produserer ting billigare enn EU. Og dei produkta Polen kan eksportere er varer som det allereie er overproduksjon av i EU, som jordbruksprodukt, stål, kol og skip. No krevas det at vi skal restrukturere stålsektoren. For nokre år sidan var kravet at vi skulle restrukturere sementindustrien. Resultatet var at heile sementindustrien blei kjøpt opp billig av utanlandsk kapital.
Sjølv om Piotr Ikonowicz er svært kritisk til EU sin politikk og til den polske regjeringa sin EU-politikk, meiner han Polen på ein del område vil ha noko å vinne på medlemskap: - Dei sosiale og økonomiske standardane i Polen er så dårlige at EU-medlemskap kan gi vanlige folk bedre forhold på mange område. Forskjellen på fattig og rik er enorm. Dei 10% av befolkninga som har høgast inntekt tjener like mye som dei 50% som har lågast inntekt. Og skattesystemet bidrar ikkje til å jamne ut dette. Over 90% betaler lågaste skattesats, 19%. Ein som bare tjener 4-500 zloty (vel 1.000 kr) i månaden betaler 19%. Som parlamentsmedlem tjener eg 6.000 zloty (14.000 kr) i månaden, men eg betaler og bare19% skatt.
Sjølv om Tyskland for fleire år sidan formelt har anerkjent dei polske grensene, kan ein enno merke den tyske interessen for dei områda av Polen som var tyske fram til 1945.
- Mesteparten av dei tyske investeringane kjem i disse områda, fortel Ikonowicz. Mellom anna er nesten heile pressa der no eigd av tyskarar. Størstedelen av befolkninga i disse områdene er folk som blei flytta hit etter krigen frå dei tidligare polske områda i aust som da blei overtatt av Sovjet. Mange av dei har ikkje eigedomsrett til jorda si, men bare langsiktige leigekontraktar. No er dei opptatt av å få formalisert eigedomsrett, fordi dei er redde for at etterkommarar av tidligare tyske eigarar vil komme og kreve eigedommen sin tilbake.
Enno er prisen på land mange gonger billigare i Polen enn i EU. Om Polen blir medlem, ventar ein at denne prisen vil stige kraftig, noko som kan bli veldig god forretning for dei som har råd å kjøpe opp for å spekulere.
- Dei skryt av at det er stor vekst i privat sektor. Men denne veksten skuldast ikkje skaping av nye arbeidsplassar, men privatisering av statsbedrifter.
Den første Solidaritet-regjeringa (1989-93) ga "grønt lys for privat sektor" som dei kalte det. Arkitekten bak dette var noverande finansminister Leszek Balcerowicz. Denne politikken førte til ei rask auke i forskjellen mellom rike og fattige, mange arbeiodslause og store sosiale problem. Venstrealliansen kritiserte denne politikken og vann valet i 1993. Men etter at dei danna regjering førte dei i stor grad samme politikken.
Venstrealliansen var ei samling dominert av det sosialdemokratiske partiet (ex-kommunistane), i allianse med PPS og nokre andre parti. Slik var PPS ein del av regjeringskoalisjonen av 1993, men det varte ikkje lenge. Seinhaustes 1994 nekta dei å røyste for regjeringa sitt budsjettforslag i parlamentet, og som takk blei dei kasta ut av parlamentsgruppa. Seinare blei dei tatt til nåde igjen og er no tilbake i alliansen. Sidan i haust har Venstrealliansen igjen vore i opposisjon, og da går samarbeidet lettare enn når dei sit med regjeringsmakta.
- Samtidig fører PPS ein sjølvstendig politikk, understrekar Piotr Ikonowicz. Det gjeld ikkje minst i det utanomparlamantariske arbeidet der dei ofte står i spissen for demonstrasjonar og aksjonar. Det går knapt ei veke utan at det er ein demonstrasjon eller fleire i Warszawa, for sosiale reformer, mot skolepengar, mot NATO osv, og PPS eller ungdomsorganisasjonen deira synas å ha ein finger med i svært mange av dei.
På ei av hovudgatene i i Warszawa finn vi hovudkontoret til PPS og ungdomsorganisasjonen deira Mlodzi Socjalisci (MS) eller Sosialistisk Ungdom. På kontoret til MS finn vi ved sida av raude flagg bl.a. bilete av både Trotski og Lenin. Ettersom vi ser ei viss motseiing i dette, spør vi ka slags ideologi dei bygger på.
- MS er ein open sosialistisk organisasjon med forskjellige ideologiske retningar, forklarer leiaren, Czeslaw Kulesza. - Sjølv reknar eg meg som marxist, men alle medlemmane gjør ikkje det. Sjølv er han og ungdomsorganisasjonen mot både NATO og EU, mens i moderpartiet er denne kampen langt frå avgjort, her er både tilhengarar, motstandarar og folk som framleis sit på gjerdet. Han kjenner godt til norske forhold, og har vore mye i Noreg.
- Vi kan ikkje samanlikne Noreg og Polen når det gjeld EU, seier han. Han har ikkje tru på at det er mogleg å få fleirtal mot medlemskap, og heller ikkje på å samle motstanden i noko som liknar Nei til EU.
- Da Spania og Portugal blei med i EU, fikk dei økonomisk støtte for å komme seg opp mot EU-nivå. No er det ein anna situasjon. Det er landa som søker som må komme seg opp på ein viss standard for eiga rekning, så kan vi få bli med. Det er vi sjølv som skal betale for integrasjonen. Vi har fått ein liberalisme i Polen som er så ekstrem at til og med EU blir venstrevridd i samanlikning. Det er eit problem for venstresida at mye av dei standardane og regelverket som er i EU vil bety sosiale framskritt i Polen. Vi må forbetre disse standardane, men det betyr ikkje at vi treng å gå inn i EU.
Liberalismen og privatiseringa rammar og skoleungdommen. Ei rekke skolar er privatisert og skolepengar innført. Også i høgare offentlig utdanning er det no planar om å innføre skolepengar. MS har no tatt initiativ til aksjonar mot skolepengar og det har vore store studentdemonstrasjonar i vår.
(Gdansk / Warszawa) "Om Polen går inn i EU vil det vere ein sosial katastrofe for landsbygda." "EU-medlemskap vil føre til høgare miljøstandardar i Polen." Så motstridande kommentarar kan ein høre innafor den polske miljørørsla, der miljøargument blir brukt både for og mot EU-medlemskap.
- Om Polen går inn i EU vil omlag 2,5 millionar gardar måtte leggas ned. 6 millionar som er sysselsette i landbruket vil bli utan arbeid. Det vil vere ei sosial katastrofe. Dette er det viktigaste argumentet mitt mot polsk EU-medlemskap.
Det seier Kasia Veisland, aktiv i den polske miljørørsla og norsklærar ved Universitetet i Gdansk. - Eg ser ikkje noko mål i å få Polen med i rikmannsklubben EU som bygger murar mot andre land. EU vil gjøre dei rike rikare og bryr seg ikkje om dei fattige.
Når Kasia seier ho allereie har klart bestemt seg for å stemme nei til polsk EU-medlemskap, hører ho til eit forholdsvis lite mindretal. Sjølv om motstanden er aukande er det omlag 4 gonger så mange tilhengarar som motstandarar, og sjølv dei mest hardnakka motstandarane ser lita von om å vinne kampen. Derfor vil mange av dei som er skeptiske til medlemskap heller satsar på å påvirke forhandlingane for å få så godt resultat som råd.
