Tekstar ved 30-års-jubileet til AKP

Den eksotiske maoismen

av Hans Ebbing

Klassekampen 12. februar 2003

Til AKPs heimeside ||| Meir stoff rundt partijubileet


Mao mot Stalin

Maoismen vart i utgangspunktet skriven inn i den offisielle marxismen-leninismens, m-l, sin ideologiske horisont. Mao si forståing av marxismen vart formidla av m-l slik denne vart formulert som statsideologi under stalinismen. Tillegget "leninisme" var jo ei stalinistisk oppfinning i maktkampen etter Lenin. Marxismen vart omforma frå å vere eit opposisjonelt moment, ein grunnleggande kritikk av maktforholda i samfunnet, til å bli legitimeringsideologi for eit undertrykkande statsapparat og Den kommunistiske internasjonale (Komintern). Etter at opposisjonskreftene (Trotski, Bukharin mfl.) i kommunistpartiet (SUKP) vart knust av Stalin & co i perioden 1926-29, vart marxismen destruert som kritisk moment, ikkje gjennom ein teoretisk kritikk, men i kraft av den funksjonsendring tenkinga gjennomgår ved den reint praktiske overgangen frå opposisjon til posisjon, til statsideologi.

Ironisk nok byrja den kinesiske revolusjonen som ein lang marsj både i teori og praksis bort frå SUKP/Komintern sin tese om den proletariske revolusjonen som ein by-revolusjon. Denne urbanismen leid eit katastrofalt nederlag i blodbadet i Shanghai i 1927 med ein halv million døde. Mao og ei lita gruppe overlevande kommunistar måtte begynne heilt frå botnar med base på landsbygda langt utafor den politiske, industrielle urbanismen sin aksjonsradius. Mao stilte altså m-l på hovudet - i praksis.

Men det var den offisielle m-l som opna døra for Mao sin teoretiske marsj til "marxismen". Stalin si offisielle utlegging av denne "ismen" var for Mao langt viktigare enn Marx sjølv. I den siste fasen fram til 1949 med oppgjeret med Chang Kai Chek etter Japans nederlag i 1945 var Mao dessutan avhengig av at Stalin i det minste ikkje aktivt motarbeidde det praktiske avviket hans frå m-l. Og kva var vel då meir typisk for Mao sin pragmatikk enn å heidre Stalin i ord, samstundes som han praktiserte det motsette av kva Stalin sa han skulle gjere?

Maoisme på kinesisk kunne derfor aldri bli noko anna enn eit udialektisk tillegg til m-l. Våre maoistar forstod lite av denne ikkje-dialektikken og tok m-l + Mao-tenkinga bokstavleg, samstundes som dei var trugne stalinistar. Norsk maoisme vart både eit offer for og eit produkt av dei interne kampane i Det kinesiske kommunistpartiet (KKP) på 60-talet då mao-tenkinga av den eine fløya, Lin Piao m.fl., vart framheva i maktkampen mot revisjonistane.

Maoistane

Mao sin utopisme med "Det store spranget" kring midten av 1950-åra vart ein katastrofe. Han kunne etter dette ikkje overleve politisk utan å øydeleggje den meir pragmatiske opposisjonen i partiet under Liu Chao Shi ("Kinas Krustsjov"). Det einaste som stod att, var å kjempe for å behalde makta og dei privilega som følgjer med, noko Mao forstod seg godt på. Det var Kulturevolusjonen si oppgåve med Den vesle raude som viftande vimpel framføre 4 millionar raudegardistar på Den himmelske freds plass. Maos Tankar vart eit internasjonalt fenomen.

Dei materielle og kulturelle føresetnadene for at mao-tenkinga kunne ha relevans i ein europeisk samanheng, var uendeleg forskjellige frå forholda i Kina. Kva var det då med denne "tenkinga" som likevel gjorde at ho fekk entusiastiske disiplar her? Kva var det i den politiske og sosiale situasjonen til delar av ungdomen og intellektuelle i Europa som gjorde dei mottakelege for noko så eksotisk? Eller var det nettopp det eksotiske ved ho, som gjorde ho tiltrekkande, til den reine "vekkelse", i følgje Dag Solstad, vår fremste maoistiske litterat? Av Mao lærte dei at den politiske makta spring ut av geværløpet (i Kina). Men parolen om væpna revolusjon i Norge kunne berre vere til indre oppbygging og sjølvsuggesjon. Det har POT stadfesta med si omfattande overvaking av maoistane utan å finne så mykje som ei einaste uregistrert salongrifle, ikkje ei einaste våpenøving eller førebuing til slike, ikkje ei einaste ulovleg politisk handling - berre retorikk. POT har - med si kriminelle overvaking - reinvaska maoismen på norsk for einkvar mistanke om politisk kriminalitet.

Kulturrevolusjonen og vi

Det elementet i Mao sin politikk som hadde størst innverknad på dei vestlege intellektuelle, var nok ikkje bondekrigen, men førestellinga om Den store kulturrevolusjonen som ein verkeleg revolusjon.

Det som gjorde Kulturrevolusjonen interessant utafor Kina, var at den først vart oppfatta som ein kritikk av den senile sovjet-kommunismen, m-l i original. Mange ikkje-maoistar var - før fakta kom på bordet - ungdommeleg opne for å sjå på denne revolusjonen som ein revolusjon av revolusjonen, og dermed ei gjenvinning av eit revolusjonært revolusjonsbegrep i samsvar med den indre dynamikken i ein verkeleg revolusjon som omfattar ikkje berre dei sosiale, økonomiske og politiske tilhøva, men også dei kulturelle og forholdet mellom kjønna. Kort sagt den permanente revolusjon - noko venstresida i Europa hadde (og har!) eit reelt behov for.

Nettopp for dei intellektuelle, kulturarbeidarane, er tanken om ein kulturrevolusjon tiltrekkande ettersom dei då vil spele ei sentral rolle, både som subjekt og som objekt for revolusjonære handlingar. Å bekjempe "feilaktige idear" blir viktig, også hos ein sjølv ("sjølvkritikk"). For dei norske maoistane passa dette som fot i hose med deira førestellingar om Partiet si rolle som fortropp. Med utgangspunkt i sin eigen situasjon, som studentar og kulturarbeidarar, såg dei seg naturleg som kimen til denne fortroppen. I samsvar med dette kunne fortroppen i 1976 "sjølvproletarisere" seg for å overta leiinga av arbeidarklassen med det revolusjonære potensiale som alltid låg på lur, men berre så alt for sjeldan vart utløyst - av mangel på ei forløysande leiing.

Dei norske maoistane forstod aldri maoismen ut frå den historiske, konfutsianske samanhengen som den var eit produkt av. Det eksotiske ved han overdøyvde det verkelege ved han. Men i Kina er ikkje maoismen eksotisk, men heimleg. Det eksotiske ved han seier derfor meir om den situasjonen dei vestlege tilhengarane forstår maoismen ut frå, enn om maoismen sjølv. Mao var jo tvert om kynisk og samstundes utopisk maktorientert langt ut over fatteevna til ein norsk gjennomsnittsmaoist.

Då superrevisjonisten Deng tok over etter Mao sin rette arving (etter Lin Piaos uklare død), Hua Guo Feng, og etter oppgjeret med Firerbanden, byrja tvilen å melde seg også for gjennomsnittet. Og då regimet til Mao sin utopisk-fanatisk allierte, Pol Pot, vart avslørt for sine reinsingar i Kambodsja, og det dessutan viste seg at det nye regimet i Kina saman med USA allierte seg med Pol Pot mot det nye Vietnam, vart forvirringa total. Fire år etter at Vietnam-krigen var slutt, invaderte Kina Vietnam i ein "straffeekspedisjon" fordi Vietnam hadde rykt inn i Kambodsja og jaga bort terror-regimet til Pol Pot og slik berga livet til over ein million menneske. Då måtte alle som enno ikkje hadde mist den siste rest av evne til sjølvstendig tenking, forstå dei hykleriske stormaktsintensjonane i Kina sin "solidaritet" med "den tredje verda", eit begrep som i si tid vart lansert av Mao. Leidetråden i denne stormaktspolitikken hadde lenge vore at den måtte vere den motsette av Sovjetunionen sin politikk i dei aktuelle områda, noko som ofte gjorde Kina til ein taktisk alliert med USA, til stor skade for dei anti-imperialistiske kampane i den "tredje verden" og førte til auka oppsplitting av venstresida i Europa.