Ikkje ei einaste dagsavis og ikkje eit einaste parti som er representert i parlamentet har tatt standpunkt mot EU-medlemskap. Motstanden mot EU-medlemskap er heller ikkje samla. Motstandarane på høgre og venstre fløy brukar stikk motsette argument og det einaste dei synas å vere samde om utanom å seie nei til EU-medlemskap er at dei ikkje vil ha noko med kvarandre å gjøre. Det synas derfor å vere dårlig grunnlag for å danne noko tilsvarande som Nei til EU i Noreg.
Den sterkaste motstanden så langt har vore på den ekstreme høgresida, i kretsen rundt Radio Maryja, ein nasjonalistisk og fundamentalistisk katolsk radiostasjon som og har byrja å kjøpe seg inn i dagspressa. Denne gruppa er høglytt, står sterkt i media og har langt på veg fått dominere EU-motstanden, noko som gjør at det er vanskelig å stå fram som EU-motstandar utan å bli slått i hartkorn med dei.
Det er lite konkrete økonomiske argument å høre for polsk EU-medlemskap. Korfor er da oppslutninga så overveldande?
- Vi har sett opp til det rike, frie Vest-Europa i 40-50 år, seier Kasia. - No når vi har blitt uavhengige av Sovjet har vi herma ukritisk etter Vesten. Polen er i ferd med å bli standardisert. Vi får dei same butikk-kjedane, dei same varene som Vest-Europa. Om eg er i Noreg eller Polen kan eg handle på McDonalds, Kentucky Fried Chicken, Rema 1000 eller Statoil. Etter mi meining er det ein styrke i at vi er forskjellig, vi skulle ta meir vare på det spesielle polske. Eg trur det har med polsk mindreverdskjensle å gjøre. Vi tør ikkje stole på at vi kan gjøre noko sjølvstendig.
Mens miljørørsla i Noreg nokså samla sa nei til EU, er det i Polen sterkt delte meiningar. Zuzanna Iskierka, som studerer økonomi i Warszawa, er aktiv i miljørørsla Grønn Føderasjon. Ho er ein av dei miljøaktivistane som har tru på at EU-medlemskap vil bety eit bedre miljø for Polen.
- Miljøkrava er mye strengare i EU enn i Polen, seier ho. - Det gjeld regelverk for forureining, bygging, vasskvalitet osv. Dessutan treng Polen stabilitet, ei retning for endringane i staden for bare å vingle fram og tilbake.
Samtidig ser ho ikke svart /kvitt på saka og er bekymra for ka EU kan bety for det polske landbruket.
- Polsk jordbruk er klart meir økologisk enn jordbruket i EU. Med EU-medlemskap fryktar eg at ein vil bli tvungen å bruke meir kunstgjødsel og kjemikalier.
(Gdansk / Warszawa) Når det i ei avis i Polen averteras "Busstur for kvinner til Kaliningrad", forstår dei fleste lesarane at det ikkje er snakk om nokon husmorferie. Det er snakk om ein av måtane for å omgå den stenge polske abortloven.
I 1992 sørga den første Solidaritets-regjeringa for å få vedtatt ei av dei strengaste abortlovane i Europa. Ei av hovudsakene til den katolske kyrkja ved regimeskiftet var å få fjerna retten til sjølvvald abort. No fikk dei igjen for samarbeidet i opposisjon da kyrkja var det legale samlingspunkt for den illegale opposisjonen. Ved sida av dei kjente velkjede argumenta om "vern av det ufødde livet", blei nedgangen i fødselstallet brukt som argument for å ta frå kvinnene retten til abort.
Abortforbodet har sjølvsagt verken ført til meir kristen seksualmoral eller auking i folketalet, snarare tvert om har fødselstalet fortsatt å gå nedover. Derimot har lova ført til mange tragiske skjebner. Ei av dei var ein 14-åring som blei voldtatt, men blei nekta abort fordi det var gått for lang tid før ho kom gjennom heile søknadsprosessen. Det meldas og om auking i talet på spebarn som blir funne etterlatne, levande eller daude.
Abortlova har og ført til stor trafikk til naboland med meir liberal abortlov. Blant dei er Russland, og i avisene i Gdansk sto det fram til i fjor stadig annonser om bussturar til Kaliningrad for kvinner. Men så blei grensa til Russland og Kviterussland stengt 1.januar i år, så no står Ukraina, Tsjekkia og Tyskland igjen. Tyske gynekologar averterer i polske aviser om rask og god behandling og tolk.
Men mange tyr likevel til ulovlig abort, noko som anten er rådyrt om ein får ein lege til å ta sjansen, eller som kan vere livsfarlig med gjør-det-sjølv-metoden. Det er likevel vanskelig å finne pålitelige opplysningar om dette, fordi dei fleste tilfella ikkje kjem fram.
Den førre sosialdemokratiske regjeringa klarte i 1996 å få gjennom ei mildning av abortlova slik at ein skulle kunne innvilge abort på sosialt grunnlag, men denne lovendinga blei seinare underkjent av forfatningsdomstolen, ut i frå at grunnlova garanterer retten til liv.
- Alt er patriarkalsk i Polen; kommunistane, kyrkja og Solidaritet. Det sa ein ung feminist til Klassekampen eit par år før regimeskiftet. Dei ti åra som har gått har vist at polske kvinner har gått frå aska til elden. Eit eksempel er kvinnenes sin representasjon i politikken. I parlamentet har den gått ned frå omlag 20% før regimeskiftet til omlag 10% etterpå. I andre organ er det ei liknande utvikling.
Men om kyrkja har fått bukt med kvinnene sine rettar, har dei langt ifrå hatt noko framgang i kampen mot utukt og umoral og det synas som dei har ført denne kampen med atskillig mindre slagkraft. Prostitusjonen blomstrar som aldri før, og SEX-SHOP lyser mot oss midt i hovudgatene i storbyane, men så har da og alliansen mellom kyrkja og dei nyrike kapitalistane vore svært tett, godt støtta av leiarar frå det som ein gong var ei uavhengig fagrørsle. TV-reklamen, som her gjennomsyrar alle kanalar, framstiller kvinnene i første rekke som sex-objekt, deretter som husmor og mor og alleminst som yrkesaktiv.
- Situasjonen for polske kvinner har blitt vanskeligare etter at vi fikk regjering som er utgått av Solidaritet og kyrkja, seier Kinga Lohmann. - Etter deira meining er kvinnene sin plass i heimen. Den førre regjeringa (sosialdemokratisk dominert, 1993-97) kunne snakke om kvinnespørsmål, no snakkar dei bare om familien.
Kinga Lohmann er koordinator for eit kvinnenettverk for frivillige organisasjonar Aust-Europa, "Karat-koalisjonen for lik status for kvinner og menn". Nettverket som omfattar kvinneorganisasjonar i 11 land er eit resultat av Beijingkonferansen i 1995. Dette var første gang at nye uavhengige kvinneorganisasjonar i tidligare austblokkland traff kvarande, og dei bestemte seg for å danne eit meir permanent samarbeid.
- Vi har lita røynsle med sjølvstendig organisering, seier Kinga Lohmann. Samtidig var det stor skepsis til å lage ein sentral organisasjon, ut i frå den røynsla folk i Aust-Europa har med sentralstyring. Resultatet var ein nettverk med eit kontor i Warszawa, ei enkel leiligheit i ei blokk er omdanna til kontor og der held Kinga til. Moderne teknologi har inntatt også den austeuropeiske kvinnerørsla og kontakten går stort sett føre seg på e-post.
- Det politiske grunnlaget for Karat-koalisjonen er sluttdokumentet frå Beijing-konferansen, fortel Kinga. - På Beijing-konferansen var det 27 delegatar frå forskjellige polske kvinneorganisasjonar. Men vi fikk inga støtte frå den polske regjeringa, det var utanlandske bidrag som gjorde det mogleg for oss å dra. Den polske regjeringa var sjølvsagt og representert på konferansen, men dei gjorde ingenting for å gjøre kjent ka som skjedde der. Da dei ikkje offentliggjorde vedtaka frå konferansen, måtte vi sørge for å få dei ut. Det tok eit år før vi fikk finansiert trykkinga av rapporten frå konferansen. Regjeringa brukte over to år. I november 997 fikk dei endelig trykt vedtaka frå konferansen, i 400 eksemplarer! (Tilsvarer 50 eks. i Noreg, vår merknad). Og sjølv mesteparten av disse blei liggande på eit departementskontor. Etter regjeringsskiftet i haust blei kontoret for kvinnespørsmål lagt ned, alle tilsette sparka og i staden kom eit kontor for familiespørsmål under leiing av ein mann. Ei av dei som jobba der ringte til meg like før dei skulle flytte ut og sa at kan du komme med ein gong og hente 300 hefte frå Beijing-konferansen før dei når å kaste dei. Så eg for dit i full fart og fikk berga dei, og som du ser er det enno nokre igjen, seier Kinga og peikar opp i hylla på kontoret sitt.
Kvinneorganisasjonane i Polen får ikkje ein groszy (2øre) i støtte frå styresmaktene og føler at dei er svært avhengig av støtte frå utlandet for å nå fram. Vi får eit hefte frå komiteen av polske kvinneorganisasjonar og ei brosjyre frå Karat-koalisjonen. Begge er finansiert med utanlandsk hjelp, The Ford Foundation, UNDP (FNs utviklingsprogram for Aust-Europa) og Marshall Fund. Også for å nå fram i polske media hender det dei må forlite seg på utlandet.
- Etter Beijing-konferansen skreiv det polske vekebladet Wprost heilt forferdelig om konferansen, holdt narr av det å drive eiga kvinneorganisering, forvrengte innhaldet i konferansen osv. Vi ønska å svare på dette, men blei nekta spalteplass. Vi gikk da til UNDP og fikk dei til å skrive ein artikkel om Beijing-konferansen, ettersom den var arrangert av FN. Så gikk vi ilag til redaktøren og fikk inn både innlegget deira og vårt som tidligare var refusert.
Men sjølv når vi får pengar hender det regjeringa saboterer. UNDP ga pengar til eit prosjekt om vold mot kvinner i heimen. Den nye regjeringa tok disse pengane og nekta å fortsette prosjektet. Dei seier vald i heimen ikkje er ei offentlig sak, men eit problem innafor familien.
Alt er mye bedre og lettare i Vesten. Dette er eit vanlig omkved å høre både i Polen og andre land som tidligare var bak det såkalla Jernteppet. Denne trua står og sterkt langt ut på venstresida og innafor folkelige organisasjonar som kvinnerørsla og miljørørsla. Fram til 1989/90 var det mildt sagt dårlige kår for uavhengige organisasjonar i Aust-Europa. Når ein skulle bygge opp disse hadde ein lite å bygge på innanlands, og dermed såg ein vestover etter førebilete.
- Om Polen blir medlem i EU vil det bli lettare å kjempe for kvinnene sine rettar, hevdar Kinga Lohmann. - Vi er redde for Russland og vil derfor vere i lag med dei vestlige landa.
I EU får dei frivillige kvinneorganisasjonane pengar frå regjeringane, det gjør ikkje vi.
(Kommentar) Forhandlingane om EU-medlemskap for 5 land i Aust-Europa starta like før påske. Dette er første ledd i ein prosess som vil kunne endre EU frå å vere eit hovudsakelig vest-europeisk fenomen til å omfatte nesten heile Europa vest for det tidligare Sovjetunionen, og til og med delar av denne. Mannen bak SVs snuoperasjon frå anti- til pro-NATO-parti, Erik Solheim, ventar no bare på denne sjansen til å hoppe over gjerdet også i EU-saka. Allereie før folkerøystinga varsla han at om Aust-Europa blei med i EU, da hadde vi ein ny situasjon og da måtte Noreg og vurdere å gå med. Nylig gjentok han dette, og fikk følge av venstreleiar Lars Sponheim.
Men det ser ut som dei upålitelige nei-folka førebels er aleine om å reise denne diskusjonen. Frå ja-folka si side veit dei at det er for tidlig å stille spørsmålet om norsk-EU-medlemskap på dagsorden. Istaden brukar dei som hovudmetode å føre Noreg meir og meir inn i EU gjennom EØS og Schengen. Samtidig lar dei forhandlingane om Aust-Europa gå sin gang og vonar at glansbiletet av EU som tar opp i seg alle demokratiske land skal få stå uimotsagt.
Blant den meir pålitelige del av EU-motstandarane er det merkelig taust om saka. Nei til EU arbeider godt og aktivt mot utvida EØS-avtale og Schengen, men synas å vere lite opptatt av den andre bakdøra, der tilhengarane kan komme overumplande på oss om vi ikkje er vakne.
I eit par reportasjer frå Polen, det suverent største og viktigaste av søkarlanda, har eg forsøkt å gi eit lite glimt av diskusjonen om EU der. I Polen som i dei andre søkarlanda, synas søknaden om EU-medlemskap så langt å ha støtte i eit stort fleirtal i folket. Men motstanden er aukande, og når forhandlingsresultatet etterkvart kjem vil det bli klarare for folk at eit medlemskap ikkje er noko gavepakke frå Vesten som vil føre Aust-Europa inn i himmerike.
Både tilhengarar og motstandarar klagar over minimal informasjon, det finst knapt kritiske røster i media. Samtidig viser dagliglivet i Polen og andre austeuropeiske land ka som held på å skje. Vestlig kapital har på få år overtatt store delar av marknaden for forbruksvarer, mens tilsvarande produksjon i disse landa har måtta gi opp. Dei har allereie kjøpt opp store delar av industrien og landområda, og oppkjøpa vil fortsette. Trulig vil vi få ei ny oppkjøpsbølge før EU-medlemskapen trår i kraft, fordi prisane på eigedom da er venta å stige kraftig.
EU har allereie byrja å styre politikken til søkarlanda. Ein svært restriktiv flyktningepolitikk og stengte grenser mot aust er to av vilkåra for å få forhandle. Aust-Europa er inkludert i EU sine planar for eit motorvegnett for heile Europa, dette tvingar søkarlanda til å satse alt på vegutbygging på kostnad av kollektivtransporten. På samme måte som vi i Noreg har fått eit utall EU-reglar gjennom EØS-avtalen, har dei fått det gjennom assosieringsavtalen og vidare krav i medlemskapsforhandlingane. Ikkje før hadde Sovjetunionen sluppe grepet så var EU på plass og sørga for at dei austeuropeiske landa dansa etter deira pipe.
Dei tidligare framtredande nei-folka som no står i ferd med å hoppe over vil bli tatt imot av EU-tilhengarane med jublande eurofanfarer og tulipaner frå Amsterdam. Plutselig vil orda deira ha ei vekt dei aldri hadde før og dei vil bli hylla på leiarplass i Dagbladet, VG og Aftenposten.