Etter dette har maoismen mist all si tiltrekkingskraft på venstresida og blitt ein parentes som ein helst vil gløyme. Men ei slik fortrenging er ikkje ufarleg. Vi vil då aldri vil få svar på spørsmålet om kvifor så mange vestlege intellektuelle kunne ta så fanatisk feil. Eit kritisk svar på dette kan komme til nytte neste gong det oppstår eit politisk-ideologisk fenomen som verkar tiltrekkande på ei stadig veksande gruppe av nye kulturarbeidarar - ideologiprodusentar - under ein stadig meir aggressiv og liberalistisk seinkapitalisme. Det er ikkje gitt at ei slik rørsle vil vere ei venstrerørsla.

Folket

Det andre fenomenet i mao-tenkinga som hadde stor tiltrekking, var folket. Men Mao sine referansar til folket i eit enormt land med tunge konfutsianske tradisjonar og heilt andre former for politikk, gjorde dette folke-begrepet totalt ubrukeleg i ein høgindustriell, moderne samanheng, med fagforeiningar, partimangfald og parlamentarisme. Det førte til at maoistane aldri fekk grep om den samansette klassestrukturen i Europa generelt og i Norge spesielt, og korleis politiske praksisar her er forma ut frå kampane i denne spesifikke klassestrukturen. På grunn av m-l sin organisatoriske dominans ved universiteta førte dette til ei fordumming av den teoretiske debatten som alltid er så viktig for sosialistar. I mao-tenkinga vart folket ein diffus, overgripande storleik, god på botnen, men ute av stand til å vite sitt eige beste berre ved seg sjølv - heilt i samsvar med det autoritære, konfutsianske innslaget. Følgjeleg hadde det behov for eitt, og berre eitt parti, AKP(m-l), til å sortere, redigere og organisere dei interne "motseiingane i folket" på ein korrekt måte opp mot "hovudmotseiinga mellom folket og fienden". Det betydde at folkelege opprør må vere gode fordi dei er folkelege, noko ein kan hive seg på, for så å overta leiinga av dei! Maoistane vart slik "prinsippfaste" politiske spontanistar.

Trua på folket sin grunnleggande gode karakter samsvarer med maoistane sin politiske moralisme. Etikk erstattar då politikk som får eit sterkt moraliserande, autoritært drag, ein kamp mellom Det gode og Det vonde, for å vinne gjenklang i den moralske klangbotn i Folket. Som ein skjønar, gjeld dette også for resten av norsk venstreside, om enn ikkje like sterkt, og ikkje berre for venstresida. Det gjer politiske diskusjonar vanskeleg, då konkurrentar lett blir oppfatta som fiendar alt i utgangspunktet.

Her opplevde vi altså eit samanfall av fortroppskomplekset med ei romantisk, forståing av folket. Ut frå denne romantikken kan ein aldri forstå at nettopp som følgje av at interessene i "folket" er motsetningsfylte, vil desse interessene måtte organisere seg i fleire parti, som dels kan gå i alliansar, dels vil motarbeide kvarandre, og at ein slik politisk pluralitet ikkje berre er legitim, men nødvendig dersom sosialisme skal vere mulig som politisk og økonomisk demokrati.

Men for maoistane vart det ei viktig oppgåve å bekjempe alle politiske parti som i kraft av si reelle, ikkje berre innbilte, forankring i visse delar av "folket", på noko vis kunne truge m-l sine aspirasjonar om å vere leiande. Følgjeleg vart SF, og seinare SV, utropt til "den taktiske hovudfienden". I tråd med den kinesiske stormaktspolitikken sine intensjonar var vi den "svartaste reaksjon" og "femtekollonne for sosialimperialismen", Sovjetunionen, "kapitalismen i sitt høgaste stadium".

Dette sludderet er nå historie og forholdet mellom SV og maoismen sine utvatna arvingar, RV, er slett ikkje antagonistisk. 30 år etter maoismen sitt høgdepunkt har dei problem med å skilje seg klart frå kvarandre på ein måte som er dekkande i forhold til dei interesser dei meiner seg å representere.