Vi vann med bare 2,2% overvekt for 3½ år sidan. Det er ikkje mye, og sjølv om meiningsmålingane seier at fleire seier nei idag, er vi ikkje trygge. Derfor må no dei ekte EU-motstandarane ta trugsmålet frå EU-utvidinga austover alvorlig. Vi må vise konkret kordan denne utvidinga ikkje er ei samling av Europa, men eit nytt "Anschluss", meir Lebensraum for Kohl og den tyske storkapitalen. Vi må vise kordan dette rammar bønder, arbeidarar og mindre næringsdrivande i Aust-Europa, ka for miljømessige og sosiale konsekvenser ei EU-utviding vil føre til.
Men skal vi gjøre det må vi kjenne virkeligheita i dei nye søkarlanda, vi må kunne vise konkret ka EU sin politikk fører til for dei. Vi må bl.a. innsjå at på ein del område vil dei kunne tjene på EU-medlemskap der Noreg vil tape. Vi må arbeide systematisk med å skaffe oss kunnskap og kontaktar i dei nye søkarlanda. Vi har noko å lære av dei og dei har noko å lære av oss. Ei av dei viktigaste opplevingane mine i Polen var å sjå kor nysgjerrige dei var på røynslene våre. Kordan kunne Noreg seie nei to gonger?
I sør- og mellom-Europa er det i ferd med å bli knytta eit nettverk mellom Aust og Vest. Dette skjer både på statsplan og mellom opposisjonsparti og politiske organisasjonar. På den måten får Aust-Europa inn opplysningar og haldningar frå dei som anten tar EU for gitt eller som arbeider metvete for å styrke det. Den mest kritiske gruppa i EU-parlamentet, dei Grønne, arbeider og for utviding austover.
Men kor er Noreg? Kor er Nei til EU? Kor er nei-partia? Har dei kontaktar i Aust-Europa? Arbeider dei systematisk med å samle inn og spreie informasjon om ka som skjer i forholdet mellom EU og søkarlanda? Gjør dei noko for å la folk i disse landa få del i røynslene våre frå nær 40 års EU-kamp? Set dei av pengar og folk til dette arbeidet?
Eg bare spør, og vonar at nokon kjenner seg kalla til å svare.
(Gdynia) Den norskeigde båten Vestvang har lege i arrest i Gdynia i Polen sidan i fjor haust. Båten blei arrestert fordi reiarlaget Tresvik ikkje hadde betalt lønn til mannskapet på 6 russarar og ein norsk kaptein.
Det var 14. august i fjor at det 1.000 tonn store bulkskipet Vestvang kom til Gdynia for å få utført nokre reparasjonar. 31. mars låg båten framleis på land på marineskipsverftet, og det er ingen teikn til løysing på konflikten. Saka har vore lite kjent i Noreg, men i Polen er ho omtalt i ei rekke lokalaviser, ei riksavis og eit skipsfartsmagasin.
Det er sjøfarts- og fiskeriavdelinga av fagrørsla Solidaritet i Gdynia som har tatt seg av mannskapet sine interesser i saka, i eigenskap av lokal representant for den internasjonale transportføderasjonen ITF. ITF-inspektør Andrzej Koscik tar imot meg på kontoret sitt og syner den store mappa med papir om saka. Sjølv har han gjort mye for å få saka fram i polske media, no ser han gjerne at også norske media tar opp saka og vonar det kan vere med på å legge press på reiaren.
I eit brev reiaren har sendt til ein av dei russiske offiserane ombord 11 dagar etter at båten kom til Gdynia heiter det (vår omsetting frå engelsk):
"Pengane vil bli overført til dykk ein etter ein, først deg, deretter NN og så vidare. Det er naudsynt å gjøre det på denne måten, vi ventar på USD 30.000. Om de ønsker å lage problem for oss og alle andre kan de kontakte ITF. Det einaste som vil skje er at det vil ta mye lengre tid, og vi vil bli brakt inn i ein krigssituasjon. I ein slik situasjon vil det vere bare taparar og ingen vinnarar. Alle de har vore her så lenge at de veit de vil få pengane. Men vi må motta frakta først."
Men dette skremte ikkje mannskapet, snarare tvert om, og 5. september 1997 kontakta 4 av russarane ITF og fortalte at dei ikkje hadde fått lønn i 1997 i det heile. Koscik sendte da krav til reiaren og saka til den polske arbeidsretten med krav om at båten skulle bli tatt i arrest til lønna var utbetalt.
Brevet til mannskapet er undertegna "Terje Vorland, for Kåre Gangstø" og sendt på papiret til A/S Vang Shipmanagement. Men det er A/S Tresvik som er oppgitt som reiarlag for Vestvang. Begge firmaene har adresse postboks 75, 1719 Greåker og samme Terje Vorland skriv og under papir for Tresvik. Vestvang seiler under bekvemmeligheitsflagget til St. Vincent, ein av dei 27 bekvemmeligheitsflagga som vi finn oppslått på veggen på ITF-kontoret i Gdynia til skrekk og åtvaring.
Dette er ikkje første gongen ITF har problem med skip frå Vang-gruppa. Dei har og måtte ta seg av manglande lønnsutbetaling til mannskapet på søsterskipet Østvang, under rederiet Tres-shipping men med samme eigar, først i Szczecin i Polen i fjor vår, så i Skive i Danmark i haust. ITF-magasinet Seafarers' Bulletin nr. 11/97 fortel at det russiske og polske mannskapet gikk til streik i Szczecin og fikk utbetalt $50.000. Da hadde først ITF slått alarm over heile Europa for å åtvare mot reiaren som ikkje betalte hyra som var avtalt for mannskapet på Østvang og dei 5 søsterskipa. Forutan Vestvang og Østvang skal det vere Nordvang, Sørvang, Fjellvang og Fjordvang. Disse er såvidt vi kjenner til eigd av kvart sitt reiarlag med felles operatør.
10. september 1996 underteikna reiarlaget kollektiv avtale med Sjømannsforbundet, Maskinistforbundet og Sjøoffisersforbundet. Denne avtalen har reiaren seinare påstått at var oppsagt og ugyldig, men utan at fagforbunda har mottatt noko oppseiing. Samtidig har mannskapet blitt pressa til å underteikne ulovlige individuelle kontraktar med mye lågare lønn. Men sjølv ikkje denne lønna blei utbetalt.
- I september sendte eg krav til reiaren på over 700.000 kr, fortel Andrzej Koscik. Seinare slutta ein til av russarane seg til kravet, og ettersom dei ikkje fikk betalt, auka det for kvar dag. Kapteinen mønstra først på i juli, så han valde å vente. Samtidig kjente han vel som skipsførar ein viss lojalitet til reiarlaget. Men tilslutt sprakk det for han og, og han ba oss ta saka.
- Å få satt ein båt i arrest er inga enkel sak, fortel Andrzej Koscik. Vi sendte saka til arbeidsretten i Gdynia, men dei avviste først å ta arrest. Så anka vi til appellretten, og der fikk vi medhold. Da var det blitt 21. oktober,og først 21. november tok hamnepolitiet i Gdynia arrest i båten. På grunn av denne tungvinte prosedyren skjer det altfor ofte at skip stikk av før vi får arrestert dei.
Ein av russarane hadde alvorlig sjuk kone heime i Russland og han klarte i oktober å få pengar av reiarlaget så han kom seg heim. Seinare på hausten fikk og fleire av mannskapet utbetalt pengar og dro heim til Russland. Problemet er at verken dei eller reiaren har opplyst til ITF kor mye dei har fått.
- Vi er redde dei har blitt pressa til å skrive under på å godta mindre enn det dei hadde krav på, seier Koscik.
ITF har no på nytt sendt krav til arbeidsretten om forlenga arrest, denne gang på grunnlag av krav frå kapteinen og den russiske maskinisten som framleis er ombord.
Nabobyane Gdansk og Gdynia har tilsaman eit av dei største hamneområda i Europa. Kvar av byane har 3 større skipsverft, derav eit, det tidligare Lenin-verftet i Gdansk, no er konkurs. Men i Gdynia er alle verfta i drift, og for ein utanforståande er det ikkje bare å finne fram i skogen av kraner og båtar. Vestvang ligg på marineverftet, Stocznia Marynarka Wojenny. Sjølv om vi i dag ikkje ser anna militært her enn eit veteranskip som var med i kampane om Narvik og som no skal pussas opp for igjen å bli museum i Gdynia, så er kontrollen militær nok. Sjølv om kapteinen på Vestvang møter oss i porten tar det nesten ein time å få den naudsynte passerseddelen for å få følge med ned til båten, etter at vi har fått endevendt passet, levert frå oss fotoutstyret og skreve under på alle data og halve livshistoria som skal sendas til Warszawa for å komplettere den mappa det polske POT trulig har på oss frå dei beslagla ulovlige intervju med Solidaritets-leiarar på 80-talet.
Verftet er ikkje noko lite område, men etter slalomgang mellom bygningar og skip frå halve verda ser vi det blå skroget til Vestvang. Under Vestvang-namnet i baugen kan vi enno lese det gamle namnet Tevla, som skuta blei døypt da ho blei sjøsatt frå Ørens Mek. Verksted i Trondheim for over 30 år sidan.
- I morgon skal ho på sjøen, seier kapteinen, men har ikkje vidare tru på at dei blir å legge frå land med det første. Han fikk ikkje lange tida på sjøen med Vestvang, det blei ikkje stort meir enn ein tur til Svalbard etter kol. Dette er første gongen han er borti dette reiarlaget, og han kan love at det også skal bli den siste.
Ved landgangen heng ein av dei to russarane som enno er ombord. Kapteinen har døypt han "Abrakadabra" ettersom han ikkje er så sterk i russiske namn, og dette er det næraste vi får lov å komme til å skrive namn på nokon av mannskapet.
- Eg har no vore med på mye rart i alle åra mine til sjøs, men aldri maken til dette showet, seier kapteinen. - Skipperen skal liksom forsvare rederiet, men ein stad går grensa. Da eg passerte 300.000 i pengar tilgode fikk eg nok. Eg kjente ikkje så mye til reiaren da eg tok hyre ombord her, men etterkvart har eg fått høre litt av kvart. Det førre mannskapet tok det visst 10 månader å få finansiert avmønstringa av. Eg trur alle disse Vang-båtane har vore arrestert ein eller fleire gonger. Slike rederi øydelegg for alle som driv seriøst, både hamnestyresmakter og leverandørar må skjerpe inn på alle vilkår når det er reiarar som aldri betaler i tide.
Ombord i båten blir vi tatt med på kapteinens kontor, bak den talande meldinga på døra: "I will be back later". - Som du ser er ikkje standarden noko å skryte av, seier kapteinen, men meiner likevel båten er i brukbar stand for alderen. Direkte farlig er han no ikkje.
Derimot skal ein av dei andre Vang-båtane nylig ha blitt kondemnert etter at Veritas ikkje ville gå god for han. Og standarden på den internasjonale handelsflåten gir all grunn til bekymring. Ein statistikk frå omtalte Seafarers' Bulletin viser at skipa under bekvemmelighetsflagg ligg på topp i ulykker og forlis, og det er knapt tilfeldig. Andelen av flåten som segler under slike flagg har auka jamnt og er no oppe i 46% av verdsflåten. Da er enno ikkje dei såkalla andreregistera som det norske og danske skipsregisteret medrekna.
Vang Shipmanagement hører ikkje akkurat til gigantane i norsk shipping. Firmaet blei stifta 16.2.95 og har ein aksjekapital på 50.000 kr. Alle aksjene er eigd av Kåre Gangstø, som og er einaste styremedlem. Varamedlem er Terje Vorland.
Vi ringer Vang Shipmanagement i Greåker og får først tak i Terje Vorland, mannen som har underteikna dei fleste breva i saka. Når han hører det er snakk om Vestvang, vil han ikkje seie eit ord til pressa, men han er samtidig veldig ivrig etter å finne ut kor vi har opplysningar frå. Han viser til sjefen sin, Kåre Gangstø, som vi omsider får i tale.
- Det er ingen som ikkje har fått det dei har tilgode hos oss, påstår han.
- ITF seier at dokker hadde personlige avtalar med mannskapet som ga lågare hyre enn ITF-tariffen..
- Det er bare sprøyt. Vi har betalt etter ITF og alle russarane som har reist heim har fått etter denne tariffen.
- Ka med kapteinen?
- Den russiske kapteinen ...
- Nei den norske kapteinen.
- Å ja, han, du meiner NN. Han er no eigentlig ikkje kaptein, han er ein slags inspektør, han representerer oss mens båten ligg i Gdynia. Vi har sendt han pengar kvar veke, seinast for to dagar sidan, Han har 150.000 tilgode som han skal ha når båten er ferdig, men det er ein avtale han har akseptert.Og han er den einaste ombord i Vestvang no.
- Er der ikkje og ein russisk maskinist?
- Jo, men han er ikkje ferdig med kontrakten sin, han vil få det han skal ha før han mønstrar av.
- Dokker har og hatt ein anna båt i arrest, Østvang.
- Vi er i rettssak med ITF om den saka, den skal opp for retten i Danmark i løpet av april. Vi har anmeldt ITF for dokumentforfalskning fordi dei har tilbakedatert ein avtale frå september til juni.
Til slutt kjem Gangstø med ei dårlig skjult åtvaring: - Det er dei som har prøvd å skrive om oss før, men dei har blitt tvunge til å trekke det tilbake.
Så vi skal la vere å skrive nokon konklusjon enno. Gangstø har faksa over papir på at 3 av russarane har mottatt den lønna dei hadde tilgode 28.11.97. Men om reiaren har rett i at alle har fått det dei skal, korfor er så båten framleis i arrest. Det er så langt eit ope spørsmål.
(Swietochlowice) Nowy las, "ny skog" er eit omgrep i industriområdet Slask langst sør i Polen. Han er ikkje ny bare fordi at han er planta. Sjølve skogbotnen er og ny, for han består av mange meter tjukke lag av avfall frå gruver og industri. Han er resultat av utvinninga av den skogen som sto her for millionar av pår sidan.
Gorny Slask eller på tysk Oberschlesien er eit av dei største industriområda i Europa. Her låg fabrikkar og gruver tett allereie for hundre og femti år sidan. Dengang fantest ikkje Polen som stat på kartet og grensene mellom Tyskland, Østerrike og Russland møttest nettopp her. Da Polen gjenoppsto som stat etter 1. verdskrigen var dette det vanskeligaste område å trekke grensa i. Befolkninga var blanda tysk og polsk og Versaillestraktaten bestemte at det skulle holdas folkeavstemning i kvar kommune om dei ville høre til Tyskland eller Polen. Tyskarane kjørte inn masse folk slik at dei vann røystingane. I tida 1919-21 gikk derfor den polske befolkninga tre gonger til opprør, med det resultat at Polen berga dei austlige delane av dette sentrale industriområde. Rundt i Slask kan ein enno sjå monument over opprørarane dengongen.
Som industriområde har Slask røter tilbake heilt til til 1500-talet, det starta med bly og sølv-gruver. Seinare blei kol og jern dei viktigaste ressursane og allereie på 1700-talet gjorde gruver og industri dette området til eit av dei tettast befolka i Europa. Sidan har gruvene og fabrikkane omdanna landskapet, jorda, vatnet, lufta og menneska. Ei bok om området utgitt i 1995 fortel om 65 kolgruver, 19 jernverk og 13 kraftverk bare i Øvre Slask. Bare tre år seinare er talet på kolgruver i drift nede i 50 for heile Polen, og etter ein plan den polske regjeringa la fram no i april skal halvparten av dei stengas i løpet av få år. 116.000 av 240.000 gruvearbeidarar vil bli til overs, og det meldas allereie om streikar mot regjeringa sin plan. Gruvene gikk i 1997 med eit samla underskot på 4 milliardar kroner.
Den største byen i Øvre Slask, Katowice, er noko mindre enn Oslo i folketal. Men i Katowice fylke bur det fleire enn i heile Noreg, og i store delar av dette området ligg byane så tett at det er uråd å sjå kor den eine sluttar og neste byrjar.
Pressa inn mellom nabobyane ligg Swietochlowice, ein industriby så gamal at det lokale museet i hovudsak er eit industrimuseum. Her ser vi over hundre år gamle teikningar og bilete av industrianlegg av store dimensjonar. Det som ved første augnekastet synas å vere ei utstilling over kordan det såg ut i ein heim i gamle dagar viser seg og å vere ei lokal industriutstilling, for både symaskinen og porselenet er laga nettopp her. Statuene av industriarbeidarar og gruvearbeidarar er laga, ja nettopp i kol, eit materiale som viser seg å vere godt eigna for bilethogging når han har rette kvaliteten, og når kolet finst i så tjukke lag at ein kan skjere ut bitar på mange kubikkmeter. For her er ikkje som Svalbard med kollag frå ein halv til halvannan meter, kollaga kan vere opp til 20 meter tjukke, og når dei blir dreve ut er det ikkje bare å støtte opp fjellet med jernstempel, slik ein gjør på Svalbard. Mange stader har ein fylt opp med sand og slagg, men det har ikkje kunna hindre at grunnen har sunke, med det resultat at både gamle og nye bygningar sprekk og slår seg skjeive. For byane er bygd oppå kolet, ofte har fabrikkane eige kolgruve slik som jernverket Florian i Swietochlowice.
No fryktar mange at store delar av Slask skal bli eit industrimuseum. For ein industri som forureinar og som samtidig bygger på mye gamal teknologi og utslitte maskinar er ille utsett når Polen no har blitt kasta ut i den kapitalistiske konkurransen for fullt.
Vi besøkte ein av dei største arbeidsplassane i Swietochlowice, motorfabrikken Zgoda. Fabrikken er frå slutten på 1800-talet, her har vore produsert utstyr for kolgruver og sidan like etter krigen er hovudproduksjonen skipsdieselmotorar på lisens frå det sveitsiske firmaet Sulzer. I den store privatiseringsbølga i Polen dei siste åra har Zgoda ramla mellom to stolar. Fabrikken er ein av dei 400 fabrikkane som blei overført til 15 investeringsfond. Aksjene i investeringsfonda blei delt ut til alle vaksne polakkar, dei som ville kunne så selge dei vidare. Fonda har lov å selge ut, men så langt har ingen vore interessert i å kjøpe Zgoda. Interessen er større for å spekulere i aksjer enn for å ta ansvaret for ein stor fabrikk som treng hardt til modernisering. Hovudkundene til Zgoda har vore to skipsverft i Gdansk som begge er konkurs. Ein har ikkje råd å produsere for lager og mistar derfor mange oppdrag. No er og Sulzer kjøpt opp av finske Wärtsilä og det kan vere skummelt for Zgoda, ettersom dei motorane dei produserer konkurrerer med Wärtsilä sine eigne.
Ei runde i produksjonslokala fortel om ein produksjon som har endra seg lite dei siste tiåra. Den eine datastyrte produksjonslinja monnar lite i den store mengden med dreiebenkar og fresemaskinar som forlengst har nådd rimelig pensjonsalder, vi ser maskinar som er opptil 80 år gamle. Men det skal store maskinar til for å frese motorblokker til 18-sylinders motorar når stempla er nesten halvmeteren i diameter, og millionane rullar fort om ein skal skifte dei ut.
Dei omlag 900 arbeidarane på Zgoda har enno arbeid, men yrkesskoleelevane som har praksis her i fabrikken har lita von om å få jobb her når dei har tatt fagbrevet. Den lokale yrkesskolen var tidligare eigd av fabrikken og utdanna stort sett mekanikarar. No er han privatisert, overtatt av ein munkeorden, og elevane må betale skolepengar som tisvarer ein femdel av vanlig månadslønn i Polen. Mekanikarutdanninga er trappa ned til fordel for elektro, snekker og allmennfag.
Den norske diktaren Rudolf Nilsen skreiv eingong i diktet Storby-natt: "- for her er allting skapt av menneskehender, fra lyset ned til stenen ved din fot." I Swietochlowice er ikkje bare byen og fabrikkane skapt av menneskehender. Det er også det som ved første blikk kan gi eit inntrykk av natur. For omringa av byen er det fleire skogsområde, og i skogen er det atskillig meir kupert enn det som elles er vanlig i dette flate landet. Det har si naturlige forklaring. For skogen er planta på enorme slagghaugar og anna avfall. Om vi ser nærare etter finn vi at "jordsmonnet" ikkje er det samme overalt. Nokre stader er det mest gråberg, andre stader knuste teglstein, nokre stader steinblanda kol eller brent slagg frå jernverka.
Det som skil denne skogen frå anna planta skog er at han er allsidig. Her er systematisk laga ei blanding av forskjellige treslag, nokre raskveksande, andre seintveksande. Dermed blir det ikkje så lett å sjå at alt er planta ein gong på 60-talet. Det aller meste er lauvskog. Ein stad har ein gjort forsøk på å plante furu, men det har ikkje gått særlig bra. Brune nåler på meterhøge furuer syner at lufta her ikkje er eigna for nåletre. Denne skogen er ikkje planta for å gi tømmer eller papirmasse, men for å dekke slagghaugane så dei ikkje bles bort og spreier seg utover. Og i mangel av noko bedre duger han til sitt bruk. I allefall til stiar for unge forelska par som går hand i hand i den einaste skogliknande dei har i mange mils omkrets. Småfuglane må og ta til takke med det dei kan få og fyller nyskogen med våryr sang, mens to svaner har slått seg til i ein dam mellom nyskogen og motorfabrikken.
Skog i Mellom-Europa er i det heile noko anna enn det vi er vant med. 28% av Polen er dekka av skog, men det aller meste av dette er anten tømmerplantasjer eller i grenselandet mellom park og skog. I beste fall kan vi snakke om eit kulturlandskap. I heile det mellom-europeiske låglandet som strekker seg frå Atlanterhavet til Ural finst det bare ein opprinnelig skog igjen. Han ligg i grenseområdet mellom Polen og Kviterussland, og i neste artikkel skal vi sjå kordan polakkane tar vare på den siste urskogen.
(Bialowieza) Kampen om den einaste gjenlevande urskogen i Mellom-Europa blir no trappa opp. Dette unike området grensa mellom Polen og Kviterussland er truga av den polske tømmerindustrien med støtte av Verdsbanken.
Det ristar i dei høge trekronene og knakar i greinane. Plutselig hører vi eit brak bak oss. Ein av skogens gamle kjemper har gitt tapt og gått i bakken. Vi vår brått stor forståing for åtvaringa mot å gå i skogen under sterk vind. Vi er i den siste urskogen i Mellom-Europa: Bialowieza.
Ein gong i fjerne tider dekka skogen mesteparten av Mellom-Europa. Det var eit samanhengande skogsområde frå den russiske taigaen og ned mot Frankrike og Spania. Men gjennom tusenåra auka folketalet og snart var nesten heile kontinentet lagt under plogen og øksa. Allereie i mellomalderen var det lite urskog igjen. Bare i eit ørlite område kan ein enno ane kordan forholda var før mennesket omvandla kvar smitt og smule av Europas jord.
Bialowieza-skogen er kjent heilt frå tidlig på 1400-talet, da den poske kongen Wladyslaw Jagiello organiserte ei stor jakt her for å skaffe mat til hæren sin før dei gikk til krig mot dei tyske korsriddarane. Ein annan polsk konge, Zygmunt 1 ga allereie i 1538 eit for si tid svært moderne regelverk for vern av dette skogområdet. Det blei tilsett skogvoktarar og slått hardt ned på ulovlig jakt. Bialowieza skulle nemlig reservaras som jaktområde for kongen og hans folk. Da Tyskland, Østerrike og Russland delte Polen mellom seg sist på 1700-talet, overtok russarane vernet av området, og no var det tsarfamilien som tok over jaktrettane. På 1900-talet fikk tsaren bygd seg eit jaktpalass her.
Etter ein togtur frå Warszawa til Hajnowka er det over på jernbanebussen til endestasjonen med namnet Bialowieza Palac. Her blir vi møtt av Krzysztof, som arbeider på skoginstituttet og er aktiv i foreninga for vern av Bialowieza.
Først fører han oss inn i eit svært parkområde, palassparken er på nærare ein kvadratkilometer. Men kor er palasset? Alt vi ser av større bygningar er eit grått og stygt hotel som ser ut som alt anna enn eit palass. Jo, palasset overlevde både 1. og 2. verdskrigen. Men etter 2. verdskrigen blei Bialowieza-skogen delt omtrent på midten mellom Polen og Sovjetunionen. Grensa blei strukke bare eit par kilometer frå landsbyen Bialowieza, og mange frykta at Stalin ville ha meir. Og tsaren sitt jaktpalass kunne vere eit påskot. Bedre å vere utan palass enn under Russland, var det nokon som tenkte, og dermed sprengte dei like godt heile palasset i lufta. På ruinane bygde dei i staden opp eit hotell så stygt at verken russarar eller andre kunne vere særlig interessert i å ha det. Vi blir innlosjert i "stallen", eit av dei gamle husa som står igjen frå palass-tida. Her hadde dei adelige jegarane tidligare hatt hestane sine, no var det ombygd til turistherberge, og såg atskillig meir trivelig ut enn sjølve hotellet.
Ei av oppgåvene til Krzysztof på skoginstituttet er forsking inne i nasjonalparken. Derfor hører han til dei få som har lov å gå overalt i parken og for to dagar i april har han fått skriftlig løyve til å ta med seg to gjester på ei av rundene sine i nasjonalparken for å sjå til barkebillene.
Morgonen etter regna det, og det gjorde det heile den dagen. Men vi har bare to dagar med løyve til å gå i reservatet og dei må utnyttas, sjølv om regntøy ikkje var det første eg tenkte på å putte i sekken da eg forlot Finnmark i 25 kuldegrader. I Bialowieza brukar det å vere lange kalde vintrar eller mellom-europeisk målestokk, men i år har dei knapt hatt vinter, fortel Krzysztof. No først i april står vårblomane i fullt flor, både blåveis, kvitsymre og slike som ikkje finst på våre breddegrader og ikkje ein gong har noko norsk namn.
Reservatet er skilt frå jordene rundt landsbyen Bialowieza med eit gjerde, og vi går gjennom ein høg port i tre med påskrifta Bialowieza Park Narodowy. Ingen adgang utan følge med godkjent turistguide, fortel skiltet. På innsida blir vi først møtt av minnesteinar over tre forskarar som har lagt ned eit livsverk kvar i denne skogen. I denne skogen er det gjort ei forsking så allsidig at det knapt finst maken, på alt frå insekter til rovdyr, trær og økologiske samanhangar.
Først skal vi gå turistruta, ein sti på 3-4 kilometer mellom gigantiske tre både i ståande og liggande stilling. Vel har vi sett like store tre i Noreg, i alle fall like tjukke. Men da har det gjerne vore einskilde tre. Her er gigantane normalen, og dei finst i fleire slag. Her er eiker med rette tjukke stammer som går 15-20 meter oppover før greinane byrjar å spreie seg ut. Mange tre har hol for fuglereir og hakkespetten sitt arbeid med å lage fleire kan hørast på langt hold. Men på nokre tre heng det ein gamal planke over eit hol langt oppe på stammen. Her har vore bier, fortel Krzysztof, og folk klatra opp over stammen for å sanke honning. Det var ikkje noka enkel sak på trestammer med diameter rundt meteren og 20 meter opp til lågaste greinen.
Når det er så lite natur på så mange menneske som det er i Polen og andre land i Mellom-Europa, kan presset på den siste reine naturen bli ganske stort. Og nasjonalparkstatusen bidrar i seg sjølv i stor grad til å trekke turistar. Mindre har det ikkje blitt av at Bialowieza i 1977 fikk status som ein del av den kulturelle verdsarven på UNESCO si liste. I Bialowieza, på polsk side av denne skogen reknar dei med 150.000 besøkande for året, derav ein stor del utlendingar. Derfor er kjerna i nasjonalparken underlagt svært strenge reglar. Vanlige turistar får bare gå dei 3-4 kilometrane innafor porten. For alle gjeld at ein ikkje får ta med seg noko ut, ikkje plukke ein blome eller ein kongle. Vi finn eit praktfullt hjortegevir som ser ut til nylig å vere felt. Men vi må nøye oss med bilete, for her skal alt ligge i fred og gå tilbake til naturen.
Likevel går det vegar gjennom nasjonalparken. Snorrette smale vegar deler opp parken i ruter på 1x1 km. Her er to tillatte framkomstmiddel: sykkel og hest med vogn eller slede. Sjølve satsar vi på apostlane sine hestar, og det blir ein lang tur, for vi skal tvert gjennom parken og tilbake. Langt inne i parken tar vi av frå stien og Krzysztof tar fram kompasset. Sjølv om han er bra kjent i skogen, er han såpass tett at her er ikkje bare å finne fram. Etter ei stund finn vi nokre tre med rosa sløyfer på. Det er trea som er angrepe av barkebiller. Med nokre månadars mellomrom besøker Krzysztof visse stader i parken for å sjå kordan barkbillene spreier seg. I eit tilsvarande område utafor nasjonalparken gjør dei liknande observasjonar, og så vil ein finne ut kordan barkebilleangrep virkar i urskog i forhold til i skog der det blir hogd og kultivert. Opp av sekken med teikningar, penn og kniv. Etter ein halvtime har eit par nye graner fått rosa sløyfe og blitt merka inn på kartet. Seinare gjør han det samme på ein anna stad, og dagens jobb er gjort. Av og til ser vi andre tre som er merka med sløyfer i andre fargar, det er forskjellige forskarar som har merka dei trea dei forskar på.
Mange stader er det rota alvorlig opp i skogbotn og vi finn ein dyreskitt vi aldri kan hugse å ha sett i norske skogar. Her er det nok villsvina som har vore på ferde. Borte i skogen ein stad kan vi høre dei gryntar, men vi kjem ikkje så nært at vi ser dei.
Langt om lenge kjem vi fram til ei elv. Dette er slutten på reservatet, den delen som har vore nasjonalpark sidan 1921 og som er under det strengaste vernet. På andre sida av elva er det og nasjonalpark, men ikkje så strengt. Så fort vi kjem over ser vi at her er ein anna slags skog, her har vore dreve skogbruk heilt opp til 1996 da nasjonalparken blei nesten dobla i utstrekning. Likevel er bare vel 100 km2, eller ein seksdel av skogen verna på polsk side. På kviterussisk side derimot har dei gjort heile sin del av skogen på nesten 900 km2 til nasjonalpark.
Det er på ingen måte ei overdriving å seie at Bialowieza er eineståande i Europa. Her er ein rikdom av både planter og dyr som ingen andre område i verdsdelen kjem opp mot. Mest kjent av dei 62 pattedyrslaga som finst her er visenten eller den europeiske bisonen, ved sida av villsvin og hjort er her bl.a. ulv og gaupe. Fuglefaunaen omfattar 228 slag, blant dei den sjeldne svartstorken og tre slag ørn. Mest av seg gjør hakkespettane, som høras kor vi går og som set sine tydelige spor både i levande og daude tre. Her er heile 26 treslag og omlag 1000 blomeplanter.
Det fantastiske er den enorme variasjonen i skogen. Her er ei mengde typer og kombinasjonar av treslag, men alt er blandingsskog. Stadig støyter ein på mektige furuer, dei ser alle ut til å vere gamle som alle haugane. Men ungfuru manglar heilt. Til slutt må vi spørre ka det kjem av. - Her var ein stor skogbrann for omlag 150 år sidan, fortel Krzysztof. I det område som brant blei det ope og lyst, og her trivdest unge furuplanter. Men etter dei kom grana og lauvtrærne og så blei det aldri meir nok lys for furua. Så alle furuene her er like gamle, nesten på året 150 år.
Men sjølv denne eineståande rikdomen kan ikkje få vere i fred når pengemakta kjem. For skogbruk er eit av satsingsområda til den polske regjeringa, og eit av dei mest profitable. Det meldas om ein gjennomsnittlig profitt i fjor på 20%! I 1993 ga Verdsbanken Polen eit lån på over 1 milliard kroner for å modernisere skogbruket. Det blei brukt til å kjøpe inn store skogsmaskinar som blei satt inn i flatehogst, bl.a. i Bialowieza. Etter kraftige protestar blei denne flatehogsten stansa igjen for eit par år sidan, men hogginga har likevel heldt fram. Men når skogen blir hogd, minskar og det naturlige leveområdet for dyra, og bestanden av mange dyreslag har gått kraftig tilbake. Nokre pattedyr, som elg, er heilt utdøydd i området, andre er på randa av utsletting.
Nasjonalparken gir omlag 100 arbeidsplassar med vakter, turistguider og forskarar. Her er eit stort skoginstitutt og ein skogteknisk skole. Bialowieza kommune har omlag 3.000 innbyggarar og ved sida av turismen er det skogbruket som har vore hovudnæringa. Mellom disse to næringane er det ein stadig konflikt; jo meir som vernas, jo mindre skogbruk. På husa i Bialowieza kan vi sjå at her har tilgangen på treverk vore bedre enn i mesteparten av landet. Den lokale byggeskikken med trehus er bevart, sjølv om nokre av dei nyaste husa har brukt plastmateriale som panel på hus som ellers er bygd i den tradisjonelle stilen.
Turistsesongen var såvidt byrja, men vi støytte på både nederlendarar, tyskarar og danskar. Og dagen før hadde her vore ein nordmann, kunne dei fortelle. At ein er vant med så ymse slag turistar kunne vi sjå av åtvaringa ved starten av ein natursti like utafor nasjonalparken. "Bare for folk i god fysisk form med solid skotøy", kunne vi lese på fleire språk. Ja, så har vi no ein gong i livet fått bekrefta at vi er i god fysisk form. Alt er jo relativt. Naturstien går til dyreparken. Her kan vi som ikkje har vore så heldig å møte på bison, ulv eller hjort ute i skogen få sjå dei under noko meir kontrollerte forhold.
Bisonen er eit mektig skue på nært hold. Dei største kan bli oppimot eit tonn. Ved inngangen til dette hundreåret var det vill bison igjen bare i to område; i Bialowieza og eit område i Kaukasus. Men under 1. verdskrigen fikk bisonstammen i Bialowieza banesåret og i Kaukasus blei den siste skote i 1927. Det var bare i zoologiske hagar at dei overlevde, på det lågaste var ein nede i 54 dyr. Frå 13 dyr starta så avlen av bison og i 1929 kunne dei første settas ut. 2. verdskrigen ga eit nytt tilbakeslag, men no er ein oppe i omlag 500 dyr i vill tilstand i Bialowieza, halvparten på kvar side av grensa. Etter kvart har ein og kunne sette ut bison i andre skogområde, også i Litauen, Ukraina og Russland. Tilsaman er det no vel 3.000 dyr i verda, vel halvparten av dei i fri tilstand. No er det knappheita på skogområde som seg grenser for kor mye ein kan sette ut og avlen har gått såpass godt at ein på bisonstasjonen i Bialowieza til og med kan selge litt bison til slakt. Stor var overraskinga da vi på hotellet i Bialowieza fann bisonkjøtt på menyen ved sida av hjort og villsvin. Godt var det og prisen var ikkje verre enn omlage 20 norske kroner.
I dyrehagen finn vi og villhestar. Eller så nært som ein kan komme. Av dei store flokkane som ein gong vandra på steppene rundt i Europa, er det bare ein rekonstruksjon tilbake. Det seiast at dei siste ville hestane blei utrydda i førre hundreåret, men nokre reinrasa hestar blei berga i ein zoologisk hage i Polen. Men under nokre av dei mange turbulente tidene landet har vore gjennom, blei dyrehagen lagt ned og hestane gitt til bønder i nabolaget. Der kryssa dei seg med andre hestar og etter nokre hestegenerasjonar byrja ein så arbeidet med å avle seg tilbake til utgangspunktet.
Det hoggast eldgamle tre i Bialowieza kvar dag og ifjor blei det satt nye rekordar i hogst i Bialowoieza. Samtidig aukar presset på styresmaktene for å stanse hogsten og frede heile skogen. I 1995 blei det danna ein aksjon Selskapet for vern av Bialowieza-skogen, og saman med 7 andre organisasjonar har dei danna ei landsomfattande kampanje for å redde Bialowieza. Også i fleire andre land har naturvernarar byrja å ta opp kampen for Bialowieza. Hovudkravet er enkelt; full stopp i hogsten - heile skogen må bli nasjonalpark.
I fjor mottok polske styresmakter eit såkalla europeisk diplom for Bialowieza. Men dette inneheldt og ei tilråding om freding av heile skogen, og bare dersom tilrådingane blir fulgt, vil diplomet bli forlenga om fire år. Miljøverndepartementet skal no sette ned ein komite for Bialowieza der kampanja for Bialowieza blir representert saman med statens skogar, sentrale og lokale styresmakter. Sist fredag var det demonstrasjon i palassparken med stor oppslutning, og dei lovar å trappe kraftig opp om ikkje eit fredningsvedtak kjem snart.
Vil du vite meir om kampen og om livet i skogen, kan du finne informasjon på engelsk på internett: http://bison.zbs.bialowieza.pl.
Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP